Kva skal ein ta tak i når ein skal forske på kunst og kultur i barn og unge sine liv? Kva skal ein sjå etter, og kven skal sjå?

Trondheim Symfoniorkester har en pingvin som introduserer familiekonsertene. Pingvinen Bismarck, Lillesøsterkonsertene og filmkonserter for hele familien er prosjekter som stadig er i utvikling, og tilpasset barn i alle aldre., © Foto: Christian Nilsen / TSO

Dei siste tiåra har det vore mange store satsingar innan både produksjon og formidling av kunst og kultur til barn og unge. Mange av desse har vore gjenstand for forsking og evaluering etterpå. I 2017 skal Norsk Kulturråd setje i gang nok eit nytt forskingsprogram — om barn og unge og kunst og kultur. Mandatet er omtrent like vidt som om ein snakka om 40-60-åringar sitt tilhøve til kunst og kultur i det heile, og det gjer at vi treng å trekke opp grensene.

Med deltakingsperspektivet, som blir stadig viktigare, vert det stadig vanskelegare å skilje kunsten frå mennesket. Då kjem vi raskt inn i fagdisiplinar som pedagogikk, filosofi og sosiologi. For kvar sluttar kunsten og kvar byrjar resten av verda? Kvar sluttar kunsten og kvar tek mennesket til? Og kva for eit menneske i kva for ein samanheng, forresten?

Kva og kven?
I midten av februar inviterte Kulturrådet til innspelsseminaret «Perspektiver på kunsten og kulturens plass i barn og unges liv» for å få idear til korleis forskingsarbeidet bør skride fram. Gjennom dagen blei det stadig meir tydeleg at nettopp klåre avgrensingar og kritiske tilnærmingsmåtar er naudsynt for å bringe forskinga på feltet vidare. Med dét er det slett ikkje sagt at ein skal forske på kunsten åleine. I svært mange samanhengar, ikkje minst dei digitale, har mottakaren ein naturleg plass i den kunstnarlege samanhengen. Dette har kunstinstitusjonar og produsentar teke til seg, og dei legg opp til interaktivitet og aktiv medverknad. Det gjer det vanskeleg å sjå kunsten lausriven frå personane den er knytt opp mot.

Kva for kriterium skal ein så gå etter om ein ikkje kan skilje kunsten og barna?

Gunnar Danbolt Foto: Nina Aldin Thune /CC BY-SA 2.5

Er barnekultur kunst?
Og kva med omgrepa kunst og kultur? Dei to har i mange samanhengar vore nytta nærast synonymt i samband med barn, og ein del kunstnarar har vore kritiske til dét. På innspelseminaret hadde kunsthistorikar Gunnar Danbolt ein spanande gjennomgang av synet på barn i kunsthistoriske samanhengar, og han stilte viktige spørsmål om det til dømes er rett å sjå på barneteikningar som kunst. Teikning som aktivitet har alltid vore viktig i leiken til barna, og leiken er essensiell i barnekulturen. Men leiken er prosessorientert, og det ferdige produktet, teikninga, er ikkje alltid så interessant for barna. Slik sett er det absurd at vaksne heng teikninga opp på kjøleskåpet og beundrar produktet. Med dette blir det lite heldig å sjå på barneteikningar som kunst, meinte Danbolt.

Gjennomakkompagnert kvardag
Kva skjer i den moderne kvardagen til mange ungdomar, som er full av musikk frå morgon til kveld? Når ein går med musikk på øyret store delar av døgeret får musikken ein bruksfunksjon. Likevel meldar mange ungdomar om at dei har store opplevingar av musikken dei høyrer på, ifølge Anja Nylund Hagen, som har forska på ungdom sin bruk av tenester som Spotify og Wimp.

Anja Nylund Hagen Foto: Alf Tore Øksdal, UiO.

I eit interessant innlegg la ho fram funn som på mange måtar vitnar om at musikkopplevinga kan vera med å setje heile kvardagen inn i, om ikkje eit nytt lys, så i alle fall ein ny lyd. Samanhengen mellom musikken og den som tek han imot er ikkje berre nær, men ein symbiose. I forlenginga av dette fortalde Nylund Hagen om korleis 17-18-åringar vel musikk frå ymse ulike sjangrar og nyttar sjangeromgrepa på sine eigne måtar. På denne måten står både den klassiske sjangerinndelinga og bruksområda for fall. Musikken blir ein identitetsmarkør som er med på å byggje opp og understreke den du er der og då.

Mot evig ungdom?
Men er dette «sanselighetens nye rom» som Eivind Røssaak tala om i sitt innlegg? Og er det sant som han seier: Gjer den gjennomdigitaliserte tida at skilja mellom vaksne og barn blir mindre og at vi ikkje eigentleg veit kven som er vaksne og kven som er barn fordi alle vil vera unge?

Røssaak meinte at det klassiske «top – bottom»-idealet, der dei vaksne skal lære dei unge noko, er i ferd med å forvitre. No er det mest motsett: Dei unge lærer opp dei vaksne. Ei tiltakande inkorporering av ein ny ung, mediebasert delingskultur endrar sanselighetens rom og gjev kunst som deling eit nytt innhald, var Røssaaks konklusjon.

Eivind Røssak under seminaret. Skjermdump fra strømmesendingen.

Kven skal forske?
Kven er det som skal forske på barn og unge og kunst? Og kva skal det forskast på? Lisa Marie Nagel frå Norsk Barnebokinstitutt refererte til ulike forskingsprosjekt innan barneteater og -litteratur frå 1976 til no, og det vart synleg at mange tankar er tenkte for ei god stund sidan. Nagel meinte at det bør blir forska meir på tvers av fagfelta og gjerne av kunstnarane sjølve.
Tradisjonelt har den kunstfaglege forskinga stort sett gått føre seg i avgrensa kunstfagmiljø, og barnekulturen blir forska på i pedagogiske miljø. Dette bør kunne setjast saman i større heilskapar. Nagel ser det som naudsynt å forske, ikkje berre på, men med barn og ungdom, og med dette bør ein bort frå den klassiske, verksanalytiske tilnærminga. Kombinert med forsking frå kunstnarane sjølve kan ein kanskje lukkast med å få ei forsking som går innanfrå og ut og ikkje det motsette.

Lisa Nagel. Skjermdup fra Kulturrådets strømmesending

Sjå kva som rører seg i forskingsfeltet elles!
Kva for spørsmål er det presserande å ta tak i, vart det spurt i den påfølgjande paneldebatten. I panelet sat så ulike folk som dansekunstnar/professor Tone Pernille Østern, Boel Christensen-Scheel frå Høgskolen i Oslo, Elin Eriksen Ødegard, som er professor i pedagogikk og barnehagepedagogikk på Høgskolen på Vestlandet, Viggo Vestel frå senter for arbeislivsforskning, ved Høgskolen i Oslo og Jorunn Spord Borgen, ved Norges Idrettshøgskole og er leiar for BIN (Barnekultur i Norden).

Boel Christensen-Scheel understreka at vi bør sjå meir på kva som skjer på forskingsfeltet elles og bli inspirert av det. Barn og unge må ikkje bli annleisfeltet der ein berre observerer utan å stille kritiske spørsmål. Ho fekk fram latteren i salen då ho snakka om at ein ikkje dyttar ei gruppe vaksne folk inn i Nasjonalgalleriet berre for å gå etter og observere dei. Ein veit kva ein vil finne ut av, og ein stiller klåre og kritiske spørsmål. Det bør vi gjera når vi skal finne ut av opplevingane til barna òg. Dessutan er det viktig å stille seg kritisk til den store kommersielle påverknaden som finn stad gjennom den digitaliserte, multimediale kvardagen, meinte Christensen-Scheel.

Jorunn Spord Borgen står sjølv bak mange av dei store forskingsarbeida i feltet dei siste åra. Ho har vore med å evaluere både Den kulturelle skulesekken og prosjekt som Lillebox, Trafo og Klangfugl, som alle var pionerprosjekt og radikale i si tid. No kan vi stille andre spørsmål på bakgrunn av det vi alt veit. Barnekulturforskinga kan bidra til å utvide estetikken til å bli ein informert vitskapsdisiplin, meinte ho.

Spanande tider i møte
Frå salen kom det mellom anna klåre ynskje om offensiv formidling av forskingsresultata, så alle som jobbar med kunstformidling til barn og unge kan dra nytte av det som kjem fram. Då kan dei òg bruke forskingsresultata til å slå i bordet for overordna. Dette er noko både Kulturrådet og andre forskingsinstansar og vi som arbeider med formidling bør ta til oss.

Det er svært mykje upløydd mark, og vi går spanande tider i møte hvis ein vågar å prøve å løyse opp dikotomiane og heller prøve å sjå samanhengar mellom fagfelta. For oss som er opptekne av å forstå korleis barn i alle aldrar opplever ulike former for kunst, kan meir fagkunnskap om dei prosessane som foregår i ein liten kropp og hjerne når ho eller han tek imot til dømes musikk vera svært interessant.
Vær obs på ungdomsfella

Naturleg nok ser det ut til at den gjennomdigitaliserte kvardagen til ungdomen vil bli eit forskingsområde vidare. Om det skjer i dette Kulturrådsprosjektet eller seinare veit eg ikkje, men det vil kome. Det er så viktig at ein ikkje kan unngå å ta tak i det.

Likevel håper eg at ein ikkje i iver etter å forstå ungdomen går ukritisk inn i dette feltet. Det er spanande å høyre om korleis ungdomen lydset sin eigen kvardag ved hjelp av ein kontinuerleg musikkstraum. Samstundes veit vi allereie ein del om negative konsekvensar av den moderne kvardagen der folk konstant delar merksemda si på fleire felt. Vaksne går på mindfullnesskurs for å lære å vera til stades i seg sjølve. Folk installerer appar for å hindre seg sjølve i å hoppe ut av det dei held på med og inn i sosiale medier. Det er svært mange som finn det vanskeleg å halde fokus på ein ting lenge av gongen.
Og her kan kunsten ha ei viktig rolle som vi ikkje må miste av synet. Kunsten kan gjera det mogeleg å halde fokus på ein ting og gå innover i seg sjølv i staden for å spreie seg sjølv utover. Dét kan bli viktig i framtida. La oss ikkje gløyme det.

Publisert:

Del: