ANMELDELSE: Rune Grammofons labelkveld viste oss kva som er selskapets kjenneteikn nummer ein: kvalitet i alle ledd.

Bushmans Revenge, © Olav Opsvik

Torsdag 21.11 var det duka for ein heilaften ved Nasjonal jazzscene der eit av Noregs fremste plateselskap viste fram tre utvalde aktørar for eit svært interessert og lyttande publikum. Sidan dei første utgjevingane med Supersilent og Arne Nordheim i 1998 har Rune Grammofon, i likskap med storleikar som til dømes ECM, for lengst blitt eit kvalitetsstempel i seg sjølv.

Denne kvelden fekk vi sjå og høyre eit ganske nytt band, Krokofant, samt to av selskapets flaggskip: Maja Ratkje og Bushmans Revenge.

Gutteromsjazzrock
Trioen Krokofant såg dagens lys ved Kongsberg jazzfestival for to år sidan. Axel Skalstad på trommer og Tom Hasslan på gitar har fått med seg den hakket meir røynde og profilerte saksofonisten Jørgen Mathisen, mellom anna kjend frå The Core. I februar slepp bandet sin platedebut på Rune Grammofon.

Saman skaper dei gutteromsjazzrock som kan innfri dei fleste tenåringsdraumar. Med heftige riff og intense, seigt oppbygde strekk er ikkje Rune Grammofons samanlikning med King Crimson og tidlegare Shining feil. Men sett opp mot slike progband, der nye tema og seksjonar stadig melder seg til milelange låtar, vert Krokofant nærmast minimalistisk. Med eit til maksimalt to stive og unisone riff for kvar låt vert det ved første inntrykk meir statisk enn progressivt, men i forlenginga av det blei det Krokofant klarte å skape ut av eit enkelt riff svært imponerande.

I løpet av det vel korte settet fekk både Mathisen og Hasslan nemlig utfolda seg med passe lange soloar over intens kverning på eit einskild riff – utan at det var kjedeleg eit sekund.

Sjølv om riffa til Krokofant er enkle strukturar i seg sjølv, er ikkje desse små temaa simple. Det var raskt og presist, gjerne med skeive taktartar og vanskelege markeringar.

Små nyansar og variasjonar, som til dømes rytmiske forskyvingar av det opprinnelege riffet, heldt intensiteten oppe og vidareførte den til nye nivå. Særleg Skalstad bak trommene får utfolde seg og musisere over dei hektiske riffa, med stadig nye posisjonar, brytningar og rytmer.

Lovande band
Frå eit fabelaktig Slingerland-sett, for anledninga lånt av Gard Nilssen (Bushmans Revenge), kom det rullande, djupe lydar og heftige vendingar (Ein anna trommeslagar, Erland Dahlen, har laga eit heilt album dedikert til eit slikt trommesett).

Tre-elementa i Slingerland-settet skaper ein mykje rundare lyd enn ein vanlegvis finn i slik rocka musikk, og sjølv om Skalstad i etterkant kunne fortelje at det ikkje er heilt enkelt å tilpasse seg settet, tilførte det ein både oppslukande og omfavnande, varm sound.


F.v. Tom Hasslan (gitar), Axel Skalstad (trommer) og Jørgen Mathisen (saxofon). Foto: Olav Opsvik

Skalstad viser eit vidt repertoar og variert spel som var heilt avgjerande for opplevinga av denne konserten.

Både Hasslan og Mathisen har stort overskot teknisk og la ingen dempar på trøkket og energien. Det einaste eg har å utsette på denne vesle konserten er at den var for kort til at gruppa eit perfekt sett formmessig, der ein kan nå eit slags klimaks og spele seg ferdig. Men dette er eit band ein definitivt vil høyre meir frå framover, og eg gler meg!

Solid støy
Før det skulle bli meir 70-tals inspirert jazzrock fekk vi eit lite solosett frå Maja Ratkje. Ho er for tida aktuell med bok og er elles ein av våre mest røynde aktørar både som improvisatør og komponist.

Ratkje er eit godt døme på korleis evner innanfor desse to felta går hand i hand. Det korte, improviserte solosettet var elegant gjennomført heile vegen, og framstod nærmast som ein nøye planlagt komposisjon.

Med hjelp frå eit breitt arsenal av effektboksar, speledåsar, ein theremin og diverse duppedittar og hennar eiga stemme, skapte Ratkje eit fyldig klangbilete. Ambient støy, krydra med perkussive lydar og litt synging frå Ratkje og thereminen skapte ein heilskapeleg sound der desse ulike elementa utfylte kvarandre godt.

Les også: En midtnorsk post-hippie-bohemia

Slik musikk kan ofte vere søkande og i verste fall veldig nølande, der ein gjerne jobbar lenge med eit konsept utan å eigentleg kome seg vidare på ein naturleg måte. Men Ratkje såg ut til å ha total oversikt over heile frekvensspekteret og tok musikken vidare lenge før nokon rakk å lure på kva som skulle skje. Det virka som Ratkje alltid var tre steg framfor oss som høyrde på.

Strekket hennar fekk med det ei naturleg og engasjerande oppbygging, der alle nye element gav meining og det oppstod ein slags harmoni (til trass for mest dissonans og støy), slik at eg som tilhøyrar blei avslappa og komfortabel. Med anna improvisert musikk ventar ein gjerne spent på kva som skal skje, men Ratkje “frigjer” oss frå det elementet.

I tillegg var det naturlegvis fin musikk! Med lengtande topptonar, suggererande bass og behageleg støykrydder som knyta det heile saman.


Maja Ratkje framførte eit kort, improvisert solosett. Foto: Olav Opsvik

Vilt bra buskemann
Som nemnt er Krokofant samanlikna med eit av Noregs mest profilerte band, Shining. Underteikna har gradvis mista interessa for Shining etter at gitarist Even Helte Hermansen forlot gruppa, og uttrykket gjekk bort frå den rufsete stilen han representerer til meir steril progmetall.

Men Hermansen har heldigvis ikkje forsvunne frå eteren, og saman med resten av powertrioen Bushmans Revenge slepper han no sitt sjette album på ti år.

Bushmans Revenge er på ingen måte eit originalt konsept. Uttrykket er trygt plassert ein stad mellom Jimi Hendrix og den litt mindre berømte Trio of Doom. Syttitalsrock og lange gitarsoloar har ikkje vore mangelvare dei siste 30 åra, men likevel meiner eg at Hermansen, med Gard Nilssen på trommer og Rune Nergaard på bass, fortener meir merksemd enn dei får i dag. Fordi det er så bra!

Les også: Etikett på livstid

Enkelt
Konseptet er enkelt: fine små låtar og groovy riff som vert presentert, deretter improviserte strekk der riffa vert jobba med medan intensitet, og gjerne tempo, aukar og aukar til ein ikkje klarer meir og tek det ned til ei ny låt.

Det kan høyrest kjedeleg ut, men med Hermansens rike og detaljrike gitarspel og ein rytmeseksjon som skapte eit så elastisk og enormt fengande bakteppe blir det alt anna enn det.

Gitarlyden til Hermansen var både røff, skitten, varm og rund på ein gang. Og alle val han tok medan han leika seg over dei enkle, små, låtane blei gjort med sterk overbevisning og tydeleg retning. Av og til er det heftig, og av og til er det vakre harmoniar og tilnærma rein lyd. Heile vegen er det skremmande bra.

Les også: Skimrende, stolt, alene og med et lurt blikk

Gard Nilssen la ingen dempar på stemninga bak sitt tidlegare nemnte Slingerland-sett. Saman med Nergaard fungerte dei under store delar av konserten som eit einskild organ, samtidig som begge to har evne til å overraske og overskot til å leike seg med materialet dei kverna på.

Riffa og gitarsoloane blei bygd opp til intense formtoppar og noko av det mest imponerande denne kvelden er kanskje at alle i publikum klarte å bli sitjande pent gjennom ei slik utblåsing.

Men dette er musikk det er verdt å konsentrere seg nøye for å lytte til. Eit enkelt og nesten banalt konsept, meisterleg gjennomført.

Kvalitetslabel
Rune Grammofons labelkveld viste oss kva som er selskapets kjenneteikn nummer ein: kvalitet i alle ledd. Og det er ein god ting at det denne kvelden blei mest fokus på den meir rocka sida av selskapets artistpark.

Det er deilig å bli minna på kor bra slik musikk kan vere, berre det er rette folka som spelar.

Publisert:

Del: