Det er på høg tid at det er reist debatt om kritikk av klassisk – og samtidsmusikk i mediene, meiner Ida Habbestad. Gjennom dei siste åra har det komme fleire positive tilfang på feltet, og ein har no kanskje eit betre høve enn tidlegare til å kunna diskutera kva ein ynskjer at kritikk av musikk skal vera. Dette høvet bør ikkje nyttast til å undergrava legitimitet, slik debatten tykkjest utvikla seg gjennom dei siste innlegga i Morgenbladet. Ein bør heller diskutera korleis ein skal forhalda seg til korte, overflatiske kvalitetsvurderingar. Finst det fleire element som kanskje er like interessante som desse? Er det rett at det bombastiske får stå uimotsagt? “Det ein treng i den vidare utvikling innan musikkritikk er ikkje fleire arrogante, ekskluderande innvendingar eller bombastiske sanningar, men heller fleire stemmer som kan skapa eit større mangfold av synspunkt og innfallsvinklar.” skriv Ballades skribent i denne kommentaren.

Ida Habbestad

Av Ida Habbestad

“Verket endte merkverdig grumset og anonymt, i en slags mild, post-Nystedtsk korklang med diffus instrumentledsagelse, egnet verken til å begeistre eller til å utfordre noe eller noen”, skreiv Ståle Wikshåland i ei konsertmelding i mars i år. Så enkelt kan ein autoritet i musikkmiljøet fjerna legitimitet og verdi frå eit stykke arbeid, ein idé, ei oppleving.

Utgangspunktet i denne kommentaren er ikkje Wikshåland som kritikar. Wikshåland har sjølvsagt full rett til å meina kva han vil – hans oppgåve er jo nettopp å formidla personlege vurderingar. Likevel framstår denne setninga for meg som ein provokasjon – uavhengig av om vurderinga hans er rett eller ikkje (i den grad det finst verdiar som rett og gale i ei slik samanheng).

For ein påstand om at noko ikkje kan vera eigna til å begeistra eller utfordra noko eller nokon, kan aldri vera sann; til det er den er for ekskluderande og bombastisk. Og så lenge det ikkje er rom for nokon grunngjevnad eller nyansering — korleis skal eg som lyttar kunna ta denne påstanden seriøst?

Ei større djupne
Det er på høg tid at det er reist debatt om kritikk av klassisk – og samtidsmusikk i mediene. Som Emil Bernhardt påpeiker i Morgenbladet (27.oktober): ”Med noen få hederlige unntak har musikkritikken i norske aviser dels vært preget av tomme fraser og klisjeer, dels kjappe og overflatiske spissformuleringer”.

Kritikarane har gjennom ei årrekkje måtta uttala seg kort – og det tykkjest som dei ofte har funne det naudsynt å prioritera éitt enkelt aspekt ved opplevinga: om verket og/eller framføringa var god eller dårleg.

Gjennom det siste året har det komme fleire positive tilfang. I Morgenbladet er spalteplassen større, og kritikar Magnus Andersson får høve til å presentera fleire argument og nyansar. Samstundes har han fleire gonger nytta denne plassen til å stilla spørsmål ved si rolle som kritikar. Gjennom sine 2-4 årlege utgjevingar av tidsskriftet Parergon ynskjer redaktør Emil Bernhardt å henta fram omfattande kritikkar som går i dialog med stykket og framføringar på deira eigne premiss.

Slik er dørene er opna for ei større djupne og fleire innfallsvinklar i omtalen av musikk – kanskje er dette dermed grunnlaget for at denne debatten no kan finna stad.

Lite konstruktivt
Difor verkar det underleg at ein har funne veg inn på eit lite konstruktiv spor. Les ein dei siste innlegga i Morgenbladet, tykkjest diskusjonen no å handla meir om å undergrava legitimitet enn om å drøfta kva kritikk og musikkomtale elles kan vera.

I Morgenbladet 27. oktober minner professor i musikkvitskap Erling Guldbrandsen historikar og musikkritikar Erling Sandmo om at han ”tross alt er en amatør innen musikkvitenskap”, og at ”det er kanskje vanskeligere å agere fagmann i musikkvitenskap enn å skrive impresjonistiske og vakre kritikker”. Guldbrandsen meiner at Sandmo sine kritikkar ”mangler nærlesing av verkene, eller av den musikalske teksten om man vil. Ofte er det utenforliggende ting, historiske episoder og rariteter som skal gi språk til hans egne musikkopplevelser, hvis han da ikke starter med sin egen lyttesituasjon”.

Med dette tykkjest Guldbrandsen redusera Sandmo sine bidrag, både som kritikar og i den meir generelle omtalen, avdi han manglar det faglege utgangspunktet som musikkvitaren har. Andersson fylgjer opp (i Morgenbladet 17. November) med ein noko annan innfallsvinkel; han etterlyser røynsla som element i Sandmo si musikkforståing, og stiller spørsmål ved om Sandmo einast er ute etter å forstå musikken, ikkje å erfara han.

Kan andre enn musikkvitarar uttala seg om musikk?
Den sistnemnte etterlysinga kan oppfattast som ei utfordring til Sandmo, eller like gjerne til alle som skriv om musikk – og bør lyttast til. Men eg er ikkje samd med Andersson i at skildringar av røynsle manglar i Sandmo sin musikkomtale – i alle fall ikkje i hans program ”På sporet” i NRK P2.

Vidare vil eg stilla spørsmålsteikn ved kva Guldbrandsen ynskjer å oppnå gjennom sine nokså arrogante uttalelser om Sandmo i dette høvet. Skal ein redusera høvet for andre enn musikkvitarar til å kunna uttala seg om musikk?

”Sandmo fremstår som en musikkelsker med stor platesamling, historisk sakkunnskap og en gudbenådet penn”, skriv Guldbrandsen med negativt forteikn. Men — er det ikkje nettopp dette som gjer Sandmo til den gode formidlar og kritikar han er?

Nærlesingar av verk er viktige og spanande, og bør vera ein sentral del av vår musikkforståing. Samstundes meiner eg at opplevingar av musikk inneheld meir enn persepsjonen av musikalske strukturar og formprosessar.

Sandmo er med på å formidla desse, idet han let ”utenforliggende ting, historiske episoder og rariteter” gje språk til sine musikkopplevingar. Gjennom å knytta musikken til det ”utenforliggende” bringer han inn andre element i musikkforståinga. Han set musikken inn i ein større samanheng, og bidrar til å belysa musikken på ein måte som han i kraft av sitt fagfelt ofte kan gjera langt betre enn musikkvitaren. Og ikkje minst: han lukkast formidla sine opplevingar på ein måte som få andre kan, og evnar skapa interesse og nyfikne — både for dei som alt har ei inngåande kjensle til musikkforma, og til eit breidare publikum.

Kanskje er det faktum at Sandmo ikkje er musikkvitar nettopp hans store styrke?

Er avstanden stor?
Guldbrandsen har sjølv ein sentral plass når det gjeld å skapa uttrykk for personlege røynsler av musikk. I ein av sine omfattande og særs inspirerande artiklar, ”Bruckners mørke mysterium” skildrar Guldbrandsen si oppleving av Bruckners niande symfoni – og støttar opp om denne tanken, at det ligg mykje meir i verket enn det som kan lesast ut av ein teoretisk gjennomgang:

”Samtidig må jeg tilstå at den mer nøkterne, etablerte forskningen tidvis har hatt problemer med å si noe som kan oppleves som vesentlig i forhold til verkenes musikalske dragning. Det er noe ved min egen erfaring av Bruckner som opplagt ikke fanges inn i de tekniske og biografiske reduksjoner, og som kanskje ikke engang lar seg uttømme i en rent estetisk forståelse. Det synes av og til å være noe annet som kommer til syne, noe ansiktsløst som rugger på seg nede i dypet av den klingende opplevelsen, noe mørkt og unevnelig som i korte øyeblikk trer fram gjennom de musikalske figurene. Hvordan skal jeg klare å si noe om dette? Jeg må ta utgangspunkt i musikkopplevelsen, og bevege meg videre derfra”.

Slik sett er avstanden kanskje ikkje så stor. Sandmo og Guldbrandsens formidlar begge – på kvar sine vis – særs godt, og personleg om ulike formar for oppleving av musikk.

Fleire innfallsvinklar
Gjennom ei drøy veke har festivalen Beethoven-koden – av og med Oslo Strykekvartett – vore i gang. Ved konsertane har personar frå ulike fagfelt vorte invitert til å snakka om Beethoven ut frå sin ståstad. For meg er det fascinerande korleis eg først kan høyra idehistorikar Trond Berg Eriksen fortelja om korleis forståingsnøklane ein har til Beethovens musikk (biografien, sjukdomshistoria, samfunnsforholda han levde under, geniforklaringa osb) ikkje kan forklara vår musikkoppleving, og vera samd i det — og dinest høyra journalist Christian Borch den påfølgjande konserten formidla eit anna perspektiv, nemlig korleis Beethovens musikk har vorte teken til inntekt for ei rekkje politiske forhold over heile verda, og merka at eg kan la slike element prega mi oppleving. Begge har rett, på kvar sine vis.

Det ein treng i den vidare utvikling innan musikkritikk er ikkje fleire arrogante, ekskluderande innvendingar eller bombastiske sanningar, men heller fleire stemmer som kan skapa eit større mangfold av synspunkt og innfallsvinklar.

Ta verket og lyttaren på alvor
Eit viktig spørsmål er dessutan korleis ein skal forhalda seg til setninga eg presenterte innleiingsvis. Det er denne kvardagen ein i hovudsak forheld seg til, med korte, einsidige, overflatiske kvalitetsvurderingar. Setninga kunne forsåvidt vore eit glimrande utgangspunkt for debatt – men all den tid det får stå uimotsagt – vert denne bombastiske vurderinga ståande, som ei slags sanning som neppe kan seiast å ta verket eller lyttaren på alvor.

”Erfaringen er en relasjon — mellom verket og lytterens stemthet. Spørsmålet er ikke om men hvordan den eksistensielle relevansen kan bryte inn i verket, gjennom kunstmidlenes egen artikulasjon”, skriv Guldbrandsen i sin artikkel:

”Den kan bryte inn fra mange sider: I verkets tilblivelse, gjennom materialet, skrivemåten og det felles repertoaret av stilfigurer, og i framføringer, spillemåte fortolkning og opplevelse, slik alt dette er innfelt i tradisjon og mottakerkultur. (…) Betydninger, mening og relevans utmyntes først i kunsten selv, med rent estetiske midler, og kan først erkjennes gjennom dem.”

Kritikken i dagspressa må vera kort – men må ein dermed tenkja resignert om den? Er det mogleg, innanfor den vesle plassen, å likevel tenkja seg noko meir? Kan ein minska spranget mellom kritikken i dagspressa og artiklar som denne – gjennom til dømes å fanga meir enn ei teknisk bedømming?

Skal musikkritikken verta interessant lesnad, er slike spørsmål mellom dei eg tykkjer det kunne vera verd å ta stilling til.

(Kjelde: ”Bruckners mørke mysterium” frå ”Musikk og mysterium, fjorten essay om grensesprengende musikalsk erfaring” av Erling E. Guldbrandsen og Øyvind Varkøy (red))

Publisert:

Del: