Publisert:

Del:

Kulturminister Linda Hofstad Helleland har offentliggjort hvor det nye kontoret til Norsk Kulturråd skal ligge.

Kulturrådet fikk i statsbudsjettet for 2017 i oppdrag å etablere et kontor utenfor Oslo. Kulturministeren gjorde det i dag kjent at Norsk Kulturråd sitt kontor med navnet Kreativt Norge skal ligge i Trondheim.

– I Trondheim er det eit sterkt miljø knytta til NTNU og ny teknologi. Ved å legge Kreativt Norge i Trondheim sikrar vi at dei ulike fagmiljøa raskt bidrar saman til å etablere eit vitalt kontor for kulturell og kreativ næring, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland i en pressemelding.

Les også: Kreativ næringsretorikk

Målet med Kreativt Norge er ifølge meldinga å bidra til omstillig, vekst, verdiskaping og arbeidsplassar regionalt gjennom auka investeringar i, og omsetnad av kunst- og kulturproduksjonar.

Auka kompetanse på entreprenørskap, forretnings- og marknadsutvikling på kulturfeltet skal vere sentralt i arbeidet. Kreativt Norge skal også vere eit nasjonalt kontor som arbeider aktivt for å styrke kulturell og kreativ næring i alle regionar, i tillegg til å hjelpe til med å utvikle eit vitalt kulturliv som legg til rette for kulturell vekst og talent over heile landet.