Norsk Kvedarforum skipar i samarbeid med Trøndelag Folkemusikklag og Bakke Menighet til kvedarseminar i Trondheim 10.-12. september. Tema er songtradisjonar frå Midt-Norden og Olavstradisjonen i kyrkjeleg og folkeleg form. Laurdag og sundag blir det kvedarverkstad med Tone Hulbækmo og Frode Nyvold, medan det fredag blir konsert i Rådsalen med Henning Sommerro, Anne Kleivset, Frode Nyvold, Tone Juve, Tone Hulbækmo og svenske Emma Härdelin.

Henning Sommero (Foto: Skjervøy Kommune).

Konserten i Rådsalen (Biblioteket) er med Henning Sommerro, Anne Kleivset, Frode Nyvold, Tone Juve, Tone Hulbækmo og Emma Härdelin.

Sommero og Kleivset er begge tradisjonsberarar av den vokale folkemusikken på Nordmøre – Sommero mest gjennom sin store kunnskap om samlingane etter Edvard Bræin m.fl., og Kleivset med sin songtradisjon etter Magnhild Almhjell.

Frode Nyvold og Tone Juve kved i trøndertradisjon, madan Hulbækmo vil synge songar frå Nord-Østerdal. Med dette er også tre av landets fremste kvedarar på plakaten. Emma Härdelin er av dei fremste folkesongarane i Sverige, kjent frå m.a. Triakel og Garmarna.

Fredag til sundag blir det seminar på Bakke gård.

— Vi startar fredag med perler frå Rff-arkivet ved Bjørn Aksdal, fortel Ingvill Marit Buen Garnaas. – Rådet for folkemusikk og folkedans sitt arkiv i Trondheim er det største folkemusikkarkivet i midt-Norge, og dei vil by på gamle opptak av folkesongarar frå distriktet.

Laurdag og sundag blir det kvedarverkstad (master class) med Tone Hulbækmo og Frode Nyvold.

— Deltakarane får individuell rettleiing i grupper, og må ha førebudd 1-2 songar for framføring. Tone Juve og Emma Härdelin vil halde tradisjonelle kvedarkurs; Tone med songar frå Trøndelag og Emma med viser frå Jämtland. Anne Kleivset held kurs i Fingergullsmesse og gregoriansk song. Fingergullsmesse er den 12. september, og det er såleis eit godt høve til å ta for seg delar av Fingergullofficiet, seier Buen Garnås.

— Hans Iversen frå Færøyane vil gje oss ei innføring i folkeleg songtradisjon frå Færøyane, m.a. Kingosalmer og ballader om Olav den Heilage. Iversen er oppvaksen med ein levande songtradisjon, og har m.a lært songar etter farfaren.

Laurdag kveld blir det møte med tradisjonsbærarar frå Trøndelag. Geir Egil Larsen leiar det heile, og gjestar er mellom anna Arve Martinsen, Leif Løseth og Svein Kveli. Her blir det innslag av viser og slåttetralling. Sundag vil fleire lærarar og kursdeltakarar delta under gudsteneste i Bakke kirke.

Skriftleg påmelding bør skje innan 15. august til:

Norsk Kvedarforum
v/ Jarnfrid Kjøk
Vallegt. 17B
0540 Oslo.

Oppgi om du skal på konsert, og om du vel kvedarverkstad (master class) eller kvedarkurs.

Kursavgift på kr. 1000,-/ 850,- (medl.av Norsk Kvedarforum) og evt. konsertbillett på kr. 150,- betalast til konto 4459.06.30559 innan 15. august. Enkel overnatting kan tingast på Vandrarheimen på Rosenborg, ikkje langt frå Bakke Gård.

Meir informasjon kan du få ved å kontakte Norsk Kvedarforum ved seminarleiar Jorunn Sterten Melhus på 98248108, eller via jorstert@online.no.

Publisert:

Del: