Utvalet som har arbeidet med Riksscenen leverte den endelige innstillingen i forrige uke. Frode Rolandsgard i Landslaget for Spelemenn har gjennomgått innstillingen og peker her på en del områder ved denne som han finner problematiske. – For det første meiner eg at utvalet på ein del sentrale punkt har klipt ut utsegn frå høyringssvara og limt dei inn i nye samanhengar, For det andre meiner eg at når utvalet uttalar seg om overbyggjande strukturar i Folkemusikk-Noreg gjer dei dette utan grunnlag i “politiske føringer” frå kulturkomitéen på Stortinget, mener Rolandsgard.

Frode Rolandsgard

Av Frode Rolandsgard

Eg er tilsett i Landslaget for Spelemennn, ein av dei påtenkte stiftarane av Riksscena, men gjennomgangen er likevel gjort for eiga rekning. Styret i LfS har med andre ord ikkje handsama utvalsinnstillinga enno.

Det er særleg to ting eg finn problematisk. For det første meiner eg at utvalet på ein del sentrale punkt har klipt ut utsegn frå høyringssvara og limt dei inn i nye samanhengar, slik at den opphavlege meininga til høyringsinstansen blir endra eller broten. Det er merkeleg, og eg får ei kjensle av at dette er gjort for å tilpasse kartet til terrenget. (Dvs: at høyringssvara skal tilpassast meiningane til dei som har skrive utvalsinnstillinga)

For det andre meiner eg at når utvalet uttalar seg om overbyggjande strukturar i Folkemusikk-Noreg og ønskjer Riksscena som ein overbygning over Folkemusikkscena og Folkemusikkformidlinga, gjer dei dette ikkje med, som dei hevdar, men utan grunnlag i “politiske føringer” frå kulturkomitéen på Stortinget.

Eksistensen av Riksscena (pkt 3.1)
Det er klart at Riksscena no blir ein realitet. Nesten alle støttar etableringa av ei riksscene. Der er berre tre av høyringsinstansane (Columbi Egg, Førdefestivalen og Sogn og Fjordane fylkeskommune) som uttrykkjer skepsis til etablering av ei Riksscene på det nivået som utvalet legg opp til. Utvalet avviser desse innspela, og skriv at dei:

“ikke har tatt stilling til om det skal være en Riksscene eller ikke, da en slik vurdering ikke ligger i utvalgets mandat, og da den politiske prosessen som har gått i forkant av utvalgets oppnevning klart fastslår at Riksscenen skal etableres”.

Eg meiner utvalet på denne måten hopper bukk over poenget i høyringssvara. Dei to høyringsinstansane i Sogn og Fjordane seier seg ikkje skeptiske til opprettinga av ei Riksscene, tvertom ønskjer dei etableringa velkomen. Poenget deira er, slik eg tolkar innspela deira, at utøvarar og publikum frå heile landet har tilgang til ressursane gjennom eit breitt samarbeid med dei eksisterande produksjonsmiljøa, og at Riksscena skal fungere som ei Oslo/Riksscene for desse framsyningane. Dette er altså ein diskusjon om korleis Riksscena skal fungere, og ikkje om han skal eksistere, slik ein får inntrykk av når ein les innstillinga.

Profil og rolle (m.a. pkt. 3.2 )
Nasjonal/lokal
Utvalet gjer eit poeng ut av Landslaget for Spelemenn (LfS) skal ha forsøkt å dempe Riksscena si nasjonale rolle. Eg meiner dette er å tillegge LfS meiningar dei ikkje har, og ikkje har gjeve uttrykk for. LfS ville rett nok fjerne ordet nasjonal ein plass i føremålsparagrafen, men det var fordi dei syntest ein setning som inneheld både “nasjonal” og “i Noreg” var unødvendig tung. Så lenge LfS samstundes foreslår orda “nasjonal scene” i undertittelen i namnet , meiner eg utvalet er på tynn is.

Poenget med høyringssvaret til LfS, som utvalet vel å hoppe bukk over, var at dei ikkje ville tilleggje Riksscena ein overbyggande funksjon i høve andre institusjonar / organisasjonar. Dette kjem eg attende til.

LfS får også kritikk av utvalet for å skrive at “Samtidig vil det vere sjølvsagt at Riksscena må bli ‘lokal’, ‘nær’ og brukarvennleg for det interne folkemusikkmiljøet i Oslo”.

Eg synest det er oppsiktsvekkande at utvalet ikkje er einige i denne formuleringa og meiner det er avgjerande for Riksscena at dei klarar å byggje eit miljø av publikum og brukarar lokalt i Oslo. Det er inga motsetnad, men heller ein føresetnad for å kunne drifte ei nasjonal scene at ein har eit stort og aktivt brukarmiljø lokalt. Dette vart også peike på i Berkaak-utgreiinga i 2004.

Kunstnerisk profil
Det er gledeleg at utvalet no har utvida den snevre definisjonen av folkemusikk og dans som dei nytta i det opphavlege vedtektsutkastet. Etter innspel m.a. frå LfS inkluderer dei no runddansformar og revitalisert folkemusikk- og dans. Ein har også blitt tydelegare på at urbefolkninga, minoritetar og innvandrarar sine tradisjonar skal med, noko som er bra.

Det er også positivt at utvalet presiserer at Riksscena skal tilpasse produksjonane sine til folkemusikken og folkedansen sitt særpreg, dvs at ein skal kunne lage små produksjonar der det er naturleg.

Utvalet ramsar også opp ein del av dei produksjonane som festivalar og teater rundt om i Noreg har gjort dei siste åra. Produksjonar som alle ligg på eit høgt nasjonalt nivå, og som treng ei scene i Oslo. Nettopp her meiner eg at Riksscena skal ha sin viktigaste funksjon, og det er også dette punktet det er størst semje om blant organisasjonane og i høyringssvara. Vi treng ei nasjonal scene i Oslo, som kan presentere dei store og små sceniske produksjonane som eit rikt festival- og institusjonsapperat i Noreg allereie produserer. Dette må sjåast i samanhang med høyringssvara frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og Førdefestivalen som vil kanalisere midlar ut i miljøet. Store delar av Riksscena sitt budsjett bør setjast av til eit slikt føremål.

Det er altså eit nært unisont ønskje om at Riksscena skal vera vel så mykje ei scene for det som skjer i FolkemusikkNoreg, som ei ny produksjonseining. Eg trur dette er eit viktig poeng å ta med seg for å skape aksept og tilhøyrigheit for Riksscena som institusjon utover i landet.

Romprogram
Dei to salene på 250-300 og 40 publikummarar er etter mi meining for små. Odd Are Berkaak seier t.d. at den store salen bør romme minst 500. Det virkar lite ambisiøst å byggje ein storsal som er mindre enn dei fleste kulturhus i bygdeNorge, og som kanskje vil gjera at folkemusikarar likevel må finne andre scener. Til samanlikning har jazzen ein kapasitet på 800 i storsalen på Cosmopolite og 160 i den minste, intime salen på Nasjonal jazzscene.

Vidare vil den minste salen med berre 40 sitjeplassar gje dårleg økonomi for arrangørar av intimkonsertar. Erfaringa mi som konsertarrangør på Jørn Hilme-stemnet tilseier at ein intimkonsert framleis er intim, om salen har 80 sitteplassar. Dette handlar mest om smart stolplassering.

Eg synest også det er viktig å bygge salane slik at dei kan brukast både som «klubbscene» med flatt golv og oppbygd scene, og som konsertlokale med sitjande publikum i amfi. Mykje av folkemusikken er lika eigna som «klubbmusikk» med ståande publikum, som for eit meir fomelt sitjande publikum.

Forholdet til Den norske Folkemusikkscena og Norsk folkemusikkformidling (pkt. 3.5)
Utvalet brukar mykje plass på å diskutere kva for rolle Riksscena skal ha i høve andre institusjonar og organisasjonar. Dette er interessant, fordi det er sagt lite offentleg om dette frå Riksscena og prosjektleiaren deira tidlegare.

Dei fleste høyringssvara seier lite om temaet. Og det dei seier er sprikande.

Utvalet brukar mellom anna høyringssvar frå Kalottspel til støtte for sitt syn, der dei siterer Kalottspel: “Det må etter hvert formaliseres et nært samarbeid mellom de ulike aktørene…” Utvalet presenterer denne setningen, men lar vera å nemne at Kalottspel i setningen før skriv at “Riksscena kan ikke ha noen overbyggende nasjonal oppgaver slik kartet ser ut i dag, vi har allerede for mange organisasjoner og institusjoner slik det er”. Utvalet brukar altså Kalottspel sitt høyringssvar til å byggje opp under ein konklusjon som er stikk i strid med det Kalottspel meiner.

Odd Are Berkaak skreiv i utgreiinga si (2004) at det er naturleg med “ei samlokalisering”, og Kulturkomitéen på Stortinget sa at Riksscena “bør sees i nær sammenheng med det arbeidet Den norske folkemusikkscena og Norsk Folkemusikkformidling driver”.

Utvalet konkluderer på dette grunnlaget med at folkemusikkscena og folkemusikkformidlinga bør innlemmes i Riksscena.

Eg meiner det vil vera uheldig å samle funksjonar som produksjon, søknader om støtte, kjøp, sal og promo av artistar under ein kunstnerisk leiar og Riksscenestyret. Her blir det fort dobbeltroller og interessekonflikter, og eit potensielt vanskeleg forhold til produksjonsmiljøa i Førde, Bø, Fagernes, Trondheim og Ål m.v., samt i høve dei lokale folkemusikkscenene. Kva vil Riksscena prioritere? Sine eigne produksjonar som dei kanskje manglar litt midlar til? Kva vil dei promotere? Sine eigne?

Eg tolkar høyringssvara slik at ja, det er behov for å sjå nærare på organiseringa av folkemusikkNorge, men i høve til Riksscena er det frå dei aller fleste hald brukt ord som “samarbeid” og “samlokalisering” og ikkje “innlemming” eller “overbyggjande”. Utsegna frå Kulturkomitéen er på ingen måte politiske føringar, noko det blir presentert som av utvalet sin sekretær. Kulturkomitéen seier berre “i nær sammenheng”, noko også LfS har sagt.

Det blir heilt galt å bruke Riksscena som brekkstang for å få til organisatoriske endringar i folkemusikkNoreg. Ei organisatorisk endring slik utvalet foreslår vil gjera ein allereie kaotisk organisasjonsflora til eit villniss med tornar.

Reviderte vedtekter:
Den viktigaste endringa som er gjort i vedtektene, er at staten etter eige ønskje no er ute av styret. Utvalet foreslår no at stiftarane skal peike ut styreleiar, noko som vil gje stiftarane ein unik posisjon i høve andre medlemmer av Riksscenerådet, og utvalet foreslår også at ein av styreplassane skal tildelast Musikernes fellesorganisasjon. (MFO)

Eg synest det uklokt å gje stiftarane denne eineretten til å peike ut styreleiar, det står heller ikkje noko om korleis stiftarane skal bli einige, og om kva som skjer dersom dei ikkje blir einige. Prinsippielt meiner eg det bør det vera slik at heile Riksscenerådet vel leiaren.

Vidare skulle eg ønskje ei meir nøytral formulering i vedtektene enn at styret skal ha ein representant frå Musikernes Fellesorganisasjon. Det er rett nok slik at MFO er ein særs aktuell fagorganisasjonen for frilansarar, men MFO er ikkje den einaste. T.d. har Kulturforbundet folkemusikarar som medlemmer, og folkemusikarar er t.o.m. direkte representert i det noverande styret for Kulturforbundet. Det kan også tenkjast at artistar ikkje ønskjer å vera medlem i fagorganisasjonar. Det virkar meir riktig å gje frilansarar tilknytt institusjonen siste år moglegheit til å velje ein representant i forkant av Rådsmøtet, eller at Riksscenerådet sjølve vel ein utøvarrepresentant.

Namneforslag
Utvalet foreslår namnet “Bruse”, som også er den arbeidstittelen arkitektskontoret sette på prosjektet. Dette er aboslutt eit brukbart namn. Ros til utvalet!

Vegen vidare
Utvalet kan seia kva dei vil. Det er dei framtidige medlemmene i Riksscenerådet og dei fem påtenkte stiftarane som avgjer kva som skal stå i vedtektene på stiftingsmøtet i mars. Eg vonar ein tek på alvor dei meiningane som store delar av folkemusikkmiljøet har kome opp med gjennom den første høyringsprosessen. Førebels er det sagt at det nedsette interimstyret skal kalle inn til ordinært stiftingsmøte innan utgangen av februar.

Eg tippar det blir ein travel januar- og februarmånad for interimstyret.

Publisert:

Del: