Norsk musikkliv framstår i dag som ein frodig og livskraftig del av norsk kulturliv. Innanfor eit stort mangfald av musikalske sjangrar og uttrykk vert det rekruttert mange unge utøvarar på eit svært høgt nivå. Det systematiske utdanningstilbodet som er bygd opp, frå kommunale kulturskular til høgskulenivå, er eit vesentleg fundament for denne utviklinga, står det i innleiinga til Kulturmeldinga, som fredag klokka 12 blei lagt fram på ein pressekonferanse i Oslo. Ballade vil dei kommande dagane leggje ut heile musikkdelen av kulturmeldinga, og syner her innleiinga i si fulle form.

Valgerd Svarstad Haugland

Fra St.meld. nr. 48 (2002-2003), Kulturpolitikk fram mot 2014. Del 7.1: Hovudutfordringar og prioriteringar

Norsk musikkliv framstår i dag som ein frodig og livskraftig del av norsk kulturliv. Innanfor eit stort mangfald av musikalske sjangrar og uttrykk vert det rekruttert mange unge utøvarar på eit svært høgt nivå. Det systematiske utdanningstilbodet som er bygd opp, frå kommunale kulturskular til høgskulenivå, er eit vesentleg fundament for denne utviklinga. Viktige aktørar i norsk utøvande musikk innanfor orkester, som Oslo-Filharmonien og Bergen Filharmoniske Orkester, og ensemble, som Oslo Kammerorkester, BIT 20 og Cikada, markerer seg i fremste rekkje internasjonalt. Nokre festivalar, som Festspillene i Bergen, Ultima, Molde Internasjonale Jazzfestival, Risør Kammermusikkfest og Oslo World Music Festival, har vunne eit internasjonalt renommé.

Den infrastrukturen av orkesterinstitusjonar, konsertarenaer, tilskotsordningar og tiltak både for produksjon og formidling som er bygd opp, gjev eit mangslunge musikktilbod av god kvalitet for alle som søkjer musikkopplevingar. Det er ei stor utfordring å ta vare på det beste som er skapt av institusjonane, og samstundes sikra vidare utvikling og fornying.

Det næraste tiåret må musikksektoren få auka tilskot innanfor dei tilgjengelege rammene. Det er eit overordna mål å innretta satsinga slik at det fremjar nyskaping og fleksibilitet.

Musikkpolitikken skal forma eit trygt grunnlag for å skapa musikk av høg kvalitet. Dei mange uttrykksformene må vera tilgjengelege for flest mogeleg. Utgreiingane på musikkfeltet frå den seinare tida gjev verdfulle innspel til å vurdera musikksektoren i åra som kjem.

Symfoniorkestra utgjer den største utgiftskategorien til musikkføremål på det statlege kulturbudsjettet. Likevel er det meldt inn store behov for auka tilskot. Ynska frå orkestra er ulikarta, men fleire musikarstillingar står høgast på lista hjå nesten alle symfoniorkestra.

På det skapande området må det leggjast vinn på at offentlege stønadsordningar for produksjon skal kunna ivareta nyskaping innanfor alle sjangrar, medrekna musikkformer som ikkje er tufta på notasjon, og sjangrar som er nye i landet. Det må arbeidast for å auka talet på framføringar av nykomponert musikk. Å tryggja vidareutviklinga av samtidsmusikken lyt nemnast særskilt.

Mange musikkformer har opphav i bestemte historiske og kulturelle kontekstar, som pregar både utøvarar, publikum og rammene rundt musikken. På fleire måtar har grensene mellom slike delkulturar i musikklivet vorte mindre tydelege. Publikum er i mindre grad knytt til ei musikkform, og utøvarane hentar impulsar frå eit spekter av sjangrar. Jazz, folkemusikk, populærmusikk og såkalla verdsmusikk er illustrerande døme på musikkformer som er knytte til delkulturar, men som samstundes rommar mange prosjekt som kryssar tradisjonelle sjangergrenser. Jamvel om det er behov for særskilde tiltak for visse musikkformer, vil det samstundes vera viktig å leggja til rette for at ulike delkulturar i musikklivet kan møtast.

Den breie amatørbaserte aktiviteten er ein viktig del av musikklivet. Kommunane spelar ei sentral rolle i finansieringa av desse tiltaka. Frå statleg hald vert delar av desse aktivitetane tilførte midlar gjennom Frifond-ordninga. Med auka tilførsle av spelemidlar vil meir ressursar kunna gå til det lokale musikklivet dei komande åra. Samarbeidet mellom profesjonelle og amatørar har lange og verdfulle tradisjonar i musikklivet, og dette er det viktig å ta vare på. Støtteordninga for konsertar på lokalt initiativ, som no er lagd til Norsk kulturråd, har gjennom mange år gjeve viktige bidrag til denne utviklinga.

Å stimulera interessa for musikk hjå born og unge er no som før ei viktig utfordring. Ei rad institusjonar og ensemble gjer ein dugande innsats andsynes desse målgruppene. Skulekonsertordninga gjennom Rikskonsertane lyt i denne samanhengen nemnast særskilt. Den auka tilførsla av spelemidlar til lokal kulturaktivitet dei komande åra vil gje økonomisk handlingsrom for utvida musikkformidling til skuleelevar.

God musikk må takast vare på og formidlast som fonogram. For å kunna støtta ein rimeleg del av dei nye produksjonane vil innkjøpsordninga for fonogram under Norsk kulturråd få vidare rammer dei komande åra.
Musikk er ei kunstform med høg grad av internasjonalt samarbeid og internasjonal utveksling. Prosjekt og nettverk på tvers av landegrensene kan stimulera til nyskaping og kvalitativ utvikling. Å leggja til rette for internasjonalt samkvem både for musikarar og formidlarar lyt vera ei prioritert oppgåve. Dels er det tale om å tilføra norsk musikkliv impulsar utanfrå, dels dreier det seg om å fremja norsk musikk og norske musikarar i utlandet. Viktige verkemiddel vil vera EUs rammeprogram for kultur, turnémidlar til orkestra, prosjektmidlar i Norsk kulturråd, arbeidet i Musikkinformasjonssenteret (MIC) og satsingar frå Utanriksdepartementet med presentasjon av norsk musikk og norske musikarar i andre land.

Den statlege politikken på musikkfeltet dekkjer dei fleste lekkjene i produksjons- og formidlingskjeda gjennom ulike støtteordningar til komponistar, utøvarar, konsertarrangørar og plateinnspelingar. Det er viktig å streka under samanhengen mellom dei ulike aktørane på feltet og mellom dei ulike økonomiske verkemidla. Til dømes er festivalane ein viktig konsertarena for ensembla. Ei styrking av festivalstøtteordninga vil difor gje ei indirekte styrking også av ensemblefeltet. På den andre sida kan fleirårig støtte til ensembla, i tillegg til å gje betra grunnlag for langsiktig kunstnarleg utvikling, medverka til at ensembla i større mon kan tilpassa seg planleggingshorisonten til konsertarrangørane. Auka satsing på skulekonsertordninga til Rikskonsertane vil innebera fleire oppdrag for frilansarar. Auka økonomiske rammer og endra retningsliner for innkjøpsordninga for fonogram kjem heile feltet til gode. Styrking på eitt område vil gje positive ringverknader for andre delar av feltet.

For å tryggja norsk musikkliv som ein blømande del av norsk kulturliv er det viktig at dei offentlege tilskota gjev fullgode rammer for kunstnarleg nyskaping og legg til rette for fleksibilitet og dynamikk i musikklivet.

Ballade vil i dagene fremover legge ut flere deler av Kulturmeldingen, da særlig innenfor feltene som berører musikk. Samtidig vil vi gjerne oppfordre alle berørte parter, både enkeltpersoner og organisasjoner, om å la sin stemme bli hørt i dette svært viktige dokumentet. Ballade vil gjerne stille vår spalteplass til disposisjon for både kommentarer, innhugg og forslag, og kan som vanlig kontaktes på epost-adresse ballade@mic.no.

Publisert:

Del: