– Klangforum Wien – eit av verdas beste samtidsensemble – kjem til Bergen 11 mars 2006. Dette blir ein av dei viktigaste konsertane ved Borealis 2006, sier kunstnerisk leder Nicholas Møllerhaug. Boralis fikk nylig halvert den offentlige støtten fra Kulturrådet, men går på med krum hals. Opptredenen til Klangforum Wien blir også en forsmak på samarbeidet mellom Friedrich Haas, som er festivalkomponist under Borealis 2006, og den norske dramatikeren Jon Fosse.

Friedrich Haas

Av Arvid Skancke-Knutsen

— Ein viktig årsak til at dette orkesteret er invitert til Bergen er deira ekspertise på musikken av Georg Friedrich Haas – festivalkomponist under Borealis 2006. Dei har eit fantastisk handverk, glitrande framføringar og tolkingar som eit kjennemerke. Platene deira er vidgjetne, sier Møllerhaug, og fortsetter:

— Ein annan grunn til at det er stort å ha Klangforum på besøk i Bergen er tilknytingen deira til Jon Fosse og Lars Hertervig. Georg Friedrich Haas skriv opera om Tysværmålaren basert på ein heilt ny libretto av Jon Fosse. Dette er den første librettoen Fosse har skrive nokon sinne. Haas fortel at librettoen er eit meisterverk – på linje med Ponte – Mozart sin librettist sine librettoar. Klangforum Wien skal spele når operaen blir urframførd ved Opera de Paris sommaren 2007.

— Visitten til Klangforum Wien er difor er ein unik moglegheit til å bli kjend med det musikalske landskapet til Haas. Særleg er dette aktuelt sidan tonane hans gjev klangbotn til det kritikarane meiner blir den viktigaste operaproduksjonen i 2007 – altså med libretto av Fosse. Operaen er bestilt av eit av Europa sine fremste operahus- Opera de Paris.

Møllerhaug skriver videre:

— Haas er nett som Fosse er ein fornyar av dramatikken og arvtakar etter Ibsen – kalla fornyar av europeisk musikk og arvtakar etter landsmannen Mozart.. For Mozart var jo den store operakomponisten i Austerrike. Haas sine operaer er vidgjetne og spelt ved dei største festivalane og scenane i Europa.

Haas selv bruker besøket i Bergen – han kommer til distriktet allerede en uke før festivalen, og blir i to uker – for å studere Hertervigs bilder med egne øyne. Han drar i følge Borealis også til Ryfylke på ekskursjon for å se landskapet – som er ein viktig motivasjon for Haas.

— I tillegg er altså Klangforum sitt besøk i Bergen ein eineståande sjanse. På den måten kan ein førebu seg på det subtile tonelandskapet den aller første operaen Jon Fosse sjølv skriv libretto til – høyrest ut, sier Møllerhaug.

Det blir også en rekke andre anledninger til å høre Haas under Borealis 2006, der en rekke av Bergensområdets fremste utøvere vil presentere musikken hans: Deriblant
Bergen Filharmoniske Orkester, Forsvarets divisjonsmusikk Vestlandet, BIT20 Ensemblet og fiolinisten Lars Erik ter Jung.

— Også kjem Kairoskvartetten frå Berlin, som har fått prisar for sine Haas-utgjevingar. I tillegg blir Georg Friedrich Haas å finne dagleg på Griegakademiet – for å gje masterklassar i komposisjon til unge komponistspirer.

Markeringen av Haas under Borealis blir karakterisert som den viktigste noensinne. Det understreker både den østerrikske ambassaden og hans forlag Universal Editions – som også gir ut notane til Schönberg og Mahler.

Publisert:

Del: