Kva representerer kvalitet i vurdering av slåttespel, og er vurderinga uavhengig av kontekst, spør Synnøve Bjørset.

Synnøve S. Bjørset Foto: Eivind Kaasin

Som utøvar av tradisjonelt slåttespel på hardingfele var kappleiken i mange år min viktigaste formidlingsarena, og ein av mine viktigaste læringsarenaer. Seinare har kappleiken som arena for vurdering av estetiske uttrykk vore gjenstand for både refleksjon og undring. Kva representerer kvalitet i vurdering av slåttespel, og er vurderinga uavhengig av kontekst?

Fylkeskappleiken, Vestlandskappleiken, Landskappleiken. Her fekk eg høyre slåttespel frå mange ulike tradisjonsområde, og ikkje minst fekk eg høyre slåttespel forma ut frå ulike estetiske ideal. Eg opplevde at kvaliteten på framføringane kunne variere, men dei ulike tradisjonane, estetikkane og slåtteformene hadde for meg ein verdi i seg sjølv.

På kappleikane fekk også mitt eige spel eit publikum. Det vart vurdert av formelt utnemnde dommarar – og av sjølvoppnemnde dommarar i salen. Spelet, i mi individuelle utfalding, var gjenstand for både kollektive og individuelle vurderingar, og tilbakemeldingane eg fekk, har vore med på å forme estetikken min – eg har teke stilling til kva som representerer verdiar og kvalitet for meg, slik eg er eit individ i det kollektive.

Å konkurrere i musikk
Som institusjon har kappleiken spelt ei stor og viktig rolle innan den tradisjonelle folkemusikken. Sidan den første nasjonale kappleiken i hardingfelespel vart skipa til i 1896, har Landskappleiken etablert seg som ei årleg storhending og landets største arrangement innan folkemusikken. Her møtast utøvarar på alle nivå, i alle aldrar og frå dei aller fleste tradisjonsområde til kapping og sosialt samvære.

Eit retorisk spørsmål mange stiller, og jamvel freistar å svare på, er om det i det heile er mogleg å konkurrere i musikk. Eksistensen av eit stort mangfald av musikkonkurransar innan alle sjangrar vitnar om at svaret må vere ja. Likevel vil ein som deltakar og dommar i ein konkurranse måtte einast om og ha ei felles forståing av nokre grunnleggande premiss: Kva er det ein konkurrerer i, og kva er kriteria for vurdering og dømming?

Dommarane på dei første kappleikane for over hundre år sidan var i all hovudsak folk frå dei høgare samfunnslaga og utøvarar/komponistar innan andre sjangrar. Vi veit lite om kva grunnlag vurderingane deira vart gjort på, men somme har freista påstanden om at dei hadde god kjennskap til slåttespel, då det jamt var allmenn semje om domsutfallet. Seinare vart det stilt andre krav til dommarane, og i dag er det i all hovudsak utøvarar frå folkemusikksjangeren som fyller dommarvervet.

I 1924 vart det ført dommarprotokoll på Landskappleiken, og denne fortel noko om kva dommarane la vekt på i vurderinga si. Omgrep som går att, er tradisjon, takt, rytme, bogeføring, tonereinleik, dåm, friskleik, tempo/fart, stødleik, sermerkt og hugtakande. Nokså opne omgrep, eller?

Kappleik

Kappleik, © Wikimedia Commons

Å redusere musikk til ord
Musikk er som estetisk uttrykk ekstremt komplekst. Så komplekst at vi ved å lytte på langt nær klarar å ta inn alt. Endå mindre klarar vi å setje ord på det. Likevel gjer vi heile tida kvalitetsvurderingar ut frå ulike erfaringar, referansar og preferansar. Og vi gjer forsøk på å setje ord på det vi opplever som viktige føresetnader og verdiar.

Etter andre verdskrig vart det første dommarskjemaet utarbeidd, og det fortel at framføringa skulle vurderast ut frå dei tre hovudkategoriane slåtteform, musikalsk framføring og teknikk.

Dommarskjemaet har seinare vore gjenstand for mange diskusjonar, og somme har hevda at «ein domar som kan sine ting, kjem like langt utan skjema». Kanskje er dette eit uttrykk for kjensla av å kome til kort og av å oppleve kategoriar så store og opne at dei samstundes blir utan innhald.

Likevel er dommarskjemaet med oss den dag i dag. Gjennom ulike revisjonar har det fått endra vurderingskategoriar på overordna nivå. Men mange av dei same parameterane går att – om enn i ny språkdrakt.

Er vurderinga av kvalitet, kva som er god bogeføring, godt tempo, og kva som er særmerkt og hugtakande, annleis i dag enn for hundre år sidan?

Språket i dommarskjemaet kan forståast som eit uttrykk for ein estetikk der ideala i stor grad er knytt til i kva grad musikken fyller ein bestemt funksjon. Historisk kjeldemateriale, som lydopptak, vitnar om at spelet har endra seg og stadig er i endring. Er vurderinga av kvalitet, kva som er god bogeføring, godt tempo, og kva som er særmerkt og hugtakande, annleis i dag enn for hundre år sidan?

Form som uttrykk for kvalitet
At slåtteforma var gjenstand for vurdering av kvalitet i spel, vil for mange vere ein framand tanke. Det er likevel slik at vi innan det tradisjonelle slåttespelet sjeldan snakkar om slåttar som verk, og endå sjeldnare om slåttar som ferdige verk som er felles utgangspunkt for alle tolkingar. Snarare er det snakk om ein musikalsk idé og eit konsept som er i kontinuerleg utvikling, samstundes som ein kjerne av kontinuitet gjer at vi over tid framleis identifiserer det som same slåtten. Det er altså ikkje eitt utgangspunkt, men ei rekkje av utgangspunkt som dannar grunnlaget for ei slåtteform.

Vi kan difor sjå det tradisjonelle slåttespelet som ein heilskap der det skapande aspektet er svært sterkt til stades i framføringa, utan at dette må samanliknast eller forvekslast med dei improvisatoriske elementa vi i stor grad finn på motivnivå. Dette er eit grunnleggande kjenneteikn ved det tradisjonelle slåttespelet: Det utøvande og det skapande står i eit symbiotisk forhold til kvarandre. Og difor spelar slåtteforma ei rolle i vurderinga av kvalitet.

Teknikk og innhald som uttrykk for kvalitet
Det tradisjonelle slåttespelet er uløyseleg knytt til dansen. Musikken representerer impuls som fører til reaksjon, og den tradisjonelle dansen rører seg til faste taktmønster i jamt tempo. Og ofte blir nettopp kvaliteten på slåttespelet vurdert ut frå dette: Korleis fungerer og relaterer spelet seg til det å vere dansemusikk?

Utsnitt fra ta:lik-utgivelsen "Norsk folkemusikk"

Utsnitt fra ta:lik-utgivelsen “Norsk folkemusikk”, © talik.no

Med ei slik forståing handlar vurdering av, til dømes, god bogeføring om i kva grad strøket, typen strøk og utføringa av strøket, tener til å skape rytmiske impulsar i samsvar med konseptet slåttespel som dansemusikk.

I rettleiinga til gjeldande dommarskjema kan vi om vurdering av teknikk lese følgjande:

«Dommaren må leggje vekt på at slåttane vert spela med den takt og rytme dei bør ha etter tradisjonen. Ein fridom i høve til den strenge dansetakta kan tolast når det ikkje vert spelt til dans, så framt grunndraget i slåtten og rytmen ikkje går tapt. Det er viktig at spelmannen finn det tempoet som kler slåtten, og som høyrer heime i tradisjonen.»

Men er tekniske ferdigheiter og forståing av konseptet slåttespel det same som kunstnarlege kvalitetar? Kor tid går slåttespelet over frå å vere «rett» til å bli opphøgd i ei større kunstnarleg eining? Har vi eigentleg eit presist språk for å skildre det abstrakte ei kunstnarleg oppleving og erfaring representerer?

Omgrep som verdiar og uttrykk for kvalitet i ulike kontekstar
Vel så interessant som å sjå på kva som blir vurdert, kan det vere å sjå på kva parameter ved eit estetisk uttrykk som ikkje er gjenstand for vurdering, i alle høve slik det kjem til uttrykk som eksisterande eller ikkje-eksisterande omgrep og kategoriar på dommarskjemaet.

Eg har undra meg over korleis eg i ein konsertsituasjon vurderer slåttespel annleis enn i ein kappleikssituasjon. Og eg opplever at eg på kappleiken vurderer berre fragment av det som elles er ei heilskapleg oppleving.

Eg har undra meg over korleis eg i ein konsertsituasjon vurderer slåttespel annleis enn i ein kappleikssituasjon. Og eg opplever at eg på kappleiken vurderer berre fragment av det som elles er ei heilskapleg oppleving. Premissane for kappleiken er klare: Her skal dommaren vurdere kvalitet i ei framføring av tradisjonelt slåttespel. Konsertsituasjonen handlar for meg om mykje meir: Klarar utøvaren på konserten å lage ei stemningskurve og ei dramatisk utvikling gjennom val av repertoar og gjennom intensiteten i repertoaret? Korleis stiller utøvaren seg til det fysiske og abstrakte rommet? Korleis stiller utøvaren seg til den munnlege kommentaren, som i den tradisjonelle folkemusikken har så stor plass? Kva attityde har utøvaren, kven er ho?

Saman med den klingande musikken er dette viktige element som eg både medvite og umedvite gjer kvalitetsvurderingar av i ein konsertsituasjon. Det vil i praksis også seie at eg i ein konsertkontekst kan vurdere kvaliteten i ei musikalsk framføring som høgare enn om den same framføringa hadde vore gjort i ein kappleikskontekst, eller omvendt.

Og med dette står det klart fram for meg at vurdering av kvalitet i musikk og estetiske erfaringar i stor grad avheng av kontekst dei står i.

Synnøve S. Bjørset er musikar, skribent og produsent. Arbeider som frilansar og som musikkarkivar ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Artikkelen er skrevet på bestilling fra Norsk kulturråds forskningssatsing «Kunst, kultur og kvalitet», og publiseres med forfatterens tillatelse.

Publisert:

Del: