Kulturminister Valgerd Svarstad Haugland opnar Førde Internasjonale Folkemusikkfestival 4. juli. Den 13. Førde Internasjonale Folkemusikkfestival vert offisielt opna under forestillinga “Møtestad Førde” i storstova i Førdehuset torsdag 4. juli.

Valgerd Svarstad Haugland (offisielt)

På opningsforestillinga som set startskotet for den innhaldsrike festivalen fyrste helga i juli får publikum møte musikarar og dansarar frå alle verdshjørne.

— Vi er svært nøgde med at Kulturministeren har takka ja til å opne festivalen, seier dagleg leiar Hilde Bjørkum. – Det er viktig for oss å kunne vise toppleiinga i Kulturdepartementet noko av det kulturelle mangfaldet festivalen representerer.

Opningsforestillinga fungerer nærmast som ein smaksprøve av festivalmenyen, fortel Bjørkum. – Vi presenterer ofte artistar som er godt kjende på den internasjonale verdensmusikkscena, men likevel heilt ukjende for fleirtalet av det norske publikummet. Under opningskonserten får publikum små smakebitar frå fleire av gruppene, og mange nyttar dette høvet til å finne ut kva dei vidare vil ta med seg av dei mange festivalkonsertane i løpet av den tettpakka festivalhelga.

Festivalen er snart i mål med programplanlegginga for årets festival. – Artistar og programdetaljar er i ferd med å falle på plass, og vi planlegg å offentleggjere årets tema og tema-artistar i midten av mars, seier Bjørkum.

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er Norges største festival for “verdensmusikk” med 80 programpunkt og 250 artistar frå eit 20-tals land på programmet kvart år.

Festivalens internettsider finn du på www.fordefestival.no

Publisert:

Del: