Symfoniorkestra tilfører musikklivet eit eineståande tilbod av både norsk og utanlandsk musikk. Musikarar i orkestra har dessutan ofte andre viktige roller som medverkande i ensemble eller som musikkpedagogar. Ei hovudutfordring for orkestra i åra frametter er å nå fram med eit variert musikktilbod til eit publikum med ulike og vekslande preferansar. Orkestra lyt følgjeleg evna å vera fleksible og å samarbeida. Betre kvalitativ informasjon om orkestra bør skaffast fram ved hjelp av periodiske evalueringar og meir presis målstyring, skriv Kultur – og Kirkedepartementet.

Oslo Filharmonien

Fra St.meld. nr. 48 (2002-2003), Kulturpolitikk fram mot 2014. Del 7.3: Symfoniorkestra

Staten yter støtte til seks profesjonelle symfoniorkester. Desse er Oslo-Filharmonien, Bergen Filharmoniske Orkester, Stavanger Symfoniorkester, Trondheim Symfoniorkester, Kristiansand Symfoniorkester og Tromsø Symfoniorkester. I tillegg kjem Kringkastingsorkesteret og Den Norske Operas Orkester. I åra frametter må det leggjast til rette for at symfoniorkestra kan utvikla seg vidare som formidlarar av eit breitt musikktilbod.

Ei utgreiing om orkesterfeltet frå 2001 (Symfoniorkesterutredning. Ny orkestersatsning – kvantitativt og kvalitativt) vurderer korleis ein på ulike måtar kan oppnå målet om å gjera musikk av høg kvalitet tilgjengeleg for flest mogeleg, og korleis ein kan stimulera til kunstnarleg fornying, målretta aktiviteten og sikra god ressursbruk. Utgreiinga skildrar stoda for dei nemnde symfoniorkestra, vurderer dei statlege målkrava til desse institusjonane og gjev tilrådingar om korleis desse måla kan nåast. Både tiltak som krev nye ressursar og andre måtar å organisera tilgjengelege ressursar på, vert drøfta.

Tilrådingane i utgreiinga dreier seg særleg om prosjekt retta mot nye målgrupper, framføring av særleg krevjande repertoar, meir turnéverksemd innan- og utanlands og utviding av talet på faste musikarar. Vidare vert det peikt på at symfoniorkestra bør trappa opp verksemda som operaorkester. Orkestra bør dessutan ta ansvar for å bruka unge norske talent som solistar. Utgreiinga peiker på at eit kjernepunkt i den vidare orkesterutviklinga er at desse i større grad opnar for fleksibel bruk gjennom å dela orkesteret opp i mindre ensemble eller to orkestergrupper. Slik oppdeling vil gje grunnlag for fleire distrikts-, ensemble- og samarbeidskonsertar. Fleksibel bruk av orkestermusikarane ved at dei inngår i ulike ensemblekonstellasjonar, kan gjerast innanfor ein symfoniorkesterinstitusjon, men kan òg innebera samarbeid med andre ensemble eller i samband med operaoppsetjingar. Systematisk prosjektorganisering og samarbeid i form av meir eller mindre organiserte og omfattande musikarpool-ordningar vil både kunna gje grunnlag for betre tilbod til publikum, meir varierte oppgåver for musikarane og betre utnytting av dei samla økonomiske ressursane.

Dei norske orkestra kan gjennom dei seinare åra dokumentera god kunstnarleg vekst og utvikling.

Størst internasjonal merksemd har Oslo-Filharmonien hatt. Gjennom eit mangeårig samarbeid med dirigenten Mariss Jansons har orkesteret etablert seg på europeisk toppnivå. Det er ei viktig kulturpolitisk oppgåve å medverka til at orkestret kan utvikla seg vidare. I denne samanhengen er det ei sentral deloppgåve å syta for at orkesteret får dei akustiske og praktiske tilhøva i Oslo konserthus som er naudsynte for vidare utvikling av orkesteret. Dette krev medverknad frå Oslo kommune som eigar av konserthuset.

Bergen Filharmoniske Orkester utmerkjer seg òg musikalsk både heime og ute. Orkesteret har gjennom turnéar utanfor Bergen i samarbeid med regionale styresmakter nådd eit nytt publikum. Departementet ser på dette initiativet som særs interessant.

Symfoniorkestra i Stavanger og Trondheim markerer seg òg positivt, både gjennom ordinær verksemd, turnéar og fonograminnspelingar.

Trass i det avgrensa talet på musikarar gjev orkestra i Kristiansand og Tromsø også verdfulle bidrag til musikklivet.

Kringkastingsorkesteret har dei siste åra utvikla eit meir allsidig og dristig repertoar. Nemnast skal òg Den Norske Operas Orkester, som jamleg har konsertar utover dei faste oppgåvene som operaorkester.

Departementet legg til grunn at symfoniorkestra også i framtida vil vera ulike med omsyn til storleik, organisering, økonomi, fagleg profil og omfang. Det bør leggjast til rette for å få fram eit større mangfald i musikkframbodet frå orkestra. Fleire turnéar, utprøving av ulike konsertformer for å nå nye grupper, utvida og planmessig samarbeid med ensemble, fleire skulekonsertar og medverknad i musikkteateroppsetjingar tykkjest vera tenlege grep. Meir fleksibel bruk av dei kunstnarlege ressursane ved deling av orkesteret i mindre einingar for gjennomføring av prosjekt vil kunna gje positive resultat.

Symfoniorkestra har eit særskilt ansvar for å ta vare på, formidla og vidareutvikla musikkformer som har ankerfeste i Noreg, og for å gjera bruk av nyskapande musikkuttrykk frå samtida.

Oslo-Filharmonien har i dag 109 musikarar. Dei andre symfoniorkestra framfører – med noko vekslande argumentasjon – gode faglege grunnar for å verta større. Departementet vil prioritera dette i framtidige budsjett.

Departementet har i samarbeid med Norsk teater- og orkesterforening sett i gang eit arbeid for å revidera det noverande opplegget for mål- og resultatstyring for orkestra og teatra og for å innføra periodiske evalueringar, til dømes kvart femte år. Dette vil kunna gje meir relevant styringsinformasjon. Eit fornya opplegg for målstyring må tryggja meiningsfulle og pålitelege data gjennom resultatmål og indikatorar som seier noko presist om dei hovudmåla dei er utleidde av.

Utgjeving av fonogram er ein viktig formidlingskanal for symfonisk musikk, jamvel om salet av slike utgjevingar har stagnert. Dei norske symfoniorkestra har dei siste åra fått gjeve ut CD-produksjonar på fleire plateselskap. Vidare utgjevingar er både avhengig av salsresultata for det frambodet som alt er, og dessutan av korleis orkestra legg til rette for innspelingar, og korleis dei prisar seg sjølve. Somme av dei norske orkestra har avtalar med musikarane sine om løn for frikjøp av NRK-opptak eller nyinnspelingar. Dette kan tryggja minimum sju årlege utgjevingar. Nye utgjevingar er viktige for å få formidla i inn- og utland kva orkesteret står for kunstnarleg.

Publisert:

Del: