Kåringa av Anders Røine speglar både ei aukande rekruttering til folkemusikken frå Oslo-området, men òg korleis ulike nye utrykk kan belyse og forsterke tradisjonsmusikken, skriv Ingunn Stræte Lie.

Anders Røine Foto: Knut Utler

Ein gong i tida ville ein kalla det ei sjølvmotseiing, at ein folkemusikar kjem frå Oslo. Kanskje er det ikkje så lenge sidan, den tida, då den romantiske myta om at folkemusikk og folkemusikarar kjem frå bygda, så langt frå folk som mogeleg, var gjeldande. Ein folkemusikar er ein som sit på ein liten stubbe og speler hardingfelelåttar som ingen har høyrt — i tradisjon etter Myllarguten.

Årets folkemusikar vart kåra under Folkelarm i Oslo, der det først på dagen vart tilskipa Oslokappleik. Her tevla unge og eldre i spel og dans. Då Ballade spurde meg om å skrive noko om Årets folkemusikar, var stadig refleksjonane eg hadde med folkemusikarar og folkedansarar frå Oslo under Folkelarm med meg, og desse gav inspirasjon til denne vinklinga. Som folkemusiker og folkedansar meiner eg at om dette no skulle vera ein fordom som framleis har liv i dag, må me snarast leggja den bort. For årets folkemusikar 2017 kjem frå Oslo: Anders Erik Røine er nemleg oppvaksen på Rødtvedt.

Det forløysande upolerte
Oppveksten hans er imidlertid prega av folkemusikken. Farsfamilien hans kjem frå Valdres og faren Harald spelte hardingfele, bestefar Arne spelte munnharpe og langeleik. I huset i Groruddalen vart det ofte spelt hardingfele og i intervju med tidsskriftet Folkemusikk har Anders fortalt korleis han og bror hans, Niels, ofte var skikkeleg flaue då hardingfela lydde ut or vindauga til gata.

Difor vart gitaren det instrumentet Anders Røine valde å ta med seg på kulturskulen. Han kunne sitje timesvis å spele, heller det enn å gå på skulen og arbeide. I mangel på arbeid vart han tipsa om å søkje opptak på Raulandsakademiet, og der fatta han sjølv interesse for folkemusikken. Med munnharpa i lomma og gitaren på ryggen la han i veg til ei ukjend tid, men likevel med kjent materiale, der var folkemusikken som hadde liggi under og vaka heile oppveksten. Og det var der han fekk interesse for å lære seg å spele hardingfele, for slåttemusikken vart mykje tøffare på hardingfele enn på gitar, seier han i det same portrettet.

Litt seinare gjekk Røine i lære hjå Olav Jørgen Hegge og Nils Sagahaugen, men den største inspirasjonskjelda vart hardingfelespelar Harald Fylken frå Valdres. Ved ein tilfeldigheit fekk han høyre arkivopptak med Fylken og det rytmiske og presise spelet hans, og den skeive tonaliteten gjekk rett i hjarta på Røine. Desse skeive tonane har seinare fylgt han i det meste av musikken han både framfører og lagar. Og når eg høyrer på musikken hans, er det noko svært forløysande med det som ikkje er heilt polert.

Folkemusikktradering i dag
Har folkemusikken i dag vorte noko ein tileignar seg, eller er det noko som ein er oppvaksen med?

For fleire tiår attende var folkemusikken ein større og meir levande del av mange av bygdesamfunna våre enn det me kan oppleve at den er i dag. Dagens ungdom er stort sett like lite (eller mykje) eksponert for folkemusikk om dei bur i eit bygdesamfunn enn om dei bur i tjukkaste Oslo. For ei tid attende var det nok eit sterkare levande folkemusikkmiljø i enkelte bygder i landet. Og i somme miljø kan det sikkert også no vere ein levande tradisjon, men ungdom flest er prisgjeven dei menneska rundt ein som kan formidle musikken og dansen vidare til dei. Det er ikkje nokon forskjell på om du kjem frå ein stad med djup tradisjon eller om du kjem frå Oslo. Det spelar eigentleg ikkje noko rolle kvar du kjem frå, me stiller på like premiss, det er personane me har rundt oss som påverkar og formar oss.

Tradisjon eller tileigning
Er det greitt å tileigne seg ein tradisjon når du kjem frå Oslo eller er dette eksklusivt for dei som kjem frå tradisjonsområdet?

Fleire folkemusikkutøvarar frå Oslo seier sjølve at dei ikkje har sitt eige tradisjonsuttrykk, og difor må dei såleis hente litt herfrå og litt derfrå. Dei føler dei manglar den djupe tradisjonen sjølv om det har vore arbeidd med å samle ein Oslo-tradisjon.

Tuva Syvertsen frå Valkyrien kjem frå Asker og speler hardingfele. Ho er oppvaksen med læremeister Hallvard Kvåle og miljøet rundt Bærum spelemannslag, og er svært reflektert rundt det å kome frå Osloområdet og ikkje ha ein eigen tradisjon. Det kan opplevast som om identitetsgrensene ved bruken av tradisjonsmusikk gjer at slekt og opphav har stor betydning. Når ein ”berre” kjem frå Oslo vil mangelen på dette føre til at ein kjenner seg tradisjonslaus i den store folkemusikksamanhengen. Syvertsen seier at dette gjer at ho har ein sterkare og større respekt for tradisjon og ei større audmjukheit for musikken. Det er ikkje hennar eigne røter, samtidig som folkemusikken er ein felles nasjonal arv.

Les også: Folkemusikk i forandring

For Anders Røine er det likevel litt annleis sidan farsfamilien hans kjem frå Valdres. Han kjem ikkje såleis ”berre” frå Oslo. Valdres som tradisjonsområde har ein speltradisjon som går langt attende i historia. Det er folkemusikk i familierøtene hans, ei gode som årets folkemusikar kan dra veksel på. Men ser ein på rekruttering blant unge i folkemusikkmiljøet i Noreg i dag finn me eit av dei størst veksande miljøa i områda rundt Oslo. Dei aller fleste av desse ungdommane har ikkje nokon bygdetradisjon djupt i røtene sine, men likevel tileignar dei seg ein nasjonal danse- og speltradisjon, på etter mi meining like vilkår og forutsetningar som ungdom frå andre stader i landet.

Åtgaum og påverknad
Årets folkemusikar har ei lang merittliste, mange sterke presentasjonar og ei endelaus mengde innspelingar og musikalske konstellasjonar. Det er nærast umogeleg å kommentere alt han har gjort og oppnådd.

Men det kan trekkast fram ein representasjon av arbeidet hans som står sterkt, nemleg duoen Sudan Dudan der Røine speler og syng saman med Marit Karlberg. Det viste seg fort at duoen femna eit større publikum enn det vante folkemusikkpublikummet, sjølv om musikken kanskje kan skildrast som temmeleg tradisjonell og konservativ. Som ein motreaksjon til den overarrangerte, tunge og rytmiske, ”nye” folkemusikken seila Sudan Dudan inn som ein roleg og dempa pust. Med vokal, langeleik, munnharpe og gitar tok dei folkemusikkmiljøet spesielt og musikkmiljøet generelt med storm.

For Røine og Karlberg representerer ei retning innanfor den nye arrangerte folkemusikken som ivaretek det tradisjonelle, samstundes som Røine fører med seg sitt eige særpreg. Eit særpreg som er påverka av tradisjonen hans frå Valdres men også frå oppveksten i Oslo.

Røine som multiinstrumentalist er ein sterk tradisjonsberar men han blandar like gjerne inn sjangrar og folkemusikktradisjonar frå andre land. Han er ein nysgjerrig og leiken utøvar som ikkje er redd for å gå sine eigne vegar. Han utnytter instrumenta sine til fulle samstundes som han også vidareutviklar dei. Det er ikkje kvardagskost å høyre ein elektrisk langeleik, og når den i tillegg har skeiv skala blir det ikkje mindre spesielt. Røine er ein innovativ kunstnar og bakgrunnen hans frå Rødtvedt og Oslo gjer at folkemusikkmiljøet vert opnare for nye inntrykk og uttrykk. Han tør å utvikle og han tør å ta det han finn med inn i musikkmiljøet. Sudan Dudan fører folkemusikken inn på nye marknader. Ikkje mange har spelt på Øyafestivalen med langeleikduett!

Det frosne avtrykket
Saman med fleire andre driv Røine plateselskapet Talik. Dei gjev ut folkemusikk med eit tradisjonelt uttrykk i tillegg til å gje ut arkivopptak og musikkvideoar. Han har vore produsent på ei rekkje plater og jobbar såleis aktivt med å dokumentere folkemusikken i dag.

Før ein fekk mogelegheita til å spela inn musikk vart tradisjonsmusikken overlevert munnleg frå spelemann til spelemann. Då lydopptaka kom på starten av 1900-talet kunne musikken ”frysast” og konserverast. Dette gjorde at me faktisk har høve til å høyre oss attende til dei eldre spelemenne. Men det gjer også at me har høve til å stoppe tradisjonen. Me kan dyrke og høyre på det som vart gjort for hundre år sidan, me kan lære oss dette heilt ”ordrett” og spele det som om det var fasit, noko dei ikkje kunne før opptaket si tid.

Tradisjonsmusikken har utvikla seg i mange hundre år. Dei eldste opptaka me har av tradisjonsmusikk er godt over hundre år gamle. Når me høyrer på opptak av hardingfelespelarar som spelte på skjellakk-plater på starten av 1900-talet høyrer me klare endringar i musikken frå den tida til no. Folkemusikken har heile tida vore i utvikling, ei utvikling som ikkje skal stoggast. Oslo er ein metropol av ulike nasjonalitetar og internasjonale uttrykk, nye uttrykk som med tida også vert ein del av når nasjonale arv, nye uttrykk som både kan belyse og forsterke den tradisjonsmusikken me alt har i landet . Anders Røine er slik sett ein kompleks musikar som hentar inspirasjon frå mange kjelder, mellom anna Afrika, det skeive og blåe, bluesen og men også det genuint norske.

I munnleg og praktisk overføring av kunnskap vil det alltid vere noko som endrar seg, den vil alltid vere i rørsle, framover og vidare ut i det ukjende, inn i framtida. Slik er det også med Årets folkemusikar. Røine er i rørsle framover, inn i framtida med nye prosjekt, nye idear, ny musikk og ny tradering.

Som multiinstrumentalisten Anders sjølv seier: Musikken er evig medan instrumenta skiftar. Og eg tenker at musikken er evig sjølv om menneska og tradisjonen skiftar.

Ingunn Stræte Lie er folkemusikar, folkedansar og tek for tida ein phd.grad ved NMH, i tillegg til at ho jobbar som kyrkjemusikar på trekkspel og er dagleg leiar i Leveld Kunstnartun.

Publisert:

Del: