Nyleg kunne musikaren Synnøve S. Bjørset (27) glede seg over å vere blant dei 60 som fekk etableringsstipend frå Statens Kunstnarstipend. Forrige veke fekk ho endå ei gladmelding: ho er tildelt Sparebanken Vest sitt kunstnarstipend for 2006. Stipendet vart overrekt av Kultur- og kyrkjeminister Trond Giske og banksjef Gro Reppen under ein seremoni i Tårnsalen på Bergen Kunstmuseum torsdag 11. mai, skriv NFD.

Synnøve S. Bjørset (Foto: Norsk Folkemusikk- og Danselag)

— Å få tildelt dette stipendet er ei stor ære, og ikkje minst gjev det motivasjon og inspirasjon til vidare arbeid! Det fins ikkje mange stipendordningar som ivaretek den kreative og skapande prosessen til dei profesjonelle kunstnarane, og Sparebanken Vest er difor med sitt kunstnarstipend både framsynt og visjonær, seier Bjørset til heimesida til Norsk Folkemusikk- og Danselag. .

For å styrkje den skapande kunsten på Vestlandet lyste Sparebanken Vest ut 15 kunstnarstipend á kr. 50.000. Første gong stipendet vart utlyst var i 2005, og i 2006 vart 15 av 316 søkjarar vart valde.

— Sett i høve til søkjartalet og med tanke på kor mange kvalifiserte søkjarar det fins i Vestlandsregionen, er det ei fantastisk kjensle å vere ein av dei utvalde, seier Bjørset.

I samband med tildelinga uttalte juryane at talet på kvalifiserte kandidatar langt overstig talet på stipend som juryane har til tildeling, og at det har vore ei utfordring for juryane å skulle velje blant dei mange kvalifiserte søkjarane.

I ei pressemelding frå Sparebanken Vest seier banksjef Gro Reppen at det høge søkjartalet vitnar om at kunstnarane har behov for ei slik ordning.

— Vestlandet har eit rikt kunst- og kulturliv og mange profesjonelle kunstnarar. Men tradisjonelt yter samfunnet mykje mindre midlar til den skapande fasen enn til framføring og til institusjonar kring kunst og kultur. Vi ønskjer å gjere noko for å endre dette, seier banksjef Gro Reppen.

Fleire nyhende frå folkemusikkmiljøet kan du som vanleg lese på www.folkogdans.no. Meir om Statens Kunstnarstipend finn du her.

Publisert:

Del: