Komponist og styremedlem i Norsk Komponistforening, Knut Vaage, tar her videre debatten rundt NMIs rolle. Han omtaler NMI som en skatt som stadig flere i inn- og utland blir oppmerksomme på, og roser dokumentasjons- og produksjonsavdelingene for et særdeles viktig arbeid. Samtidig mener han at rapportens fremstilling av Komponistforeningens rolle er så misvisende at evalueringen selv trenger en evaluering.

Plassert midt i Oslo sentrum representerer NMI ein skatt som stadig fleire i inn- og utland blir merksame på. Kombinasjonen av fagleg dugande medarbeidarar, god service og eit omfattande arkiv med norsk musikk heilt fram til det absolutt nyaste, gjer NMI til eit aktivum t.d. for utanlandske journalistar og musikkvitarar som ynskjer kjennskap til norsk musikk. Dirigentar, musikarar, studentar og andre interesserte har her høve til å utvikla repertoirkjennskapen med å studera partitur, lytta til opptak eller få veiledning og informasjon. Senteret er også ein betydeleg miljøskapande faktor som bindeledd mellom ulike grupperingar i musikklivet.

Odd Are Berkaak har i sin rapport «Seriøs og Beskyttet» gjort ei heilskapleg evaluering av senteret og aktiviteten der. I rapporten kjem det fram holdningar som ikkje kan stå uimotsagt. Ein del av dei intervjua som Berkaak har gjort i arbeidet med rapporten viser at gamle fordommar framleis står høgt i kurs. Nokre av synspunkta som kjem fram burde etter mi meining vore problematisert og diskutert.

Fleire av Berkaak sine forslag til endringar kan føra galt av stad dersom dei blir sette ut i livet. For å byrja med slutten; Berkaak vil skilja ut noteproduksjon og dokumentasjons-arbeidet for å gjera NMI meir slagkraftig som informasjonsbedrift. Dokumentasjonen forelår han å leggja til Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana, medan han meiner at Norsk Komponistforening skal overta noteproduksjonen. For ein som har jobba tett med NMI gjennom år reiser det seg ei rekke innvendingar mot eit slikt syn.

— Noko av det beste med NMI som informasjonsbedrift er nettop det at desse ulike funksjonane er samla. Dei som henvender seg ved senteret får ikkje berre informasjon, dei kan sjølve gå direkte til eit grundigare studium av verket. Dette er viktig også for å utvikla eit fungerande kontaktnett med det internasjonale musikkfaglege miljøet, altså ein viktig del av NMI sin attraksjon.

— Noteproduksjonen er ikkje berre ei teneste for norske komponistar, men det er også ei ryggrad i det norske musikklivet. I arbeidet kring urframføringa av eit nytt verk har NMI ei rolle som i dag fungerer svært bra. Prosessen kan skildrast som ein syklus; komponist/verk – NMI – orkesteret – konsert/radiolyttar. Berkaak sitt forslag om endring grip inn i eit velfungerande kretsløp som er utvikla over tid. Det er ingen andre enn NMI som har den naudsynte kompetansen til å overta note-produksjonen på ein tilsvarande måte. Ved ei evt. overføring til Komponistforeningen kan konsekvensane bli alvorlege for mange. Over halvparten av verka som er registrerte i NMI er skapte av andre enn NKF-medlemmar. Dei kunne då brått stå utan eit tilbod. Berkaak foreslår vidare at midlar skal følgja med på lasset. Dermed blir vel NMI tappa for ressursar, samtidig som dei også blir ståande utan mykje av den åndelege kapitalen som no skaper senteret sitt særpreg – dei rykande ferske partitura. Samfunnsøkonomisk er det ingenting å tena på dette. Tvert om vil det kosta ekstra å flytta, og å læra opp nytt personale. Systemet med noteutskrift treng evaluering i ei litt annan retning enn det Berkaak legg opp til.

I NMI sine vedtekter heiter det:

«Formålet med NMI skal være å drive informasjon om og distribusjon av norsk musikk i inn- og utland, samt tilrettelegge informasjonsmateriell og formidle opplysninger om norske musikkinstitusjoner, ensembler og solister.Med norsk musikk menes i hovedsak seriøs beskyttet musikk av norske komponister, men med muligheter for unntak.»

«Beskyttet musikk» tyder verk som kjem inn under åndsverkslova, og difor (i dei fleste tilfella) blir forvalta av TONO.

Berkaak stiller seg kritisk til påverknaden frå komponistforeningen, og retorisk kallar han rapporten «Seriøs og beskyttet». Han kjem med formuleringar som:

«En av hovedgrunnene til at man ikke har fått til en vekst og endring i virksomheten, ser ut til å være den nære tilknytningen til Komponistforeningen.»

Norsk Komponistforening er ikkje nokon klamp om foten på NMI. Det er heller snakk om likeverdige samarbeidspartnerar. NKF som organisasjon kan kjøpa inn informasjonstenestar når det trengst, og det skjer ei kontinuerlig utveksling av idéar. Foreninga tok i si tid initiativet til å oppretta NMI. Det kan vel vera mogleg at vedtekstformuleringa i dag burde moderniserast.
Men eg meiner det er viktig å halda fast ved at NMI i hovudsak bør satsa på verket. Altså formidling, produksjon og informasjon kring musikkverket, som ei balansering i høve til det fokuset som i dag er på utøvaren og utøvarinstitusjonane. Sjangeravgrensing tykkjest mindre viktig. I musikk nedfelt i partiturs form blir verket tydeleg og avgrensa frå utøvaren, medan det i td. jazz eller «crossover» musikk oftast oppstår ei samansmelting mellom den skapande og utøvaren. Ikkje desto mindre er det snakk om verk når denne musikken t.d. ligg føre på CD. Innan samtidsmusikk vil det også vera snakk om så mange ulike «stilar» at biletet kan verta ganske uoversiktleg. Eg vil ta til orde for at NMI bør satsa på formidling av verk, altså det skapande – uavhengig av sjanger.

For tida er det på styrenivå eit tøvær mellom NOPA og NKF. Gjennom felles satsing trur eg at ein kan vitalisera norsk musikkliv og lettare nå ut. Satsing på nye elektroniske formidlingsmåtar krev nye tankemåtar. Mangfald vil trekka fleire til nettstaden, og med god tilrettelegging kan brukaren sjølv finna vegen til sitt interessefelt. Særleg viktig blir det for «smal» musikk å nå ut gjennom eit fristilt internasjonalt nettverk, i og med at den tradisjonelle verksformidlinga ikkje fungerer særleg godt. Oppstarten av nettstaden www.ballade.no, butikken Edna og Phonofile har alle strukturar som tar med seg breidda i norsk musikkliv. Ballade som aktivt diskusjonsforum for norsk musikkliv, og Edna som sel norskproduserte CD-ar i alle sjangerar. Det viser seg at også desse nyskapingane får aukande merksemd. Her er gode utgangspunkt for vidare satsing. Norsk Komponistforening er ingen flaskehals i denne prosessen. Tvert imot har foreningen jobba aktivt for moderninsering av TONO, for nærare samarbeid med NOPA, og for etablering av Edna og ballade.no.

Når det gjeld tenesteyting til det norske musikklivet generelt, vil det etter mitt syn, vera ei god løysing med vidare nettverksbygging. NMI sit også her med god kompetanse i form av kontaktnett og ajourførte lister over aktørane innafor musikklivet. Gjennom satsinga på www.ballade.no er nettverket godt i gang med fleire tusen peikarar til eit mangfaldig kunstliv. Kunstnett.no er også ei viktig nyskaping i denne samanhengen. Når flest mogleg aktørar i musikklivet blir knytta opp mot slike system blir informasjonen betre tilgjengeleg. Etter kvart som internettsatsinga ber frukter, kan mange spørsmål bli leia utanom sentralbordet til NMI, og ein del krefter vil kunna brukast til andre ting en førstelinjetenester. Styret i Komponistforeningen har jobba lenge med idéar for nye måtar å formidla verk, og tida framover bør brukast til innovasjon på dette området. Her trengst ein dialog med NMI og andre samarbeidspartnarar.

Det er viktig å ha klart for seg at NMI ikkje er eit forlag. Komponistane er ikkje bundne opp til NMI gjennom forlagskontraktar. NMI er meir eit supplement enn ein konkurrent til dei tradisjonelle forlaga. Difor kan det vera relevant å få desse på banen når det skal satsast internasjonalt. Det kan tenkjast at ein struktur med NMI som døropnar og paraplyorganisasjon,
kan overlata t.d. individuell lansering av komponistar til forlaga. Kanskje noko liknande også kan fungera for CD-bransjen. Dersom ein skal lansera eit breitt spekter av sjangrar, blir det ei utfordring å vera fleksibel i måten dei blir lanserte på.

Det eg oppfattar som den beste delen av NMI-rapporten, er avsnitta om internasjonal satsing. Berkaak skisserer her metodar som ser ut til å kunna bli gode verktøy for vidare arbeid. Han har tankar om internasjonal utveksling som verkar svært interessante når det gjeld å knytta internasjonalt kunstliv tettare saman, og å få til ei gjensidig utvikling.

Berkaak konkulderer vidare med at den internasjonale satsinga er noko av det som fungerer dårlegast på NMI pr. i dag. NMI har utan hell søkt om å få tilført nye midlar gjennom fleire år. Som rapporten peikar på er vi på dette området langt etter utviklinga i nordisk samanheng. Det er heilt sikkert rett med auka innsats, og fleire midlar her, men vil det skje fordi om andre og velfungerane deler av senteret blir skilde ut?

I prosessen med evaluering av NMI ser det ut for at det også er naudsynt å evaluera Berkaak sin rapport. Vidare debatt bør også dreia seg om i kor stor grad det skal brukast kunstpolitiske verkemiddel, eller om markedskreftene bør operera fritt. I arbeidet framover vonar eg at vi får behalda NMI som ein vital forkjempar for musikkverket. Ein debatt kring NMI er også ein viktig del av debatten om framtida for vårt skapande musikkliv.

Publisert:

Del: