ViolaVoice

Kompromisslaust

MELDING: Sjostakovitsj sin andre klavertrio er mellom dei mest smertefulle, intense og samstundes livsbejaande stykke eg veit. Rachlin, Golan og Maisky held inntrykket i hevd.

Kalender

Only Connect Oslo 25.-27.- april

25/04/2024 Kl. 18:00

Oslo

FIA OFIA – RELEASEKONSERT & ETTERFEST

27/04/2024 Kl. 20:00

Oslo

Lørdagsopera

27/04/2024 Kl. 16:00

Oslo

FIA OFIA – RELEASEKONSERT

27/04/2024 Kl. 20:00

Oslo

Av Ida Habbestad
Pressebenkene er ikkje lenger like fulle, tempoet ikkje lenger like høgt. Mandag og tirsdag under festspela ber preg av å vera eit intermezzo; eit slags stille før stormen. Truleg av det gode for både publikum, organisasjon og medverkande, i festivalen som no er vorten to veker lang.
Ikkje desto mindre er der mange gode tilbod også i starten av veka. Programmet er tettpakka meir enn i fjor, og tru om ikkje eit høgdepunkt fekk utspela seg mandag kveld i Grieghallen?
Programmet var av dei meir konservative. Utøvarane har me òg fått høyra før – i tråd med festspeldirektøren sitt tidlegare utsegn om at publikum skal få tid til å verta kjende med store namn. Dette er han dels kritisert for å ha trekt for langt. Og likevel: I møtet med og mellom Julian Rachlin, Itamar Golan og Mischa Maisky er der stadig aktualitet. I hendene deira vert Sjostakovitsj sine klavertrioar alt anna enn forgange materiale.


Mischa Maisky
Insisterande verk – og utøvarar
Den russiske komponisten komponerte trioane med omlag 20 års mellomrom. Den første, det einsatsige verket i c-moll, skreiv han som syttenåring, kort etter farens død. I følgje Sjostakovitsj sjølv var det i arbeidet med dette verket at han bestemte seg for å via livet til musikken. Og med det utsegnet i mente, er det kan henda ikkje så rart at ein let seg fengsla av det inderleg, nærast insisterande ved verket?
Eller like gjerne av korleis det tidlege verket kan bera preg av komponisten si særeigne stemme, med spennet mellom melankolske element, heftige utbrot og inntrengjande dissonansar, til dei snart etter meir mjuke og lyriske parti.
Endå meir særeige er uttrykket i trioen i e-moll. Også den vart skriven etter at eit menneske som sto han nær var gått bort – og nok ein gong virkar det vera livet sjølv som er forsøkt fanga. Innleiinga med overjordisk vakre lyse flageolettar vekkjer merksemda, og vidare vert der presentert eit vell av emosjonelle kontrastar; som gjer trioen til eitt av dei mest smertefulle, intense og samstundes livsbejaande stykke eg kjenner.
Særleg i ei tolking som denne, der alt frå den lyse, men sorgtung opninga til den distinkte utlegninga av artige, lett makabre steningar i fjerde sats – samt alt som kjem i mellom – er kompromisslaust gjennomført av dei utøvande. Når musikken groovar, er det vanskeleg å sitja stille. Dei melankolske parti vert måla på grensa til det likegyldige. Medan Golan sin dramatiske opning av tredjesatsen er mørkare, meir mystisk enn ein trudde var mogleg.
(Eitt mogleg inntrykk av 3. satsen finst med American Piano Trio på Youtube).

Itamar Golan
Nytenkjande?
Rachlin er etterkvart blitt eit like sjølvsagt innslag på Festspillene som Leif Ove Andsnes og Truls Mørk er det. Der eg saknar at Rachlin ikkje har teke steget like langt som den førstnemnde kollegaen – og i større grad fått henta inn nyare verk – er Festspillene unekteleg heldige som kan presentera ei framføring som denne. Og der eg stadig saknar at programmeringa deira av store namn er meir nytenkjande enn oppskrifta frå året før; av store songarar, pianistar og fiolinistar – virkar balansen totalt sett betre. Ikkje minst sidan der er mogleg å følgja ei meir variert festspelsrute. Aner me ein institusjon på veg mot eit vidare perspektiv?

Julian Rachlin
Konsert
Grieghallen 25. mai kl 19.30
Med: Julian Rachlin (fiolin), Mischa Maisky (cello), Itamar Golan (klaver)
I tillegg til klavertrioane av Sjostakovitsj sto òg Tsjaikovskijs Klavertrio i a-moll på programmet.
For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.