Kultur- og Kirkedepartementet må tåle mye kjeft i disse dager, men mener selv at Kulturbudsjettet inneholder mange lyspunkter. – Budsjettframlegget inneheld fleire viktige opptrappingar, både i høve til Kulturmeldinga, Trusopplæringsmeldinga, ABM-meldinga og Operaproposisjonen, seier fhv. kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.

Valgerd Svarstad Haugland (offisielt)

Opptrappingane skuldast i følge Svarstad Haugland mellom anna at det i 2006 er færre løyvingar til bygg, det totale budsjettforslaget for 2006 er om lag 6,4 milliardar kroner. Dette utgjer ein auke på 176 millionar kroner eller 2,8 prosent i forhold til saldert budsjett for 2005. Korrigert for brukarutstyr til nytt operahus og rentekompensasjon for kyrkjebygg under andre departement og tekniske endringar blir auken på 4,3 prosent.

— I ei tid med store endringar og omstillingar er det særleg viktig å sikra eit bredt og mangfaldig kulturliv. Kultur skaper identitet og kunnskap om oss sjølve og andre – og gir ei robust plattform i ei ny tid. Regjeringa ser det derfor som viktig at kulturpolitikken sikrar eit utfordrande og stimulerande kulturtilbod til alle, understrekar statsråd Svarstad Haugland.

”Kulturmeldinga blir følgd opp”

Kulturmeldinga ligg til grunn for mange av dei viktigaste prioriteringane i budsjettforslaget for 2006. Det er i følge KKD sett av ekstra midlar til satsingsområde som musikk, scenekunst, litteratur og språk og arkiv, bibliotek og museum.

Regjeringa foreslår løyvingar til styrking og utvikling av museum i heile landet med ein auke på 44 millionar kroner. Vidare får Nasjonalmuseet for kunst 14,5 millionar til vidareutvikling. Arkivverket har fått styrkt budsjettet med 15 millionar i samband med at nye lokale skal takast i bruk for Statsarkivet i Trondheim og til drifta i den utvida riksarkivbygningen i Oslo.

Både Hålogaland Teater og Nordland Teater tek i bruk nybygg i 2006 og får til saman eit auka tilskot på 9,7 millionar kroner. Nasjonalbiblioteket får eit påslag på 27 millionar kroner til drift i rehabilitert bygg.

Den Norske Opera får 22,5 millionar i auke til omstilling av drifta fram mot innflytting i nytt hus.

I budsjettforslaget styrkast løyvinga til Nasjonalkomiteen for Ibsen-satsinga med 12,7 millionar kroner til 19 millionar kroner, i høve hundreårsmarkeringa i 2006 av Henrik Ibsens død.

Stavanger er utpeikt til europeisk kulturhovudstad i 2008. Stortinget gav i 2003 tilsegn om tilskot på inntil ein tredjedel av driftsutgiftene, avgrensa oppover til 100 millionar kroner. For 2006 er det foreslått å løyva 20 millionar kroner.

Regjeringa foreslår vidare at Kortfilmfestivalen i Grimstad, Ultimafestvialen i Oslo, Festspillene i Elverum og Norsk Litteraturfestival – Sigrid Undset-dagene på Lillehammer får status som knutepunktinstitusjonar frå og med 2006.

Dansefeltet blir styrkt med til saman 6,3 millionar kroner. Dansens Hus blir realisert gjennom ein auke på 5,1 millionar kroner.

I forhold til 2005-budsjettet får jazzfeltet eit lyft med til saman 3,5 millionar kroner, 3 millionar til Nasjonal Jazzscene og 0,5 millionar til formidling av jazz i Noreg.

Symfoniorkestra i Bergen, Trondheim og Tromsø blir styrkte med til saman 6 millionar kroner. Opera Sør og Opera Nordfjord får ein auke på 1,5 millionar.

17 millionar meir til norsk film

I budsjettforslaget foreslår regjeringa å styrkja norsk filmproduksjon gjennom å auka løyvinga til Norsk filmfond med 17,2 millionar kroner. Dette for å vidareføra den positive utviklinga norsk film har vist dei siste åra.

Det er foreslått ei løyving på 4 millionar til å starta arbeidet med utvikling av teknologi for talegjenkjenning. Tiltaket vil sikra at dei hørselshemma får betre tilgang til nyhende og aktualitetsstoff i media, slik at denne gruppa kan delta på line med andre i samfunnsdebatten. Det er foreslått ei ordning der utgiftene kan delast mellom staten og allmennkringkastarane (NRK og TV2).

I 2005 vart det etablert ei ordning som gir rettshavarane til åndsverk kompensasjon for lovleg kopiering av åndsverk til privat bruk. Ordninga blir foreslått vidareført på same nivå som i 2005.

I budsjettforslaget for Den norske kyrkja er det foreslått ei opptrapping av løyvingane til reform av trusopplæringa. Forslaget for 2006 representerer ein auke på 23 millionar i forhold til saldert budsjett for 2005. Løyvingane til formålet blir 78 millionar kroner i 2006.

Den statlege rentekompensasjonsordninga for istandsetjing av kyrkjer som vart innført i 2005 blir utvida i 2006. Investeringsramma som det kan bli gitt rentekompensasjon for, vart fastsett til 500 millionar kroner og er no foreslått auka med ytterlegare 500 millionar kroner frå 2006. Det er foreslått at også investeringar i påbygg og nybygg blir inkluderte i ordninga.

Auka tilskot til musikkføremål

Tilskotet til musikkføremål er styrkt i forslaget til statsbudsjett for 2006. Det er auke i tilskotet mellom anna til følgjande tiltak:

· 4,4 millionar kroner til Stiftelsen Harmonien i Bergen.

· 2,2 millionar kroner til Tromsø Symfoniorkester.

· 1,8 millionar kroner til Trondheim Symfoniorkester.

· 1,2 millionar kroner til Festspillene i Bergen.

· 3,5 millionar kroner til Norsk jazzforum, 3 millionar kroner til nasjonal jazzscene i Oslo og 0,5 millionar kroner til formidling av jazz over landet.

· 4 millionar kroner til vidareføring og styrking av ny tilskotsordning for kyrkjemusikk under Norsk kulturfond.

· 5 millionar kroner i auka støtte til frie musikkensemble og fri scenekunst under Norsk kulturfond.

· 0,8 millionar kroner til forsøk med utvekslingskonsertar i konsertsesongen 2006-2007 mellom Oslo-Filharmonien og symfoniorkestra i Bergen, Stavanger og Trondheim.

— Tilskotet til Det Norske Kammerorkester blir auka til 4,1 millionar kroner, medan tilskotet til Rådet for folkemusikk og folkedans er auka noko for å vidareføra utvida folkedanssatsing i Møre og Romsdal, seier KKD i ei pressemelding fredag.

Det er vidare foreslått at Ultimafestivalen og Festspillene i Elverum får status som såkalla knutepunktfestivalar frå 2006.

Publisert:

Del: