Den kyrkjemusikalske verksemda i norske kyrkjelydar representerer eit viktig potensial i norsk kulturliv, skriv KKD i Stortingsmelding nr. 48. – Rammevilkåra for norsk kyrkjemusikk er i dag lite tilfredsstillande. Difor vert berre delar av dette potensialet utnytta. Både kyrkja og kulturlivet må tilleggjast ansvar for å leggja til rette for at rikdommen av kyrkjemusikk, skapt gjennom den lange historia kyrkja har, og i vår eiga tid, skal verta ein viktig integrert faktor i det indre livet til kyrkjelydane og i norsk kulturliv. Det bør setjast i verk tiltak for å styrkja rekrutteringa til kyrkjemusikaryrket og for å fremja regional og lokal satsing på kyrkjemusikalsk aktivitet, heiter det vidare.

Oslo Kirkefestival-symbol

Fra St.meld. nr. 48 (2002-2003), Kulturpolitikk fram mot 2014. Del 7.7: Kyrkjemusikk

Høgare norsk musikkutdanning har sidan andre halvdelen av 1800-talet hatt fundamentet sitt i organistutdanninga. Fyrste halvdel av 1900-talet var ein viktig vekstperiode for kyrkjemusikken i Noreg. Dei store endringane i musikkutdanninga i 1960- og 1970-åra hadde òg positive konsekvensar for kyrkjemusikken i landet, men den sterke voksteren i musikklivet generelt gjorde det lettare for musikkfagleg personale utanfor kyrkja å få arbeid. I den seinare tida har rekrutteringa til kyrkjemusikkyrka stagnert og gått tilbake. Musikkskulane og kulturskulane, som langt på veg har erstatta organistane som den sentrale musikkressursen i lokalsamfunnet, har i liten grad vore opptekne av kyrkjemusikk. Færre born og unge er dermed inspirerte til å gå vidare med kyrkjemusikk som studieområde.

Alle norske kyrkjer er rammer for gudstenester der musikk er eit grunnleggjande uttrykksmiddel. Kvar einskild kyrkje kan òg, både som kyrkjerom og som kyrkjelyd, velja å vera senter for musikkaktivitet ut over den liturgiske. Mange kyrkjer er eit slikt senter i lokalmiljøet sitt. Nokre kyrkjer har bygd opp ei omfattande verksemd med korarbeid for born, ungdom og vaksne, og instrumentalgrupper og konsertar, både ved eigne produksjonar og med inviterte musikarar. Kyrkjene har altså potensial for å driva musikkopplæring, konsertproduksjon og arrangement av konsertar i tillegg til å ivareta musikken som del av liturgiske tenester.

For å kunna nytta potensialet for musikkverksemd som finst i svært mange av landets kyrkjer, må ei rad føresetnader vera til stades:

På landsbasis må det leggjast til rette for ei medviten rekruttering av kyrkjemusikarar, mellom anna ved at kulturskulane må gje rom for orgelspel og kyrkjemusikk, og ved at born og unge får høve til å vera med på kyrkjemusikkaktivitetar som har kunstnarlege mål og vert leidde av kvalifiserte musikarar.

Leiinga i kyrkja må i ord og handling verdsetja kyrkjemusikalsk verksemd og aktivt støtta dei som har til oppgåve å driva slikt arbeid.
Det må opprettast fleire organiststillingar som gjev rom for brei kyrkjemusikalsk aktivitet, dvs. rom for øving og innstudering, konsertering, planlegging og administrasjon. Det må prioriterast å tilsetja høgt kvalifiserte og velfungerande musikarar i stillingane.

Kyrkjelyden/kommunen må løyva midlar til kyrkjemusikkverksemda, fyrst og fremst løn til profesjonell medverknad (permanent og ad hoc) og vedlikehald/kjøp av instrument. Løyvingar bør knytast til langsiktige handlingsplanar som er forankra både i leiinga i kyrkjelyden/styringsorgan og i samarbeidsavtalar med andre lokale aktørar (kulturskule m.v.).

Kyrkjelyden må sjølv syta for å ha den naudsynte organisatoriske infrastrukturen for å kunna handtera alle sider ved konsertverksemd, eventuelt i samarbeid med andre lokale konsertarrangørar.

Utfordringane på kyrkjemusikkfeltet er altså samansette. Vi har dessutan å gjera med ein stadig større pluralisme i musikalske sjangrar og uttrykk innanfor kyrkjerommet.

Det er i dag ingen særskilde avsetningar til kyrkjemusikkføremål. Kyrkjemusikkfestivalar kan søkja og få tildelt midlar over festivaltilskotsordninga i Norsk kulturråd. For 2003 er det gjeve tilskot til to festivalar med i alt 0,75 mill. kroner.

Departementet har vurdert rammevilkåra for kyrkjemusikken, jf. Budsjettinnst. S. nr. 2 (2002-2003), og har kome til at ein fyrst og fremst bør prioritera dei tiltaka som er omtalte ovanfor, og som gjeld handlingsrom for tilsette kyrkjemusikarar.

Det er to overordna omsyn departementet vil tilrå å leggja vekt på når det gjeld å styrkja rammene for kyrkjemusikken med økonomiske verkemiddel. Det bør veljast strategiar som gjev flest mogeleg ressursar til aktivitet, og ein bør prøva å avgrensa bruken av ressursar til administrasjon. Det bør veljast strategiar som ikkje etablerer ein statisk struktur, men som gjev høve til fleksibilitet og variasjonsbreidd.

Departementet har kome til at ei særskild støtteordning for kyrkjemusikk gjennom Norsk kulturråd vil vera ei god løysing for å ivareta desse overordna omsyna. Det bør ikkje gjevast tilskot til einskildprosjekt, men til program over fleire år, til dømes tre til fem år. Kyrkjelydar som vil prioritera kyrkjemusikk innanfor eit heilskapleg perspektiv, må oppfordrast til å utforma ein samla plan som omfattar eit knippe av dei komponentane som er nemnde ovanfor. Det er ein føresetnad at søknadene skal handsamast av eit utval med særleg kompetanse innanfor kyrkjemusikk, der kunstnarleg kvalitet er det overordna kriteriet for tildeling.

Publisert:

Del: