Mange ensemble driv ei langsiktig eller permanent verksemd som i stor grad medverkar til å oppfylla dei musikkpolitiske måla. Samstundes har mange ensemble store kostnader og få sjansar til å henta inntekter i marknaden. Mykje av innsatsen er ubetalt, og mange musikarar lyt ta anna arbeid i tillegg til det kunstnarlege. Kulturpolitisk er det ikkje tilfredsstillande at ein så viktig og omfattande del av musikklivet er utan økonomiske rammevilkår som kan sikra kontinuitet og utvikling i musikktilbodet til publikum, står det å lese i kulturmeldinga som vart lagt fram idag.

Valgerd Svarstad Haugland (offisielt)

Fra St.meld. nr. 48 (2002-2003), Kulturpolitikk fram mot 2014. Del 7.2: Ensemblefeltet.

Noreg har i dag eit rikt og pulserande musikkliv som i stor grad er resultat av at det dei siste tiåra har vakse fram mange nye ensemble som produserer, framfører og formidlar eit mangslunge musikktilbod av høg kvalitet både innanfor klassisk musikk – inkludert samtidsmusikk – og innanfor dei mange uttrykksformene av jazz, folkemusikk, pop, rock og verdsmusikk. Ut frå dei kulturpolitiske måla på musikkområdet om mangfald, kvalitet og tilgjenge er det behov for ei monaleg styrking av dei økonomiske rammevilkåra på ensemblefeltet.

Omgrepet ensemble femner i denne samanhengen om alle former for meir eller mindre faste konstellasjonar av samspel, små og store grupper, innanfor heile spekteret av musikkfeltet. Ensembla både lagar og formidlar musikk, og skapande og utøvande funksjonar kan vera innebygde i eitt og same prosjektet. Mange ensemble improviserer eller komponerer sitt eige materiale. Utgreiinga Musikkliv og musikkpolitikk (Norsk kulturråd 2002, rapport nr. 31) drøftar stoda for musikkensembla. Under Norsk kulturfond er det for 2003 sett av 12,9 mill. kroner i særskilt tilskot til musikkensemble. I tillegg får ensemble direkte eller indirekte midlar frå fleire andre kjelder, slik som engasjement for Rikskonsertane, oppdrag under festivalar, tiltak under Den kulturelle skulesekken m.m.

Ensembla medverkar til musikalsk utvikling ved å vera både nyskapande, nytolkande og tradisjonsberande og ved å inngå i utveksling på tvers av sjangrar. Gjennom turnéar og fonogram kjem ensembla heile landet til gode.

Mange ensemble driv ei langsiktig eller permanent verksemd som i stor grad medverkar til å oppfylla dei musikkpolitiske måla. Samstundes har mange ensemble store kostnader og få sjansar til å henta inntekter i marknaden. Mykje av innsatsen er ubetalt, og mange musikarar lyt ta anna arbeid i tillegg til det kunstnarlege. Kulturpolitisk er det ikkje tilfredsstillande at ein så viktig og omfattande del av musikklivet er utan økonomiske rammevilkår som kan sikra kontinuitet og utvikling i musikktilbodet til publikum.

Ensemblefeltet har difor eit særleg behov for sterkare innsats frå det offentlege. Det store mangfaldet av ensemble har tronge vilkår. Ei rad gode instrumental- og vokalensemble gjer seg gjeldande innanfor eit breitt spekter av uttrykksformer, samstundes som det finst eit potensial for endå meir spesialisert og variert verksemd. Somme ensemble held i hop i lang tid, andre har ein meir mellombels og prosjektprega karakter.

Jamvel om ensembla kan søkja tilskot frå fleire ordningar, kan berre ein liten del av behovet dekkjast opp innanfor gjeldande rammer. Dette gjeld både innanfor klassisk musikk, pop/rock og tradisjons- og improvisasjonsmusikk. Det er ei utfordring å skapa eit betre grunnlag for ensembleverksemd, både for langsiktig arbeid innanfor dei store repertoarområda (kammerorkester, sinfonietta, vokal, tidlegmusikk, storband m.m.) og for prosjekt innanfor alle sjangrar. Behovet for å styrkja og profesjonalisera korfeltet skal i denne samanhengen haldast fram særskilt. Det er elles ynskjeleg at kyrkjemusikken vert knytt musikkpolitisk betre i hop med musikkfeltet elles. Ensemble innanfor alle sjangrar og uttrykksformer bør dessutan få betre høve til å utvikla gode konsert- og fonogramprosjekt.

Det er neppe tenleg å samla dei statlege tilskota i éi ordning ubunden av sjangrar, men det kan vera naturleg å leggja til rette for ei meir heilskapleg og samordna tilskotsforvaltning, der det vert lagt særleg vekt på kvalitet, den kunstnarlege profilen, evne til formidling, aktivitet, storleik, stabilitet og potensial for kunstnarleg utvikling hjå kvart einskilt ensemble. Vidare vil det vera tenleg at Norsk kulturråd gjev tilsegner om fleirårig tilskot til ensemble når det er eit særleg behov for å arbeida utan avbrot med produksjon og formidling over ein lengre periode.

Departementet legg til grunn at ein monaleg auke i tilskota til ensembla er naudsynt for å gje feltet rimelege vilkår for vidare utvikling og for å letta nyetableringar.

Ballade vil i dagene fremover legge ut flere deler av Kulturmeldingen, da særlig innenfor feltene som berører musikk. Samtidig vil vi gjerne oppfordre alle berørte parter, både enkeltpersoner og organisasjoner, om å la sin stemme bli hørt i dette svært viktige dokumentet. Ballade vil gjerne stille vår spalteplass til disposisjon for både kommentarer, innhugg og forslag, og kan som vanlig kontaktes på epost-adresse ballade@mic.no.

Publisert:

Del: