Knut Hamre med tidligere elev Benedicte Maurseth (Foto: Anders Bergersen)

Knut Hamre utnevnt til kommandør av St. Olavs Orden

Hamre fekk utmerkinga for sitt arbeid for den norske folkemusikken. Tildelinga fann sted 3. mars.

Kalender

Hardingfelespelar Knut Hamre frå Granvin i Hardanger vert utnevnt av H.M.K. som Kommandør av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for sitt framifrå arbeid for den norske folkemusikken.

Utmerkinga tildeles som «belønning for utmerkede fortjenester for Norge og menneskeheten» og er ei høgthengande utmerking å motta.

Hamre er og har vore ei viktig inspirasjonskjelde og eldsjel for den norske folkemusikken, særskilt for hardingfeletradisjonen i Hardanger, skriv FolkOrg på sine heimesider.

Han har vunne Hardingfele kl. A på Landskappleiken heile sju gonger. I tillegg har han vore sentral i innsamlingsarbeid, gjeve ut fleire plater, både solo og i lag med andre dyktige musikarar. I musikkskulane og Hardanger Spelemannslag har han lagt ned eit stort arbeid for rekrutteringa av born og unge. Han er ein viktig og sentral vidareførar av tradisjonen i Hardanger. Hamre har vore læremeister for fleire av dei fremste hardingfelespelarane i landet i dag.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.