I et intervju iTelemarksavisa hevder Knut Buen at samarbeidet mellom NRK og plateselskapet ta:lik om å gi ut NRKs arkivmateriale, er å favorisere ett plateselskap framfor andre. – På meg virker det som om en småkorrupt innstilling går igjen, der folk som kjenner hverandre gir hverandre fordeler, sier Buen. Nå svarer Frode Rolandsgård i ta:lik: – I beste fall har han ikkje sett seg inn i saka – i verste fall opererer han injurierande, skriver Rolandsgård i dette svaret..

Knut Buen

Av Frode Rolandsgard, ta:lik

I Telemarksavisa 11/2-06 går Knut Buen ut mot plateselskapet ta:lik og NRK som samarbeider om å gje ut opptak frå NRK-arkivet. Han kallar samarbeidet plateselskapet ta:lik har med NRK for monopol, småkorrupt og rolleblanding.

Knut Buen har i utgangspunktet ein viktig bodskap, men skuggar for dette med grove faktafeil og usaklege skuldingar. I beste fall har han ikkje sett seg inn i saka – i verste fall opererer han injurierande.

Vi presiserer: Plateselskapet ta:lik har ikkje monopol på plateutgjevingar frå NRK og vi har ikkje rettigheitar til opptaka i NRK, slik Buen hevdar. Sjølv om ta:lik gjev ut CD-ane, har NRK fulle rettigheitar til materialet. Det ersåleis svartmaling av Buen å frykte at opptaka kjem i karantene ved ein eventuell plateselskapskonkurs.

Buen fryktar monopol, men dette er også feil: Andre selskap kan fritt kjøpe opptak frå NRK til dei prisane NRK opererer med, og som er like for alle som vil kjøpe musikk frå NRK. Det er desse prisane Knut Buen eventuelt bør gå

til angrep på, ikkje plateselskapet ta:lik.

Ta:lik og NRK har altså ei samarbeidsavtale, initiert frå NRK, som gjer at vi gjev ut ein del av NRK sine eigne folkemusikkopptak. NRK har liknande avtaler med mange andre selskap, t.d. Lydbokforlaget. At ta:lik har ei slik avtale, er ikkje hemmeleg, men vart offentleggjort med pressemelding for snart eit år sidan. Dette skjer etter vanleg forretningsmessig vilkår, der ta:lik og NRK delar eventuelle overskot, etter at partane har fått dekt utgiftene sine. Eg seier eventuelle, fordi det som kjent diverre er sjeldan at folkemusikkutgjevingar har store overskot.

Tvert om arbeider ta:lik idealistisk og målretta for å spreie gullkorn frå NRK-arkivet, og vi har gjort dette i samarbeid med lokale krefter over heile landet, også i Telemark. Utgjevingane skjer sjølvsagt i full forståing med utøvaren eller etterkomarane. Avtalen gjer at det har blitt gjeve ut meir folkemusikk frå NRK-arkivet no enn på lang tid. Ta:lik har i løpet av få år gjeve ut heile 15 CD-ar med NRK-materiale og ytterlegare 3-4 er under arbeid.

Som sagt, Knut Buen har ei viktig sak når han seier at det er dyrt å kjøpe ut opptak frå NRK, men når han skuldar dette på det private plateselskapet ta:lik, pratar han mot betre vitande.

Publisert:

Del: