Publisert:

Del:

Bookingbyåret, plateselskapet og studioet i Bergen gjer seg etter fem år.

Etter fem år avsluttast no Klangkollektivet i Bergen. Bakgrunnen er ifølge pressemelding at artistane skal fly vidare, og det same skal kreftene bak. ’Klangarane’ som dei har kalla seg, vil fortsetja med kulturrelatert arbeid eller studiar, dagleg leiar og initiativtakar Solgunn Slåtto med ein master ved Copenhagen Business School.

Klangkollektivet har vore både eit bookingbyrå, plateselskap og studio.

– Vi starta fordi det mangla ein inkubator for mellomsjiktet av artistar i Bergen. Me håpar at me gjennom vårt tiltak har medverka til eit sterkare musikkmiljø for byen vår. Slik byens mylder av små selskap fungerer i dag, er me ikkje bekymra for verken undergrunnsmiljøet eller mellomsjiktet, seier Frøydis Moberg, styreleiar

Dei overrekk malar og verkty, som platekontrakten, til Brak, med tanke om å hjelpe nye som startar opp liknande initiativ.

– Då me starta opp, var det umuleg å få tak i ein oppdatert mal på platekontrakt. Me ynskja også å bryte litt med det juridiske språket som er umuleg for kvarmann å lese, og har brukt mykje tid på å formulere denne. Me vil nødig at nye tiltak skal pine seg med den slags arbeid, så me deler vår platekontrakt til dei som kjem etter. Den er attpåtil på nynorsk – som jo er mykje lettare å forstå enn jusspråket, seier Slåtto i meldinga.

Ein siste klangkveld
Klangkollektivet feirar sine fem år og tar avskjed med ein siste klangkveld på Østre 18. mars, der det har blitt halde årlege klangkveldar sidan lanseringa 9. november 2012. På scena står Línt, Monstereo og Ekkolodd, som har vore med frå starten. I tillegg presentas eit nytt namn frå Danmark: danske The Entrepreneurs.