ANMELDELSE: Kammeroperaen “Johnny og Mariann” blei for udramatisk, og lukkast ikkje med å engasjere elevane ved Kongshavn vgs. Kvifor?

© Musikk i Hedmark

I høve Stemmerettsjubileet har stiftinga Musikk i Hedmark sett opp ein einaktars kammeropera: “Johnny og Mariann“. I skildringa fortel Musikk i Hedmark at fokuset mellom anna er retta mot “hvordan striden for sosial likestilling mellom kvinner og menn har endra livsformene våre”.

I tillegg til ordinære kveldsframsyningar i mellom anna Hamar, Lillehammer, Elverum og operahuset i Oslo, har der ved dei to sistnemnde stadane også blitt sett opp skuleframsyningar. Ballade deltok då Kongshavn vidaregåande skule var på framsyning i Oslo, og har fokusert særleg på korleis det fungerte med omsyn til den aktuelle målgruppa.

Etter framsyninga fortalde dagleg leiar i Musikk i Hedmark, Torbjørn Bækkevold, til Ballade at framsyningane for ungdomskuleelevar i Elverum har vore ein stor suksess. Samtidig kunne komponist Knut Anders Vestad fortelje at han på ingen måte har hatt ungdommar i tankane når han har skrive musikken. Skal ein tru Bækkevold fungerer stykket godt for unge, utan at Vestad har gjort noko særleg for å oppnå akkurat det. Men er det slik?

Moderne likestilling
Framsyninga var effektiv og rett på sak frå start. Vi blei presentert for Johnny og Mariann, eit ungt og forelska par som nyleg har flytta saman.

Mariann jobbar ved eit bibliotek og er i ferd med å setje opp ei utstilling om kvinners stemmerett. Johnny er ambisiøs og har store planar om å tene pengar på fjellhytter så snart han får sagt opp den jobben han har no. Konflikten melder seg i det Mariann mistenker at ho er gravid og vil behalde bornet. Johnny vil vente. Han har allereie eit born, og no vil han ha tid til å tene seg rik. Historia dreier seg vidare om korleis dei handterer denne konflikten.

Ifølge manusforfattar Edvard Hoem belyser konflikten likestilling i vår tid, der ein graviditet “vedrører (…) farens situasjon på ein heilt annan måte enn før”. Det historiske perspektivet kjem fram gjennom jobben til Mariann, og også her er det litt usemje mellom karakterane i stykket. Mariann er tydeleg engasjert og fascinert av historia om likestilling og stemmerett for kvinner, medan Johnny bagatelliserer arbeidet hennar, og med det kampen desse kvinnene kjempa.

Velfungerande, men utilgjengeleg
Reint musikalsk var dette ei artig og fin oppleving. Musikken er stilig, prega av vanskelege tonesprang og komplekse, modernistiske harmoniar, så for ein musikknerd som meg var det stor stas. Tonalitet og tempo skifta hyppig og fulgte handlinga i stykket tett, med til dømes melankolske, rolege passasjer der karakterane har meir innadvendte monologar, til sexy, tangoinspirerte ostinat når det var stemning for det.

Det vesle orkesteret, med Gunnar Flagstad bak pianoet og Ellen Flesjø på cello, spelte godt saman og leia oss igjennom dei krevjande komposisjonane utan problem. Kombinasjonen av cello og piano fungerte svært godt, både ved sarte og meir hissige uttrykk.


«Det vesle orkesteret» Gunnar Flagstad og Ellen Flesjøe, og songarane Maren Myrvold og Lars Eggen

Knut Anders Vestads komposisjonar, med rytmisk fokus og eklektisk stil, har resultert i ein utradisjonell og moderne opera, og det høyrest kanskje ut som noko ungdommen kunne like. Men til trass for ein del fengande rytmikk og sprek flørting sjangermessig, til dømes med typiske jazzfraser her og der, er eg redd tonespråket blei for utilgjengeleg for mange av elevane denne dagen.

Til trass for dette trur eg ikkje det var musikken som var det største problemet for ungdommane.

Kjedeleg historie
Tanken bak denne forestillinga er openbart god, og var også godt gjennomført. Hovudpersonane, spelt av Lars Eggen og Maren Myrvold, hadde god kjemi og meistra flott den svært skiftande haldninga karakterane har til kvarandre.

Det heile gjekk føre seg i løpet av 24 timar og der var beskjedne kulisser. I samarbeid med god regi og musikk klarte skodespelarane å gi det heile fin flyt og truverdig dramaturgi innanfor rammene. Men likevel var det vanskeleg å bli engasjert i historia, og der kan vere fleire årsaker til dette:

Konflikten inneheldt ikkje så mykje spenning i seg sjølv. Temaet er kvardagsleg, og i tillegg oppstår der lite dramatikk eller oppsiktsvekkande hendingar gjennom stykket. Det kunne heilt klart fungert godt om ein hadde fått tid til å gå meir inngåande inn i kjenslene til dei to karakterane, og gjerne blåst det opp litt meir. Å bli gravid kan sikkert opplevast som svært dramatisk og skremmande, men reaksjonane her minte meir om ein lettare irritasjon enn ein djup frykt, til dømes.

Les også: En reise i Midtøstens musikk

Dette vert kanskje særleg aktuelt når det kjem til den yngre målgruppa som var publikum denne dagen. Dagens ungdom er vande med fart og spenning og meir intensitet, og i tillegg til at dette stykket har eit ganske utprega “vaksent” tema, er her lite å gripe tak i av sterke kjensler eller dramatikk.

Men i dette tilfellet trur eg dette problemet vil vere gjeldande samme kva målgruppe det er snakk om. I tillegg til at konflikten i seg sjølv ikkje var så interessant opplevde eg karakterane som eit par, og særleg mannsrolla presentert gjennom Johnny, som lite truverdig. Korleis kan ein så usympatisk fyr bli saman med ei kvinne som er så oppteken av kvinnefrigjering? Og korleis kunne det gå skeis først to veker etter at dei flytta saman?

Manusproblem
Elevane ved Kongshavn var ein høfleg gjeng, og der var, med nokre ytterst få unntak, lite mylder og støy blant elevane. Derimot kunne anmeldaren sjå at store delar av publikum sov etter om lag tretti minutt.

Les også: Hva er en god opera?

Ein kan ikkje bere for mykje nag til elevane for dette. Om ein ikkje er vand med samtidsmusikk, opera eller liknande blir ein kanskje ikkje treft av denne musikken, så ein meir tradisjonell opera, musikalsk sett, hadde nok vore ei enklare utfordring.

Men musikken er også avhengig av ei god historie for å engasjere. Sjølve forteljinga er fundamentet for heile stykket, og i dette tilfellet kan det hende det blei litt for lite å spele på.

I ei framsyning med mykje godt handverk blei det altså sjølve manuset som gjorde det vanskeleg å late seg rive med, både for ungdommane ved Kongshavn vidaregåande, men også for meg.

Einaktaroperaen Johnny og Mariann blei vist for elevane ved Kongshavn vidaregåande skule tysdag 26.11 i prøvesalen ved Den Norske Opera & Ballett.
Musikk: Knut Vestad, Manus: Edvard Hoem, Regi: Gudrun Glette. Med Gunnar Flagstad (piano), Ellen Flesjøe (cello), Maren Myrvold (sopran) og Lars Eggen (baryton)
Produsert av Musikk i Hedmark

Publisert:

Del: