– Administrerande direktør i Bergen Filharmoniske orkester, Lorentz Reitan, reagerer på min presentasjon av orkesteret sitt sesongprogram i artikkelen “Ein levande orkesterkultur – ein utopi?” av 27. januar. Eg ynskjer i denne kommentaren å gjera reide for min gjennomgang av BFO-programmet, skriv Ballade-skribent Ida Habbestad i dette svaret til BFO-direktøren. Habbestad ynskjer og å styra debatten attende til det ho synast bør vera den eigentlege diskusjonen og problemstillinga: Kva skal til for å skapa ein levande orkesterkultur?

Bergens Filharmoniske Orkester ved strykerne

Av Ida Habbestad

Lorentz Reitan meiner i sitt tilsvar at eg har presentert eit bilete av orkesterets sesongprogram som ikkje stemmer overeins med røynda. Det Reitan saknar, er ein meir utfyllande og fullstendig informasjon om orkesterets tilbod. Eg vil i det fylgjande formidla kvifor denne informasjonen ikkje er med i oppsummeringa – og dessutan stilla spørsmål ved om det biletet eg teiknar er så lite nyansert som Reitan meiner det er.

Først nokre generelle betraktningar. Reitan innleier med å nemna at det nokså jamnleg er skribentar som tek opp denne problematikken – med større eller mindre hell. Han skriv óg, eit stykke ut i innlegget, at det alltid vil vera ulike interesser som ligg bak orkestra sine programval, nettopp grunna dei mange kriterier orkestra er pålagde frå Kulturdepartementet.

For meg høyrest dette ut som argument for at ein skal nøya seg med situasjonen som den er. Men kan ein akseptera ein programprofil som kvalitativt og kunstnarleg tilfredsstillande, når den er gjort på grunnlag av pålagde kriterier?

Å gje publikum eller skattebetalarane skulda for programvalet, tykkjest for marknadsorientert og ettergjevande. Eit interessant perspektiv på dette har Rolf Wallin som meiner mykje kan oppnåast gjennom profilering, og det å ha tru på produktet sitt. Om ein til dømes hadde tort å setja opp eit stykke som Lachenmann (under Ultima i Oslofilharmonien i oktober) som det viktigste på programmet, ville ein kanskje oppnå andre resultat enn ved å gøyma det vekk, og la publikum forstå at ein ’lurer det inn bakvegen’. Finst det nokon grundig dokumentasjon på at publikum sviktar dersom ein hadde gjennomført ei større satsing – over tid – med ei grundig profilering av eit tvers gjennom nyskapande program?

Det er nok ikkje utan grunn at skribentane støtt vender attende til denne problematikken, og at det er viktig at ein tek det på alvor. Ikkje ved å argumentera/polemisera på detaljnivå om kor mange av dei framførte verk i eit sesongprogram ein kan definera som moderne/samtidsmusikk/nyskapande (for at kvoten skal vera dekka) – men drøfta korleis orkesteret kan fungera som eit best mogleg medium for den målgruppe det er til for, og korleis ein kan nå nye grupperingar når den tradisjonelle generasjonen etterkvart døyr ut.

BFO sitt sesongprogram
Reitan informerer altså om at tilhøvet i BFO er eitt anna enn det eg skisserer. Utgangspunktet er fylgjande ordlyd i min artikkel: “Tilhøvet i Bergen er meir deprimerande. Av 54 konsertar finst berre tre med nyare norske innslag, eit par med mellomgenerasjonen, samt ein heilaftan under Borealisfestivalen.”

Grunnlaget for denne kortfatta konklusjonen, er ein gjennomgang av sesongprogrammet presentert på orkesteret sine heimesider. Etter Reitan sitt svar, forstår eg at desse sidene ikkje kan vera oppdaterte, for fleire av verka Reitan viser til, finst ikkje her. Ein viktig del av profileringsarbeidet – uansett profil – er å ha lett tilgjengeleg informasjon, og eg tykkjer ikkje det er rett at eg skal klandrast for å vera lite grundig når eg nyttar orkesteret sine heimesider som informasjonskjelde. Tvert om skulle ein tru at orkesteret la vekt på å vera oppdatert her, med tanke på at ein stor del av publikummet deira (og langt dei fleste i min generasjon, som er eit særs viktig segment å nå) i hovedsak orienterer seg via nettet.

Det er beklageleg at nokre av verka orkesteret har framført i sesongen dermed ikkje er med i denne oversikta – men å skulda skribenten for å vera unøyaktig, er vel kanskje heller ikkje på sin plass.

Nedst i artikkelen har eg sett inn ei oversikt over programmet BFO presenterer på nettsidene sine. Her fylgjer mine vurderingar, samanlikna med Reitan si oversikt.

Først: me oppgjev begge at orkesteret i sesongen har framført verk av tre norske samtidskomponistar (Vaage, Åm og Thoresen), og i tillegg tre verk under Borealis (Ligeti, Åm og Haas).

Ved nærare gjennomgang, finn ein at det eine norske samtidsverket (Thoresen) ikkje er framført av BFO, men av BIT20. Det same gjeld verket av Gruber (desse to utgjer til saman ein heilaftan kalla “Frankenstein!”). Slik eg ser det, er det underleg å kreditera desse verka på orkesteret si repertoarliste, all den tid det ikkje er dei sjølve som framfører dei.

Verka av Lindberg (Aura), Nordheim (Eco) og Vaage (Tjat) er ikkje å finna på orkesteret sine nettsider i sesongen 05-06, heller ikkje under sesongprogrammet for tidlegare eller seinare år. Det same gjeld kammerserien Eutherpe. Går ein inn på BIT20 sine heimesider, kan ein finna deler av dette programmet, og for den utanforståande lesar ser det ut som det er BIT20 som står for framføringane så snart det er samtidsverk på programmet.

Heilaftnar med Brazz Brothers og Frank Zappa, er begge flotte tiltak når det gjeld å nå ei breiare publikumsgruppe. Oslo-Filharmonien har tilsvarande med framføringar av Ringenes Herre og Chaplins filmmusikk, og kanskje burde dette vore oppgitt i mi oversikt. Mi vurdering då eg skreiv førstnemnde artikkel var likevel at desse arrangement neppe tilhøyrer den kategori som kan vera med å fylla samtidsmusikkvoten.

Tilsvarande er De Unges Konsert eit flott tiltak – men kva dette faktisk medfører programmessig, finst det ingen informasjon om. Det er flott at det vert arrangert komponistkonkurranse i høve dette arrangementet, men ein får stadig ikkje vita korvidt nokon av desse verka vert framførte.

Til slutt, Sjostakovitsj, Bernstein og Tveitt. Til tross for at Kulturdepartementet har definert samtidsmusikk som musikk skriven etter 1950, trur eg ikkje at det er eit auka antal framføringar av Geirr Tveitt som skal til for å føra orkestra vidare. Det finst ingen enkle definisjonar på nyskaping og kva ein skal omfatta som samtidig. Sjølv hadde eg i gjennomgangen utgangspunkt i 1970 (men let likevel vera å nemna Sjostakovitsj’ verk frå 1971 av den enkle grunn at eg ikkje oppfattar det som samtidsmusikk i den samanhengen ein står i her). Ein kan sikkert diskutera mykje fram og attende kring grensene her – men eg meiner dette er irrelevant i det større perspektivet.

Når eg trekkjer fram Stavanger Symfoniorkester som eit godt døme (til tross for at verka dei framfører ikkje kjem innunder Kulturdepartementets definisjon av samtidsmusikk) er det avdi eg tykkjer orkesteret fortener merksemd for sine gode og spennande programval. Avdi dei tydeleggjer ein vilje som utfordrar, i større grad enn det eg oppfattar dei andre orkestra gjer, med innimellom å presentera verk som ikkje er opplagde publikumssuksessar. Sikkert —g ei subjektiv vurdering – men eg meiner her å finna ei tydelegare profilering, meir enn ei halv- eller heilgardering i programval.

Tre samtidsverk BFO framfører har eg ikkje teke med i førre oversikt: det er verka av Aho, Lindberg og Hillborg. I ettertid forstår eg at desse burde vore med, for dei er høgst relevante for det ein etterlyser. Likeeins tilsvarande for Oslo-Filharmonien: verk av Asheim, Hvoslef, Lindberg, Rautavaara, Söderlind. Men, desse vert ikkje nemnde særskilt, av den enkle grunn at dei er sette inn som del av noko heilt anna. Vil ein få med seg at det skjer ei urframføring av Aho sin kontrafagottkonsert, må ein aktivt gå inn på ein konsert kalla “Littons Mahler”. Tilsvarande er Lindberg og Hillborg sine verk godt gøymde under titlane “Symphonie Fantastique” og “Bilder fra en utstilling”, som begge gjev lovnad om opplevingar konsentrerte kring heilt andre epokar og komponistar.

Sjølvsagt tel alle desse verka når ein skal rapportera til Kulturdepartementet, men er det samtidsprofilering?

Eg har i min artikkel meint å vera så nyansert som mogleg og framstilla stoda både med blikk for orkestra sine mange utfordringar, men òg slik eg trur ho opplevest for dei som har uttrykt misnøye. Eg reagerer på at orkestra kan hevda at samtidsmusikktilbodet er godt nok. Eg finn det heller ikkje tillitsvekkjande at det må drivast med flisespikking kring definisjonar og oppteljing for å koma over ei akseptabel grense.

Dette bør elles ikkje vera ein debatt om kven som har rett og kven som tek feil, men heller om korleis ein kan finna løysingar som gjer at ein kan ivareta dei interesser og behov som finst for ei forsterka samtidsmusikkprofilering. I artikkelen frå januar seier Jon Øyvind Ness at han ikkje trur at Vårofferet kunne vorte til under dagens tilhøve i orkestera. Dette er, slik eg ser det, ein interessant observasjon; dersom nyskaping er viktig i vårt samfunn – burde ein ikkje då gå saman om å skapa rom og gje arenaer til ei slik verksemd?

Oversikt over komponistar representert på BFO sitt sesongprogram, jfr heimesidene. Totalt 54 konsertar, omlag 80 verk (pluss diverse mindre verk og uspesifiserte framføringar).

Aho, Bach, J. C., Bach, J. S., Beethoven (4 verk), Berlioz, Bernstein (verk frå 1956), Brahms (3 verk), Bruch, Debussy (2 verk), Elgar, Grieg (4 verk), Gruber, Haas, Handel, Haydn (2 verk), Hillborg, Kalman (div), Lehar (div), Ligeti, M. Lindberg, Mahler (2 verk), Mendelssohn (4 verk), Milhaud (verk frå 1923), Mozart (8 verk), Mussorgskij, Musorgskij/Ravel, Nielsen, Orff, Prokofiev, Ravel (3 verk), Rimskij-Korsakov, Rameau, Rossini, Saint-Saens, Sjostakovitsj (3 verk), Strauss (3 verk), Stravinskij (4 verk), Sæverud, Thoresen, Tomasi, Tsjaikovskij (2 verk), Tveitt, Vaage, Vaughan Williams (2 verk), Vivaldi, Wagner og Åm.

I tillegg heilaftnar der det ikkje ytterlegare går fram kva repertoar som er framført:

Eventyret om Bergenfilharmonien
Bergens Tidendes ønskekonserter
Nyttårskonsert
Eventyret om Mozart
En oppdagelsesreise i verdensrommet
De unges konsert
Frank Zappa
Brazz Brothers

Publisert:

Del: