Det blir både meir penger til gåveforsterking og regionale kulturbygg.

Kulturminister Trine Skei Grande, © Elisabeth Fjørtoft/Kulturdepartementet

Kulturdepartementet vil fordele heile 93 millionar kroner av spelemidlane til kulturformål til gåveforsterkingsordninga for kunst og kultur. Det er 23 millionar kroner meir enn det som vart varsla i budsjettframlegget for 2018 i fjor haust. Det høge beløpet er ei særskild tildeling i 2018.

– Ei breiare finansiering gjer kulturlivet sterkare og meir uavhengig. Regjeringa ønsker meir private pengar inn i norsk kulturliv, og vi ser at kunst- og kulturaktørar i aukande grad ser verdien av både å skaffe private gjevarar og å søke om gåveforsterking, seier kulturminister Trine Skei Grande i ei pressemelding.

Det blir også auka tilskot til regionale kulturbygg når regjeringa legg meir pengar inn i den desentraliserte ordninga for tilskot til kulturbygg. Ramma aukar med 4,7 millionar kroner. Totalt vert det løyvd 51,7 millionar kroner til denne ordninga frå spelemiddeloverskotet i Norsk Tipping.

– Med denne auken kan fylkeskommunane realisere fleire kulturprosjekt, seier kulturminister Trine Skei Grand i meldinga.

Det kan søkjast om tilskot frå ordninga til kulturhus, fleirbrukslokale, spesiallokale for kunst og kultur som bibliotek, museumsbygg eller andre kulturverntiltak, scenekunstlokale, konsertsalar eller formidlingslokale for biletkunst.

Gåveforsterkingsordninga vart innført i 2014 for å stimulere til meir privat finansiering av kulturinstitusjonar. Ordninga vart introdusert i museumssektoren, men omfattar no også gåver til musikk, litteratur, scenekunst, visuell kunst og kulturbygg. I ordninga forsterkar staten gåver frå private gjevarar med 25 prosent. Kulturdepartementet administrerer ordninga. Behandlinga av søknadane og utbetaling av gåveforsterking skjer fortløpande etter kvart som søknadane kjem inn. Dersom ramma blir brukt fullt ut, blir søknadar som står att, overførte til neste budsjettår etter same prioritet.

Publisert:

Del: