– Innkjøpsordninga for fonogram bør styrkjast for å tryggja at ein større del av viktige produksjonar med norske musikarar og norskkomponert musikk kan verta innkjøpt, anten produksjonen er utgjeven av eit norsk eller eit utanlandsk selskap. I tillegg til å auka talet på innkjøpte titlar monaleg er det òg ynskjeleg å auka talet på innkjøpte eksemplar per tittel noko og å opna for innkjøp av antologiar over fonogramkarrieren til enkeltkomponistar/artistar eller band/ensemble, eventuelt også spesielle musikksjangrar eller geografisk baserte musikalske uttrykk, fortel kulturmeldinga, som vart offentliggjort fredag.

Plateillustrasjon

Fra St.meld. nr. 48 (2002-2003), Kulturpolitikk fram mot 2014. Del 7.6: Innkjøpsordninga for fonogram

Innkjøpsordninga for fonogram bør styrkjast for å tryggja at ein større del av viktige produksjonar med norske musikarar og norskkomponert musikk kan verta innkjøpt, anten produksjonen er utgjeven av eit norsk eller eit utanlandsk selskap.

Innkjøpsordninga for fonogram skal styrkja norsk produksjon av høg kvalitet til beste for produksjonsselskap, komponistar, utøvarar og musikklivet elles. Dei innkjøpte fonogramma er i dag produksjonar i CD-format, men det må vera ei løpande vurdering om andre medium og distribusjonsformer som vert gjorde mogelege av den teknologiske utviklinga, skal koma inn under ordninga.

For 2003 er det avsett 6,4 mill. kroner til ordninga. Dei tronge økonomiske rammene har ført til at det i hovudsak berre vert kjøpt inn utgjevingar med norske utøvarar som er produserte her i landet, og at berre 20 pst. av alle utgjevingane i denne gruppa kan kjøpast inn. Dette inneber at ein med nokre få unnatak ikkje kan kjøpa inn verdfull musikk som er spela inn på utanlandske selskap av norske musikarar.

Det vert kjøpt inn 550 eksemplar av kvar tittel. Desse vert distribuerte til bibliotek, skular, norske utanriksstasjonar og musikkmiljø i utlandet. Fonogramma vert slik tilgjengelege for eit breitt publikum i Noreg, og dei utgjer eit viktig bidrag til presentasjonen av norsk kultur i utlandet.

I tillegg til å auka talet på innkjøpte titlar monaleg er det òg ynskjeleg å auka talet på innkjøpte eksemplar per tittel noko og å opna for innkjøp av antologiar over fonogramkarrieren til enkeltkomponistar/artistar eller band/ensemble, eventuelt også spesielle musikksjangrar eller geografisk baserte musikalske uttrykk.

Innkjøpsordninga for fonogram, som Norsk kulturråd starta i 1985, vart i ein lang periode forvalta av Norsk Musikkinformasjon, no Musikkinformasjonssenteret, men er frå 2000 ført attende til Norsk kulturråd. Musikkinformasjonssenteret er kontaktled til utlandet når fonogramma skal formidlast, og senteret er med på å velja ut musikkformidlarar og musikkmiljø.

Innkjøpskomiteen, som innstiller kva titlar som skal kjøpast inn, er til no peikt ut av organisasjonane FONO, GramArt, IFPI, Musikernes Fellesorganisasjon, NOPA, Norsk Komponistforening og Rådet for folkemusikk og folkedans. Fleire relevante organisasjonar er ikkje representerte i komiteen, men det er viktigare å sikra den faglege kompetansen i komiteen enn at fleire ulike organisasjonar skal vera representerte. Departementet ynskjer å gå bort frå ordninga med at utvalde organisasjonar oppnemner representantar, og i staden oppnemna ein komité etter framlegg frå relevante organisasjonar tufta på behovet for fagleg ekspertise og på same måten som for dei andre fagutvala til Kulturrådet.

Ballade vil i dagene fremover legge ut flere deler av Kulturmeldingen, da særlig innenfor feltene som berører musikk. Samtidig vil vi gjerne oppfordre alle berørte parter, både enkeltpersoner og organisasjoner, om å la sin stemme bli hørt i dette svært viktige dokumentet. Ballade vil gjerne stille vår spalteplass til disposisjon for både kommentarer, innhugg og forslag, og kan som vanlig kontaktes på epost-adresse ballade@mic.no.

Publisert:

Del: