Sponsing gir større frihet og mindre føringer enn statlig kunststøtte, mener Jarle Førde i Brazz Brothers (BB). Utsagnet er både skuffende og opprørende, mener musiker og komponist Karl Seglem, som påpeker at nettopp BB er et av de norske ensemblene som har mottatt mest i offentlig støtte de siste 25 årene. Seglem stiller i dette innlegget to spørsmål til gruppa, der han lurer på hva slags ensretta føringer Norsk kulturråds ensemblestøtte har gitt overforBB og hva slags frihet støtten fra Statnett har ført til.

Karl Seglem 2004 (med horn) Foto: Ketil Jacobsen

«Sponsing gir større frihet”. Ein av medlemmane i gruppa BrazzBrothers (BB) kjem med denne mildt sagt oppsiktsvekkande uttalinga til journalist Lene Jacobsen i NRK. “Mer frihet og mindre føringer er resultatet når det er næringslivet og ikke staten som støtter kunsten. Stadig flere kunstnere vil samarbeide med næringslivet. For offentlige kroner legger begrensninger på kunsten”, mener Jarle Førde i The Brazz Brothers.

Uttalinga er oppsiktsvekkande både fordi denne gruppa i ei årreke har motteke betydelege midlar mellom anna frå Norsk Kulturråds ensemblestøtteordning. Også lenge før dei fekk sponsoravtale (2000) med Statnett. Og dei har ved hjelp av statlege midlar – og sponsormidlar, bygd seg opp til å bli eit betydeleg musikalsk kraftsentrum i norsk musikkliv. Både kunstnarleg og forretningsmessig.

Vi musikarar i rike Norge skal vera sjeleglade så lenge vi har støtteordningar som Fond for utøvende kunstnere, Fond for lyd og bilde og Norsk Kulturfond (forvalta av Norsk Kulturråd). Alle bygd på statlege – kollektive kulturmidlar. Midlar som kjem nokre til gode og som i dei fleste tilfelle er svært viktige, ja avgjerande, for at ein kan utvikla noko viktig over tid. Det er fleire som ikkje forstår at desse ulike fond er med på å heva nivået på norsk musikk generelt – uansett sjanger. BB er sjølv eit kraftfullt bevis på det. Om dei ikkje ser verdien av å motta denne statlege støtten også i eit større perspektiv er det i beste fall trist.

Undertegna har motteke ensemblestøtte frå Norsk Kulturfond fleire gonger. At formidlarane av desse midlane på noko som helst måte har gjeve meg føringar stemmer ikkje. Eg har brukt midlane til det eg søkte om. Fått høve til å spela inn musikken min på CD, reisa på turne – stå på ei scene og framføra norsk verdensmusikk saman med andre musikarar eg gjerne vil stå på ei scene med. Og eg må skriva ein rapport om, og eit reknskap over at dette er gjort. Det skulle då berre mangla. Er det dette BB meinar er føringar? At ein brukar midlane til det ein har søkt om?

To spørsmål til BB:

a) Kva slags einsretta føringar har t.d. ensemblestøtten frå Norsk kulturråd gjeve BB?

b) Kva slags fridom har Statnett gjeve BB?

Det er liten tvil om at uttalingar som dette gjev partifeller i eit parti eg ikkje vil skriva namnet på, vatn på mølla. Ideane om at all kunst skal lønna seg, og den kunstgrein eller kunstnar som ikkje klarar leva av det han skapar, får finna seg noko anna å driva med. Det nivået og den breidden norsk musikkliv idag har, hadde vi aldri oppnådd om ikkje velfungerande støtteordningar innan musikk hadde vore her.

At støtte frå næringslivet over tid – i form av ein sponsoravtale også kan vera viktig, tvilar eg ikkje på. Mine erfaringar i enkeltvise samarbeid med m.a. Hydro og Oleana har vore eintydig positive. Dei har spurt etter nettopp det eg kan formidla – og vonaleg fått det. Det kunne vore interessant å utvikla felles idéar med ei profilert bedrift, men eg tvilar på om eg ville følt meg friare enn når eg mottek støtte frå staten.

Men gjerne for meg BB: spel for og med næringslivet. Føl dykk fri – utan støtten frå Norsk Kulturfond eller andre fond de har nytt godt av i tjuefem år. Det står mange dyktige musikarar i kø – i alle sjangrar, som meir enn gjerne mottek støtte. Og som også meinar det er heilt på sin plass at staten i det minste får ein rapport om kva pengane har gått til.

Eg håpar uttalingane var ein glipp. Om ikkje, uroar utsegnene meg alvorleg på “standens vegne”.

Karl Seglem
musikar,komponist, NORCD

PS. Ifølge opplysningar frå Norsk kulturråd er BB det jazzensemblet som sidan 90-talet har motteke mest støtte (det er andre og større ensembler innanfor andre sjangrar som har motteke større beløp). BB fekk først støtte via fast post på statsbudsjettet. Frå år 2000 har BB motteke kr. 500 000 i året frå ensemblestøtteordningen – Norsk Kulturfond.

Publisert:

Del: