Under fjorårets Ultimafestival vart den første fasa av Konkressens gjennomført; eit seminar der det vart gjeve innføring i norsk kveding og den mongolske difoniske songen. Teknikkane vart presenterte for og tekne i bruk av dei klassisk skulerte songarane i vokalensemblet Nordic Voices. Under årets avslutningskonsert får ein høyra resultatet av fase to der dei seks komponistane har fått i oppdrag å skriva kvar sine verk der det nye materialet er teke i bruk. Kva for perspektiv har Konkressens opna for desse? – Konkressens er eit lidenskapleg eventyr, seier Bernat Vivancos. – Dei tema ein nærmar seg i Konkressens-prosjektet utdjupar lyden sin essens, og for komponisten er dette veldig spennande.

Ragnhild Berstad, © Lisbeth Risnes

Av Ida Habbestad

Ordet concrescence (av latin con- saman, og crescere – veksa) vart opphavleg teke i bruk av filosofen Alfred North Whitehead. Det beteiknar “prosessen som fører ulike eigenskapar saman til ein konkret ting i den fysiske verda”. Men Konkressens er òg namnet på eit prosjekt som den norske komponisten Lasse Thoresen har teke initiativ til, der ulike eksisterande vokale tradisjonar vert samanførte.

Gjennom prosjektet vil ein finna synergiar mellom måtar å nytta stemma på som skil seg frå den vestlege klassiske songtradisjonen. Ein opnar med dette for nye strukturelle høve i tonehøgde (mikrotonar) og klang, og ser på lydane i stemma frå eit fenomenologisk perspektiv. I tradisjonell vestleg musikkteori har alltid tonehøgde og varighet vore tillagt størst vekt, medan ein i Konkressens fokuserer på energiaspektet av lyden. Ynskjemålet er å skapa nye ressursar for vokal praksis og komposisjon – basert på ein uføreseieleg synergi mellom tradisjonane.

Under fjorårets Ultimafestival vart den første fasa av Konkressens gjennomført; eit seminar der det vart gjeve innføring i norsk kveding og den mongolske difoniske songen. Teknikkane vart presenterte for og tekne i bruk av dei klassisk skulerte songarane i vokalensemblet Nordic Voices. Under årets avslutningskonsert får ein høyra resultatet av fase to der dei seks komponistane Guy Reibel, Bernat Vivancos, Georg Friedrich Haas, Ragnhild Berstad, Henrik Ødegaard og Lasse Thoresen har fått i oppdrag å skriva kvar sine verk der det nye materialet er teke i bruk. Kva for perspektiv har Konkressens opna for desse?

Eit lidenskapleg eventyr
— Konkressens er eit lidenskapleg eventyr, seier Bernat Vivancos. – Dei tema ein nærmar seg i Konkressens-prosjektet utdjupar lyden sin essens, og for komponisten er dette veldig spennande.

Vivancos er utdanna organist, pianist og fiolinist, og i tillegg til verksemda som komponist, arbeider han som organist i La Mare de Déu des Angels i Barcelona.

Til Konkressens har han skrive eit verk om kjærleik, basert på to tekstar frå Salomos Høgsong:

— Den sakrale kjærleiksteksten i Bibelen høvde godt til min musikalske idé, utdjupar han. – Salomos bok er ein dialog mellom Han og Henne, og på same tid er det enkelte teologar som meiner at denne dialogen speglar ein relasjon mellom Gud og manneætta.

Vivancos sin musikalske idé har mellom anna vore å bringa inn den katalanske tradisjonen. Dette har han gjort ved å basera melodimaterialet på katalanske folkesongar, der enkelte intervall er høgja eller senka for å gje ein spesiell farge. Det harmoniske materialet er inspirert av spektralharmonikk, utfylt med difonisk song og undertonar – tonar som kling saman med ei grunntone på same vis som overtonar, men med lågare frekvens enn grunntonen.

— Verket byrjar som ein einsam song – ei einsemd som når kvile og lukke når dei to oppdagar og forelskar seg i kvarandre, fortel Vivancos.

1+1+1 = ?
— Då eg høyrde Nordic Voices nytta den spesielle norske teknikken med brystklang, var det starten på min komposisjonsprosess, fortel Georg Friedrich Haas.

Den austerrikske komponisten har lete seg inspirera av den norske tradisjonen. Men han påpeikar at det i Konkressens ikkje berre er nokre få element som verkar saman, men mange. Den vestlege, moderne måten å synga på er eitt sjølvsagt fundament ein alltid har med seg og må gå fram i høve til. Likeeins har dei seks komponistane sine personlege uttrykk og preferansar. Og i tillegg til desse grunnleggjande føresetnadene, har samtlege av komponistane på ulike vis teke med seg ytterlegare element inn i komposisjonsprosessen.

Sjølv har Haas lete teksten i verket sitt ta utgangspunkt i eit utval bilete av målaren Lars Hertervig. Haas arbeider med ein opera om Hertervig og har teke med seg sin fascinasjon for målaren til Konkressens. Han har kalla verket “Hertervig Studien”, og språket (eller i alle fall utgangspunktet for det) er norsk:

— Dette er min første komposisjon med norsk tekst, seier Haas. – Kanskje er det òg den siste, for det er vanskeleg å skriva på eit anna språk, å få fram den rette talemelodien. Men eg har gjeve songarane stor fridom, slik at dei kan improvisera fram både talemelodi og aksent. Og eg har filtrert ut alle konsonantar så berre vokalane står att. Det er som eit elektronisk filter – berre at komposisjonen ikkje er elektronisk.

Haas er mellom dei komponistane som har arbeidd mykje med mikrotonalitet tidlegare – og er oppteken av å få fram det mikrotonale i språket. Når det gjeld tilhøvet hans til overtonar, har det vore noko anstrengt – Konkressens har
kanskje vore med på å gjenvekkja interessa?

— Først ynskte eg ikkje nytta overtoner i komposisjonen, fortel Haas. – Eg er alltid redd for å nytta esoterisk materiale i komposisjonane mine – det er ikkje heilt fritt og abstrakt. Når ein gjer bruk av eit trekkspel, til dømes, er ein knytt til dei sosiale elementa, ein får assosiasjonar til tango eller liknande. Når eg komponerer er det viktig å koma vekk frå desse forventningane; eg nyttar akkordeonet alltid som eit orkester- eller kammerinstrument, og noko av det same er det eg har freista gjera med overtonane her.

Difoni
Noko av det mest banebrytande med prosjekt Konkressens, er nettopp at det gjev rom for bruken av ein utvida tonalitet; med kvarttonar, mikrotonalitet og overtonar som viktige element. For dei norske deltakande komponistane har kanskje den største inspirasjonen og nyvinninga vore å finna i demonstrasjonen av difonisk song, som stammar frå Mongolia.

— Den mongolske difoniske syngemåten forutsetter at man gjør mange ting stikk i strid med en vanlig sangtradisjon, fortel Lasse Thoresen.

— I prinsippet handler det om å dele stemmeklangen i to, så du i tillegg til grunntonen får deltonene ut som hørbare enkelttoner, en slags plystrelyder. Hvis man først mestrer å skille ut deltoner, kan man gå videre og til en viss grad svekke grunntonen, slik at man bare hører plystrelyden. Men det siste krever et veldig indre trykk, en voldsom anspenning av muskler helt fra buken og langt oppover halsen; strupehodet er i topposisjon.

I Thoresens verk, ”Diphonie I”, er overtonerekkja ein naturleg del av oppbygginga:

— Stykket er bygget på intervallceller på den syvende deltonen, forholdene 7:6 og 8:7 som sammenlagt gir 8:6, det vil si en ren kvart. Den syvende deltonen deler kvarten på midten og er egentlig et veldig konsonerende intervall. Men den brukes nesten ikke i messingspill, som alltid bruker deltonene som intonasjonsbasis, fordi den er uren i forhold til det tempererte systemet, fortel Thoresen.

Utgangspunktet er materiale frå munnharpetradisjonen i Asia.

— Munnharpespillet benytter mange av de musikalske mulighetene som finnes i difonisk sang, seier Thoresen. – Jeg har laget endel klangobjekter med utgangspunkt i ulike ikke-melodiske måter å spille munnharpe på.

O store mysterium
Eitt av utgangspunkta for Konkressens har vore å syna korleis ulike kulturar ikkje treng å vera konfliktskapande ved å polarisera skilnader mellom dei, men at dei tvert i mot kan vera berikande for kvarandre.

Henrik Ødegaard er komponist og organist busett i Sauherad i Telemark. Ødegaard fortel han har hatt mykje kontakt med den norske folkemusikken, særleg den vokale, men har ikkje før gjort bruk av overtonesong eller element frå dei meir eksotiske kulturane i komposisjonane sine. Ødegaard fortel om det utfordrande aspektet ved å stå ovanfor dei mange nye muligheter:

— Dette er det verket jeg har brukt lengst tid på å skrive på mange år, seier Ødegaard. – Jeg måtte nullstille meg, og se hvilke virkemidler av dem som nå sto til rådighet som kunne bære det innholdet jeg ville ha i musikken.

I likhet med fleire av dei andre komponistane, har Ødegaard valt ein latinsk tekst som grunnlag for komposisjonen sin.

— Mitt utgangspunkt er den klassiske liturgiske teksten “O magnum mysterium”, som jeg syntes passet godt, fortel Ødegaard. – Overtonesang trives best i rolig tempo, og de vage og mystiske stemningene finnes her i rikt monn. De ikke-tempererte intervallene bærer også noe mystisk, fjernt og fremmed i seg, og har en veldig sterk uttrykkskraft!

Ødegaard understrekar vidare betydinga av å ha vore utøvande deltakar på seminaret:

— Det kom opp nokså mange ideer hos meg under improvisasjonsarbeidet og til og med under de forberedende tekniske øvelsene til overtonesang. Noen få av disse ideene har jeg også brukt og viderutviklet i komposisjonen. I tillegg har jeg prøvd å utnytte tekstens, og spesielt vokalenes klangfarge og overtonestruktur som selvstendig musikalsk element, i det jeg i begynnelsen lar damestemmene “herme” overtonene i herrenes vokaler, og deretter forsterke dem, for så å gjøre det til et eget samklangselement.

Amores
Ragnhild Berstad er òg mellom komponistane som har nytta eit latinsk tekstgrunnlag. Verket hennar er basert på Ovids (43 f. Kr. – 17-18 e. Kr.) “Amores”. Ovid klagar i dette diktet over korleis det tykkjest som om pengar og materielle ting er det einaste som betyr noko – medan ein tidlegare verdsette dikt og kunst.

— Teksten er jo like aktuell idag! seier Berstad.

Berstad er komponist, busett i Oslo, og under festivalen representert med fleire urframføringar, mellom anna under opningskonserten med verket “Quaero – tilblivelse“. Komponisten har lang røynsle i å nytta norsk folkemusikk i verka sine, og jamvel element frå difonisk song, men då helst i sin instrumentale musikk. For henne ligg difor mykje av Konkressens sin verdi i at prosjektet gjev høve til å nytta difoniske element også i vokale verk:

— Jeg har jobbet mye med overtoner i instrumental musikk. Jeg har også vært klar over mulighetene som finnes i stemmen, men det flotteste med seminaret med Dr. Tran Quang Hai var nettopp å få lære å hente disse mulighetene frem. Jeg visste for eksempel ikke at det var mulig for kvinner å hente frem så mange overtoner, seier Berstad.

Berstad fortel at ho bevegar seg inn i komposisjonen mot difonisk song via vokaltransformasjonar – noko som grunngjer valet av latin:

— Jeg splitter opp teksten, starter med en konsonant og nærmer meg gradvis ordet. Så tømmes det, og vi er inne i ren lyd. En grunn til valget av latinsk tekst, er at vi på latin har diftonger eller vokaltransformasjoner, og når vi framfører dem langsomt får vi fram overtoner. Disse vokalsammensetningene gjør at jeg kan arbeide med tonen, og utvikle dette gjennom verket – og først nærme meg difonisk sang mot slutten av stykket, fortel Berstad.

Grunnsteinen
Avslutningsvis trekkjer Berstad fram grunnsteinen i Konkressens: vokalsekstetten Nordic Voices. Deira rolle har vore å utprøva dei nye teknikkane og gje døme på kva som er mogleg å utføra for den tradisjonelt skulerte stemma.

— Døråpneren har vært Dr. Tran Quang Hai’s arbeid med Nordic Voices, meiner Ragnhild Berstad. – Vi har nå fått musikere som kan gjøre disse tingene, som er inspirerte og som ønsker å fortsette å jobbe med det. Det har vært et savn blant oss komponister; vi vet at det er så mange muligheter som ligger der, og samtidig hvor lite den skolerte utdanningen gir. Nå er det veldig spennende hva vi på sikt kan gjøre videre!

Guy Reibel er den siste komponisten i prosjektet; hans stykke har tittelen “Les Sept péchés capitaux”. Reibel var diverre ikkje tilgjengeleg under intervjufasen.

FAKTA
Konkressens tok form på idéplanet i 2002, med Lasse Thoresen som initiativtakar og leiar. Under Ultima 2005 vart første fase i prosjektet; eit fire dagar langt seminar ved Norges musikkhøgskole, gjennomført. Her deltok bidragsytarar som Gro Kruse, Lasse Thoresen, Guy Reibel og Benoît Aubigny, med emne som tonetreff-øvingar, spektralitet frå kompositoriske perspektiv, instruksjon i konkretmusikkens ”vokalspel” og notasjonsproblematikk i samtidig vokalmusikk. Alt dette for å freista møta dei utfordringar som melder seg når klassisk skulerte songarar skal arbeida med dei to tradisjonane i hovudfokus: den norske kvedinga, presentert av Berit Opheim, og den difoniske songen, demonstrert av Dr. Tran Quang Hai.

Under årets avslutningskonsert får ein høyra resultatet av fase to, der seks komponistar har fått i oppdrag å skriva kvar sine verk der dei tek i bruk det nye materialet.

Det vert også i år gjennomført seminar på Norges musikkhøgskole under festivalen, og i forlenginga av det, går prosjektet over i sin tredje fase; opprettinga av eit valfritt årskurs ved Norges musikkhøgskole, med oppstart denne hausten, der studentane kan læra seg teknikkane som vert presentererte.

Prosjektet involverer elles også anvendt forsking, i hovudsak ved Gro Shetelig Kruse sitt arbeid med å laga ei mikrotonal høyrelære for songarar. Det foregår òg teoretisk forsking, relatert til musikalsk semiotikk, og forholdet mellom ulike kulturar sine ytringar.

Prosjektet er støtta av Ultima, Norges musikkhøgskole, Norsk kulturråd og Lindemans Legat.

Les mer på sidene til Norges Musikkhøgskole.

Artikkelen er hentet fra Ultimas programbok 2006, og er gjengitt med tillatelse fra forfatteren og Ultima. Redaktør for årets programbok har vært Hild Borchgrevink.
Ytterligere programdetaljer finner du på www.ultima.no.

Publisert:

Del: