– Noreg har bare eitt kor i dag som er profesjonelt i den meining at songarane er yrkesutøvarar, og det er koret ved Den Norske Opera. Fleire andre kor held likevel eit svært høgt kunstnarleg nivå og har markert seg internasjonalt. Når ein skal vurdera korsituasjonen i Noreg i dag og tiltak for å betra tilhøva, høyrer det òg med at ein vesentleg del av kulturarven vår er komposisjonar for kor, heiter det i Stortingsmelding nr. 48.

Det Norske Solistkor

Fra St.meld. nr. 48 (2002-2003), Kulturpolitikk fram mot 2014. Del 7.2.1: Særskilt om kor

Stortinget har bede om at korfeltet skal vurderast særskilt. Korfeltet er med som ein del av utgreiinga Musikkliv og musikkpolitikk (Norsk kulturråd 2002, rapport nr. 31). Utgreiinga peiker på at det er behov for eit lyft for dette feltet.

Utgreiinga drøftar om dette best kan gjennomførast ved å etablera ein ny nasjonal korinstitusjon som kan fungera som eit lokomotiv for heile feltet, eller ved å vidareutvikla dei eksisterande vokalensembla på profesjonelt nivå. Konklusjonen er at eit nytt nasjonalt kor oppretta på kulturpolitisk initiativ vil vera altfor ressurskrevjande. I staden rår utgreiinga til å bruka dei ulike eksisterande tilskotsordningane meir målretta; dvs. generell ensemblestøtte, reisestøtte, aspirantstøtte, plateinnspelingsstøtte osv. På den måten kan ein gje fleire av dei eksisterande korensembla eit profesjonelt lyft.

Ikkje minst vil ei romslegare økonomisk ramme for den generelle ensemblestøtteordninga kunna gje grunnlag for å vidareutvikla og profesjonalisera eksisterande vokalensemble og fanga opp nye kunstnarlege initiativ på korområdet. Den breie, lokale koraktiviteten bør kunna styrkjast gjennom auka midlar til lokal, friviljug verksemd, jf. kap 15.

Det må òg strekast under at ei styrking av kyrkjemusikken i Noreg, jf. nedanfor, implisitt vil kunna innebera eit viktig lyft for kormusikken.

Publisert:

Del: