”Som dere alle observerer har dette stykket nå nådd et punkt hvor følelsene så og si er sluppet helt fri. Musikerene følger ikke lenger et strengt partitur eller komponistens plan, men uttrykker seg selv. De er bedt om å utføre diverse katharsiske handlinger og er mer opptatt av egen sjelelig rensing enn av konvensjonell musikalsk struktur”, var eitt av mange innspel frå Trond Reinholdtsen i hans nye verk. ”Music as Emotion” er eit stykke med trøkk, meiner Ida Habbestad i denne meldinga.

Borealis2007_logo

Av Ida Habbestad

Garth Knox har ei befriande kommunikativ evne. Hans framtreden er enkel, inkluderande, og han presenterer det enkelte stykke, noko som er sjeldan å oppleva under denne typen konsertar. På Borealis fredag kveld, framførte han eit spanande utval av det samtidige solorepertoaret for bratsj og viola d’amore.

For dei som ikkje kjenner til bratsjisten, er ein presentasjon på sin plass. Garth Knox har irsk og skotsk bakgrunn men er i dag busett i Paris. Frå 1983 var han medlem av Ensemble Intercontemporain og i 1990 vart han medlem av Ardittikvartetten, der han mellom anna var med å urframføra den berømte Helikopterkvartetten av Stockhausen, før han i 1998 satsa for full på solokarieren, med fokus på samtidsmusikk.

Glitrande og eterisk

På same måte som Knox’ framtreden tyktest enkel, var òg mange av verka ”enkle” – i det dei konsentrerte seg om ein enkelt ide; anten det var eit aspekt ved instrumentet, eller ein meir overordna, filosofisk ide .

Første sats i Ligetis bratsj-sonate var til dømes basert på eit folketone-liknande tema, framført på bratsjens nederste streng. Som eit paradoks syner dette stykket bratsjen som sopraninstrument, i det temaet for kvar nye gjentaking vert løfta høgare og høgare, til det umoglege.

Den neste komposisjonen, Sciarrinos ”3 Notturni Brillianti”, var utelukkande basert på flageolettar. Det lyse vart dermed dominerande også her; med stjernene som inspirasjonskjelde, skildra gjennom Sciarrino si distinkte lydverd; glitrande og eterisk. Eit sikkert umenneskeleg vanskeleg stykke vart her spelt med stor virtuositet, leikande lett og vakkert.

Konsertetyde og nattestemningar

Fullt så imponerande var kanskje ikkje Knox’ eigne komposisjonar. ”Viola Spaces” besto av tre satsar som alle var baserte på kvar sin tekniske ide. I første sats spelte Knox berre pizzicato, den andre satsen var basert på bogeteknikken ”Tasto flautando” og tredje sats var nok eit ”flageolett-stykke”. Stykka er konsertstudier, laga for å ”gi utøvarar ein sjanse til å lære og utforske kontemporære bratsjteknikkar”, men for meg tyktest stykkene å likna mest på reine etyder, meir spanande for utøvaren enn for lyttaren. Slik framsto dei ikkje særleg interessante i eit elles heilskapleg program. Særleg tyktest det påfallande i tredje sats, ettersom Knox gjennom Sciarrino-stykket hadde presentert ein meir funklande måte å ta i bruk flageolett-elementet.

Knox’ improvisatoriske evner hadde eg derimot stor sans for. Her var det Maderna som var ”ideen”, og med utgangpunkt i fire stykke av Ockeghem, Vivaldi, Maderna og Olga Neuwirth, synte han det fascinerande tydelege slektskapet mellom dei; Ockeghem og Vivaldi som Maderna sin ”bagasje”, Neuwirth som hans etterfølgjar. Til sist vart Saariahos ”Nattvind” framført, og atter vart festivalkomponisten sitt verk ståande som min favoritt; hennar luftige nattestemningar er mystiske, favnande.

Kva kan gje samtidsmusikken trøkk?

I denne artikkelen som opphavleg er publisert i Parergon, spurde Astrid Kvalbein om ikkje generasjonen som har vakse opp med ”den etablerte samtidsmusikken” (og musikklivet for øvrig) burde vera dei som stiller spørsmål om ”kva som kan gi samtidsmusikken trøkk når han ikkje er så sinna, ikkje røskar i borgarlege konvensjonar og ikkje lenger proklamerer å liggje ”ytst” i ei utvikling vekk frå tonaliteten over i det modern(istisk)e?” 


Under kveldens andre konsert, ved urframføringa av Trond Reinholdtsens verk “Music as emotion”, kom denne artikkelen fram i minnet. I tillegg Siri Meyers utsegn under ein debatt under Festspillene i Bergen i fjor:

”Den moderne kunsten hadde som forbilde at den skulle sjokkere, men det har inspirert andre uttrykksformer — og i dag er det Madonna eller Otto Jespersen som sjokkerer. Å gripe til sjokk for å få oppmerksomhet, er ikke lenger det rette, for det er et språk som har gått over i andre uttrykksformer. Det er på tide at vi snakker om det sterke i kunst på en annen måte.”


Idet provokasjonen er lagt brakk, er det andre verkemiddel som skal til for å koma vidare i samtidskunsten. Eg meiner Trond Reinholdtsen med dette verket gjev eit godt bilete på éin mogleg utveg. At verket hans har trøkk er i alle fall ikkje til å komma unna, alt frå den innleiiande programkommentaren:

”Programtekst: Fra og med dette stykket har jeg sluttet å skrive programtekster”

Kaos og hulkande damegråt

”This is fear” sa ein av utøvarane i ”Plus Minus”. I ein harselas med musikken sin tidlegare ”opplagte” bruk av kjensler, let Reinholdtsen ensemblet demonstrera korleis frykt høyrest ut i hans tonespråk. ”And what is this?”, spurte utøvaren salen. ”Glede!” Eller angst, irritasjon, sinne – ei rekkje ulike kjensler vart nemnt, og ensemblet demonstrerte villig vekk, utan at det var nokon særleg skilnad på glede eller angst å spora. Dinest, gjentekne gonger: keisemd.

Etterkvart, når musikarane tilstrekkjeleg hadde tynt keisemda, fekk me denne meldinga:

”Som dere alle observerer har dette stykket nå nådd et punkt hvor følelsene så og si er sluppet helt fri. Musikerene følger ikke lenger et strengt partitur eller komponistens plan, men uttrykker seg selv. De er bedt om å utføre diverse katharsiske handlinger og er mer opptatt av egen sjelelig rensing enn av konvensjonell musikalsk struktur”.

Frå då av: kaos. Utøvarane forsøkte på sett og vis å vera overalt, somme gjekk ut i salen og samtalte med publikum, éin gjorde tilløp til stolvelting (og på dette punktet kunne han faktisk hatt høve til å provosera – dersom han hadde villa det), éin kasta ting frå galleriet, éin kasta gjentekne gonger ein CD-spelar i golvet, to konverserte om det som forøvrig utspant seg, og til slutt munna passasjen ut i mørke, før det psykologiske faktultet ved Universitetet i Oslo dukka opp på tv-skjermen.

Alvor og psykolog-hjelp

Med bildet som bakgrunn, fekk me høyra (over høgtalaren) arien ”Lieux finestre” frå ”Dardanus” av Rameau og sluttduetten frå ”Poppeas kroning” av Monteverdi, i den kanskje mest alvorlege del av konserten, der det ikkje tykkjest vera særleg tvil om den emosjonelle tilstand.

I eit fantastisk absurd videoklipp søkte Reinholdtsen så hjelp hjå ein (komande?) psykolog ved faktultetet, for å finna ut av dette med kjensler; han fortalde at han har fått kritikk for å vera for distansert i musikken sin, og at han samstundes legg for mykje av seg sjølv i den — korleis kunne han kommunisera emosjonar til publikum?

Noko tydeleg svar fekk ein vel neppe, men avslutningsvis ein imitasjon frå ensemblet, av lyden av hulkande damegråt, med den originale utgåva som rammeverk.

Ei problematisering av det konstitusjonelle?

På 1700-talet diskuterte musikkteoretikarar om musikken var eit direkte uttrykk for kjensler, eller om det var ein imitasjon av kjenslene. Ein hadde affektlæra, den eine stemning i kvar sats. Og ein hadde Carl Philip Emanuel Bach som erklærte at sidan musikaren ikkje kan røra nokon utan å sjølv å vera rørt, må han projisera alle kjenslene han vil vekkja hjå lyttaren i seg sjølv.

Korvidt Reinholdtsen sitt stykke var ein problematisering av denne konstitusjonelle oppfatting av musikk som emosjons-formidlar, om det var ein problematisering av kva element ved musikken som faktisk uttrykkjer kjensler, eller kanskje kring høvet for å kunna skriva denne typen musikk i dag, (eller meir ein konstatering og frustrasjon over å ha forlete det gamle) – veit eg ikkje. Kanskje var det ingen av delene.

Men det var ei fantastisk oppleving som eg kjem til å hugsa lenge – og eg ser fram til kva Reinholdtsen har å formidla neste gong. Bravo!

Konsertar i Logen, fredag 16. mars.
Garth Knox: Ligeti, Sciarrino, Hüber, Knox, Saariaho

Plus Minus ensemble, for høvet beståande av Vicky Wright (klarinett), Anders Førisdal (gitar), Mark Knoop (piano), Roderick Chadwick (piano), Marcus Barcham-Stevens (fiolin), Alex Waterman (cello), Matthew Shlomowitz og Joanna Bailie (div instrument). Verk av Joanna Bailie, Bryn Harrison og Trond Reinholdtsen.

Publisert:

Del: