Den lenge etterlengtede kulturmeldingen ble lagt frem på en pressekonferanse i Oslo ferdag klokken 12. Ballade bringer her videre innledningen til dokumentet, der følgende punkter settes opp som de viktigste satsningsområdene for musikkfeltet: Tilskuddsordningen for musikkensemblene skal utvides, da disse omtales som “særlig viktige for fornying av repertoar, nytolking og formidling av nye verk”. Kulturmeldingen går også inn for at “en del viktige og musikalsk vellykkede festivaler skal få bedre handlingsrom”. Symfoniorkestrene i Bergen, Kristiansand, Stavanger, Trondheim og Tromsø skal dessuten få flere musikere, og innkjøpsordningen for fonogram skal utvikles videre. Kirkemusikken skal bli prioritert gjennom en egen tilskotsordning.

Oslo Filharmonien

Fra St.meld. nr. 48 (2002-2003), Kulturpolitikk fram mot 2014: 1.1 Innleiing

Siktemålet med denne meldinga er å trekkja opp hovudlinene for dei kulturpolitiske prioriteringane det komande tiåret, dvs. at det skal handla om den statlege medverknaden i utviklinga av kulturfeltet i åra fram mot 2014.

Ein hovudbodskap er å halda fram den profesjonelle kunsten og den fagleg forankra kulturinnsatsen som eit verde i seg sjølv. Dessutan vert kvalitet streka under som eit avgjerande kriterium for at eit kulturtiltak skal verta prioritert i den statlege kulturpolitikken.

Det er viktig å leggja til rette for mangfaldet innanfor kulturlivet. Eit breitt spektrum av skapande, utøvande, dokumenterande og formidlande innsatsar frå alle delar av kulturfeltet er ei verdfull motvekt mot den einsrettande krafta ulike kommersielle krefter i samfunnet kan representera.

Eit aktivt og engasjerande kulturliv er viktig både på individ- og samfunnsnivå. Ein dynamisk og pulserande kultursektor som kommuniserer godt med breie brukargrupper er eit uunnverleg aktivum for landet. Kultursektoren er kjelde til kreativ inspirasjon, kunnskap og opplevingar for alle aldersgrupper – både for folk flest og for avgrensa grupper med særskilde interesser og behov.

Noreg har mange viktige kulturinstitusjonar og eit stort tal kvalifiserte kunstnarar og kulturarbeidarar. For fullt ut å kunna dra nytte av det potensial dette representerer, er det – i eit land med avgrensa folketal og spreidd busetnad – påkravd med omfattande økonomisk medverknad frå det offentlege.

Både allmenne utviklingsliner og endringar innanfor dei respektive kunst- og kulturområda har skapt ei rad nye utfordringar som vil krevja nye ressursar i det komande tiåret. Dels vil det dreia seg om å dekkja opp tiltak som er presenterte i tidlegare dokument, og som Stortinget har slutta seg til, dels er det tale om nye prioriteringar.

Innanfor scenekunstfeltet knyter behova seg fyrst og fremst til:

* å gje større armslag for scenekunsten utanfor dei etablerte institusjonane, ikkje minst for moderne dans.
* stegvis å styrkja Den Norske Opera, slik at institusjonen innan 2008 er fullt ut i stand til både kunstfagleg og praktisk å ta i bruk den nye operabygningen. Dette krev ein auke av driftstilskotet med om lag 50 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 48 (2001-2002) Nytt operahus i Bjørvika
* å utvikla distrikts- og regionopera i samsvar med Stortingets vedtak og etter ein utarbeidd plan for å stimulera eksisterande tiltak og initiativ
* å prioritera institusjonar med særleg god ressursutnytting og dei små institusjonane som har høge turnékostnader.

På musikkfeltet er hovudutfordringane at

* tilskotsordninga for musikkensemble skal verta utvida. Desse er særs viktige for fornying av repertoar, nytolking og formidling av nye verk
* ein del viktige og musikalsk vellukka festivalar skal få betre handlingsrom
* symfoniorkestra i Bergen, Kristiansand, Stavanger, Trondheim og Tromsø skal få fleire musikarar
* innkjøpsordninga for fonogram skal verta utvida
* kyrkjemusikken skal verta prioritert gjennom ei eiga tilskotsordning.

Innanfor biletkunstfeltet vil utviklinga av det nye Nasjonalmuseet for kunst vera den mest krevjande utfordringa i åra som kjem. Andre viktige tiltak vil vera å styrkja utvekslinga av samtidskunst mellom Noreg og utlandet, leggja til rette for nye kunstuttrykk og for å formidla kunst som står utanfor den vestlege kunsttradisjonen.

På litteraturfeltet er det behov for å byggja ut innkjøpsordningar for essayistikk og sakprosa. Dessutan er det naudsynt å betra rammevilkåra for utgjeving av litteratur på nynorsk. I tillegg må arbeidet med produksjon og formidling av litteratur til synshemma styrkjast.

Av dei direkte verkemidla overfor kunstnarane er det særleg aktuelt å styrkja ordninga med arbeidsstipend.

På abm-feltet (arkiv, bibliotek og museum) er oppgåva å følgja opp opptrappingsplanen på over 400 mill. kroner i løpet av fem år som vart lovd gjennom St.meld. nr. 22 (1999-2000) Kjelder til kunnskap og oppleving, og som fekk brei tilslutnad i Stortinget. Inneverande år er å rekna som år 2 i oppfølginga, og hittil er om lag 100 mill. kroner av den samla opptrappinga på plass i budsjettet.

Hovudutfordringa på museumsfeltet er å omskapa eit brokut landskap av 700-800 museum til om lag 100 fagleg kvalifiserte og økonomiske handleføre institusjonar som skal samarbeida i eit nasjonalt nettverk. Det pågår for tida mange viktige konsolideringsprosessar i dei fleste fylka.

Hovudutfordringa på bibliotekfeltet er å byggja opp Nasjonalbiblioteket til eit forskingstilretteleggjande kompetansesenter med mellom anna nyopning for publikum på Solli plass sommaren 2005. Vidare er det ei viktig oppgåve å leggja til rette for det saumlause biblioteket, dvs. at dei informasjonsressursane som norske bibliotek samla rår over, skal vera lett tilgjengelege for alle.

Hovudutfordringa på arkivfeltet er å setja Arkivverket i stand til å handtera dei aukande mengdene elektronisk arkivtilfang. Mykje viktig historisk kjeldemateriale kan elles gå tapt. Dessutan kan det gå ut over rettstryggleiken for den einskilde dersom forvaltninga slettar spora etter seg gjennom ikkje å setja i verk turvande åtgjerder for å tryggja langtidsbevaringa av elektroniske arkiv.

Ei rad kulturinstitusjonar har udekte investeringsbehov. Innanfor scenekunstfeltet skal nybygget for Hålogaland Teater realiserast. Ei scene for dans skal etablerast i hovudstaden. Mange museum har akutte behov for betre gjenstandsmagasin og meir tidsmessige formidlingsarenaer. Behovet for kulturelle møteplassar lokalt og regionalt er framleis stort. Dei nye spelemidlane til kulturbygg vil verta eit viktig verkemiddel for å dekkja desse behova.

Departementet stiller institusjonane innanfor kulturlivet overfor strenge krav til omprioriteringar og samarbeid for å utnytta ressursane på ein fullgod måte. Som lekk i det omfattande arbeidet som pågår med omstilling, modernisering og fornying av offentleg sektor, er krava til stram styring og kostnadseffektiv drift eit av hovudspørsmåla i denne meldinga. For å møta dei store utfordringane ein liten nasjon står overfor i kulturpolitikken, er det likevel samstundes naudsynt med ein gradvis auke av dei statlege løyvingane til kulturføremål.

Meldinga gjev i seg sjølv ingen konkrete tilvisingar om i kva omfang eller i kva for budsjettår opptrappingane skal skje, av di dette er spørsmål som må handsamast i dei årlege statsbudsjetta på vanleg måte. Departementet må difor ta klåre atterhald om den økonomiske utviklinga, statens økonomiske handlingsrom og dermed om kva for økonomiske rammevilkår kultursektoren kan gjevast.

Denne meldinga held fram frie grupper, tidsavgrensa prosjekt o.l. som viktige tiltak for å nå måla i kulturpolitikken. Likevel må dei store institusjonane framleis vera hjørnesteinane i gjennomføringa av kulturpolitikken. Dette er permanente strukturar som er bygde opp over lang tid, og som forvaltar ein svært stor del av dei statlege driftsressursane til kulturføremål. Institusjonane har eit ansvar for til kvar tid å vera lydhøyre og mottakelege for impulsar frå omgjevnaden, fanga opp nye behov og samhandla både med kvarandre og med utanforståande aktørar på ein dynamisk måte.

På fleire delar av kulturfeltet representerer friviljug arbeid ein viktig del av eller eit vesentleg supplement til den ordinære, løna innsatsen. Dei tradisjonelle, friviljuge organisasjonane er berre ein del av dette biletet. På kulturområdet har det vakse fram ei rekkje lokale og regionale verksemder som i stor grad vert borne oppe av friviljug innsats for det aktuelle tiltaket. Gjennom dei nye spelemidlane til friviljug sektor vil det kunna leggjast endå betre til rette for born og unges engasjement i lokale kulturtiltak.

Ballade vil i dagene fremover legge ut flere deler av Kulturmeldingen, da særlig innenfor feltene som berører musikk. Samtidig vil vi gjerne oppfordre alle berørte parter, både enkeltpersoner og organisasjoner, om å la sin stemme bli hørt i dette svært viktige dokumentet. Ballade vil gjerne stille vår spalteplass til disposisjon for både kommentarer, innhugg og forslag, og kan som vanlig kontaktes på epost-adresse ballade@mic.no.

Publisert:

Del: