Kororganisasjonane og dirigentorganisasjonen FONOKO underteikna mandag ein samarbeidsavtale. Samarbeidsforumet representerer til saman 66 000 medlem.

Koralliansen etter undertegnelse av avtalen Foto: Ung i Kor

Alle kororganisasjonane i Noreg og dirigentorganisasjonen FONOKO har mandag underteikna ein samarbeidsavtale under namnet Koralliansen. Dermed har korfeltet no eit samarbeidsforum som representerer til saman 66 000 medlem.

Les også: Sterkere sammen

Koralliansen er eit resultat av årelangt samarbeid mellom organisasjonane Norsk sangerforum, Norsk Sangerforbund, Norges kirkesangforbund, Ung i Kor og FONOKO -Foreningen norske kordirigenter.

Les også: Ønsker samarbeid

Komplett samarbeid
Etter fleire års samarbeid blei namnet Koralliansen til hausten 2015. Dei nevnte organisasjonane har stått samla gjennom ein felles samarbeidsavtale som er inngått for å fremje samarbeid og styrke den frivillige korsangen i Noreg.

Mandag signerte også Ung kirkesang og Norges Korforbund den felles avtalen mellom organisasjonane, og dermed er heile kor-Noreg samla.

Victoria Liedbergius Foto: Privat
Victoria Liedbergius Foto: Privat

– Kva vert dei viktigaste sakene for Koralliansen?

– Dei viktigaste sakene framover vil vere å finne den beste måten å samarbeide på mellom organisasjonane, finne samarbeidsprosjekt og felles satsingar. I tillegg vil det vere å stå saman offentleg, og jobbe saman politisk, seier leiar i Ung i Kor, Victoria Liedbergius.

Ho fortel at det særleg vil vere arbeid for ei større dirigentsatsing som vil stå sentralt.

– Dirigentsatsinga er eit felt der vi alle er einige om at vi treng fleire ressursar. Det gjeld både for oss som satsar på barne- og ungdomskor, på kyrkjemusikk, og voksenkor.

– Korleis skal de organisere arbeidet?

– Vi har hatt vårt første møte i dag, så vi har ikkje kome oss gjennom alle detaljar for organiseringa endå. Det er ikkje klart om vi skal ha eit sekretariat eller om vi skal halde fram med flat struktur og møteleiing på omgang. Inntil vidare har vi i Ung i kor ei koordinerande rolle.

Liedbergius fortel vidare at det har teke tid å få samla alle organisasjonene til samarbeid. Dei fire organisasjonane som gjekk saman for halvtanna år sidan har i så måte breidd grunnen for avtalen som vart underteikna mandag.

Publisert:

Del: