Bach og Grieg klarer seg framleis godt i møte med skuleborn i ein gymsal. Likevel kan ymse drahjelp gjera at musikken kan nå enno betre inn, meiner Tori Skrede.

© Foto: Dks Akershus

Minst to klassiske einmannsshow turnerer i barneskulane i Akershus i regi av Den kulturelle skolesekken denne våren. Pianisten Torgeir Koppang reiser med eit raudt el-piano og ein pc som gjer det mogleg å spela av ulike digitale bilete. Cellisten Bård Bostrup reiser med cello og el-cello. Koppang presenterer musikk av både Grieg, Mozart, Beethoven og Bach, medan Bosrup held seg til Bach og ein av cellosuitene hans i konserten ”Bård & Bach”. Begge konsertane blir spela for born frå 1. til 7. klasse.

Vri og vreng? Hæ?
Og det er nettopp innpakkinga og tilrettelegginga av den klassiske musikken som gjorde underteikna nysgjerrig på desse konsertane. Spesielt skulekonserten ”Pianoet!” blir på nettsidene til skulesekken i Akershus http://akershus.ksys.no/produksjon_15979 marknadsført på ein måte som får han til å verka småpanisk tilrettelagt. I programomtalen kan ein til dømes lesa:

”Klassisk piano med vri og vreng! Torgeir vil vise deg at de klassiske pianokonsertene er noe som kan være ganske så rock ’n roll når han spiller disse for deg på din skole. Kanskje du kommer til å like klassisk piano etter dette?”

Kvifor må det vera naudsynt med vri og vreng og rock’n roll?

Dette får ein anmeldar med bakgrunn som klassisk pianist og med eit nært og kjærleg høve til den klassiske pianomusikken til å stønne. Kvifor må det vera naudsynt med vri og vreng og rock’n roll? ”Kanskje du kommer til å like klassisk piano etter dette?” Den tendensiøse omtalen fekk meg til å tenkje på gamaldagse skulekonsertar med titlar som ”Dra opp en sløy låt, herr konsertmester” og det var med ganske skeptiske auge eg entra gymsalen på ein grunnskule i Asker ein dag i april.

Trolltog fascinerer
Så var konserten mykje betre enn forventa. Eg fekk vera med på ein tettpakka halvtime der elevane møtte kjend pianomusikk av Grieg, Mozart, Beethoven og Bach. Dei fekk lære om utviklinga av tasteinstrumenta frå cembaloet via hammerklavereret til det moderne flygelet. Og alle klangane frå dei ulike epokane vart demonstrerte på el-piano medan bileta kom opp på eit lerret. Fleire av elevane eg snakka med etterpå meinte at gjettekonkurransen, der tilhøyrarane skulle kopla kva bilete som høyrde saman med ”Sommerfugl” og ”Trolltog” av Grieg, var det beste Etterpå kom ei framføring der videoklipp med sommarfuglar og småtroll gjekk i lag med Koppang sin Grieg, som på si side vart akkompagnert av henførte ”ååhh” frå tilhøyrarane.

På mange måtar viste ”Pianoet!” seg å vera ein langt meir tradisjonell konsert enn programomtalen la opp til. I alle fall var det ein mykje meir, kva skal ein seie, seriøs konsert. Sjølvsagt er ikkje den korte programomtalen på nettsidene til DKS det viktigaste i denne samanhengen. Men det er likevel interessant å sjå kva for bilete dei ansvarlege ynskjer å teikne og med det kva for inntrykk ein får av, og kva forventningar ein får til, det ein skal oppleve.

Gjennom konserten vart komponistane presenterte på bilete. Her er la Koppang opp til humor ved mellom anna ved å vise ein Johann Sebastian Bach som skar grimasar, og han fortalde at Grieg greidde barten sin kvar einaste dag. Det fungerte greitt, sjølv om eg ikkje er sikker på at elevane vart like overraska som meg over å sjå den som oftast gravalvorlege Bach med eit ganske anna andlet. Det pedagogiske, men òg kunstnarleg interessante poenget med å presentere tangentinstrumenta i musikk frå ulike epokar, var imidlertid særs vellukka. Slik fekk ein lære om instrumentutviklinga og det vart naturleg variasjon i uttrykket i musikken. Og ein fekk mykje historisk og biografisk kunnskap attpå. Då eg snakka med ei gruppe elevar etterpå og spurte kva dei likte best, var det fleire som framheva instrumentpresentasjonane.

Bård og bach Foto: Øivind Möller Bakken
Bård og bach Foto: Øivind Möller Bakken

Bård og Bach
Kva så med radarparet Bård og Bach, som inntok gymsalen på ein barneskule på Romerike ein tung aprilføremiddag? I omtalen av konserten framstår ikkje musikken like rocka som i ”Pianoet!”. Men konserten er likevel presentert som noko nytt og banebrytande og meir moderne, ved at Bosrup brukar el-cello både i eigen improvisasjon og eit eige verk skrive som ein fantasi over Bachs cellosuite i G-dur, som han spelar først i konserten.

I omtalen heiter det: ”Bård har spilt Bachs cellosuiter i mange kirker og konserthus, men har lenge hatt en drøm om å legge notene til side og spille dem på sin egen måte. I denne skolekonserten skal Bård spille Cellosuite i G-dur, som er den første av de seks cellosuitene Bach skrev. Han kommer først til å spille cellosuiten på sin vanlige cello, så kommer han til å spille den samme musikken og improvisere på sin el-cello og loopmaskin. Til denne konserten har cellisten og komponisten Stephan Schrader skrevet verket Bård & Bach. Det er en ”fantasi” over Cellosuite i G-dur, for el-cello og loopmaskin – hold dere fast!

Dette, som var avslutninga på konserten, viste seg å bli særs spanande. Men først fekk vi høyre G-dur-suiten i tradisjonell versjon. Gymsalen på Romerike er av det klassiske slaget. Ein skal ikkje seia at det var mykje uro, men ein del småprat og lyd var det før konserten tok til. Eg vart litt nervøs. Ville dette funke?

Etter å ha vore med på desse to klassiske konsertane er det ganske tydeleg at klassisk musikk kan fenge, men at rein instrumentalmusikk kan bli kjedeleg heilt åleine.

Ein genuin formidlar
Det gjorde det, ved at Bosrup var genuint til stades i formidlinga. Innimellom satsane fortalde han om kva som kjenneteiknar dei musikalsk, og om historia frå Bach si tid. Litt småprat og lyd er det i salen når han snakkar, det er nok dét som fengjer minst. Men ein kan merka at roa senkar seg når han tek til å spela. Musikken når inn, og i nokre av dei raskare satsane tek publikum til å klappe og plystre lenge før satsen er ferdig.

Etter 25 minutt dreg han fram el-celloen. -Er det nokon som veit kva dette er for eit instrument, spør Bosrup. Det er det ikkje. Men instrumentet har leidningar, og når musikaren fortel kva han skal gjera, nemleg å spela inn ulike lydar og tema som blir tekne opp av loopmaskinen, blir tilhøyrarane interesserte. Det er kjempegøy å høyra dei ulike musikalske ingrediensane i ein heilt ny samanheng. Bosrup varierer uttrykket sitt, av og til spelar han pizzicato så det nesten let som jazzkontrabass, og til slutt blir publikum oppmoda til å klappe på to og fire. Eg har aldri gjort dét til Bachs cellosuiter før.

Det er litt uklårt kva tid Bosrup glir over frå sine eigne improvisasjonar til Schrader sitt verk. Men det er ikkje så farleg. Begge delar viser fram Bach sin musikk i ein ny og spanande samanheng. Visst veit eg at cellosuiten har barokke dansesatsar i botnen, men eg får likevel ein heilt annan dansefot når det rytmiske blir vidareutvikla på den måten Bosrup gjer i improvisasjonane sine.

Det er håp for den klassiske musikken
Etter å ha vore med på desse to klassiske konsertane er det ganske tydeleg at klassisk musikk kan fenge, men at rein instrumentalmusikk kan bli kjedeleg heilt åleine. Ein som meg vil sjølvsagt helst at Bach og Beethoven skal klare seg godt utan tilrettelegging av noko slag. Og det funkar innimellom, det var lett å sjå at mange av ungane på konserten i Akershus hadde ei oppleving av Bachs cellosuite. -Men bryllupssatsen var kjedeleg, sa ei av jentene eg snakka med etterpå. Ho meinte det var kulare når den elektriske celloen kom inn.

Torgeir Koppang Foto: Sindre Storvoll
Torgeir Koppang Foto: Sindre Storvoll

Humor og kunnskap
Pianist Torgeir Koppang hadde lagt seg på ei meir humoristisk linje der han starta med å tulle litt med den klassiske konsertforma. Han var i smoking i gymsalen midt på kvardagsføremiddagen, og opna med å fortelje korleis det plar å vera på klassiske konsertar med ein pianist: Pianisten kjem inn og ser veldig alvorleg ut, publikum klappar og sluttar å klappe rett før han skal ta til å spela. Dette vart prøvd ut før Koppang sette seg til pianoet.

Koppang la vekt på å presentere Beethoven som den første rockaren, og demonstrerte med eit utdrag av Waldstein-sonaten. Kvifor denne sonaten gjer Beethoven til rockar forstår eg ikkje heilt, og er trur at dét og gjekk tilhøyrarane hus forbi. Eg tolkar det som at Koppang refererte til det progressive i musikken, det grensesprengjande: Men borna er nok ikkje er vane med rocke-omgrepet i ein slik samanheng, og koplar heller rocke-omgrepet til musikksjangeren slik vi kjenner han i dag.

Det som fenger dei unge tilhøyrarane er ei naturleg utviding av musikken gjennom andre estetiske uttrykk.

Slike formuleringar føreset nok at ein kjenner Beethoven sin musikk og biografi frå før. Og, som før nemnd, Koppang viste eit bilete av Bach med ein utruleg grimase i andletet og klipp frå Amadeus-filmen der Mozart ler som ein galen. Alt dette var med på å dra komponistane ned frå dei finkulturelle pidestallane. Hadde det berre vore slike poeng heile vegen hadde det vorte for mykje, men i denne samanhengen balanserte det bra opp mot dei andre bileta og instrumentdemonstrasjonane.

Ord skapar distanse
Etter å ha vore med på desse to konsertane blir det ganske klårt at det ikkje er så radikale grep som skal til for å gjera den klassiske musikken enno litt meir spanande enn som eit reint, akustisk uttrykk. Det som fenger dei unge tilhøyrarane er ei naturleg utviding av musikken gjennom andre estetiske uttrykk. Gjennom ny musikk utforma på ein ny måte, som i ”Bård &Bach” og gjennom visualisering gjennom bilete og filmsnuttar knytt direkte til musikken. Det er fint. Og då blir det tabloide salsstuntet der den klassiske musikken blir presentert som rock’n roll ganske absurd. Det viser at det òg kan vera val av ord og omgrep som stiller seg mellom publikum og musikken. Under konserten ”Bård & Bach” var det også når musikaren snakka og fortalde at publikum ramla av.

Publisert:

Del: