Jørn Hilme-stemnet på Fagernes i juli er ein av landets største folkemusikkfestivalar, med nær 6000 besøkande i 2001. Festivalen inneheld ei mengd konsertar, kappleik, dans, kurs og foredrag, og er ein sterk manifestasjon av det levande folkemusikkmiljøet i Valdres.

Vårdal, Vindal, Andersen (Jørn Hilme-stemnet 2002)

Festivalen er prega av særs mange unge folkemusikarar. Dette heng saman med eit vekeskurs i folkemusikk for born og unge, Strunkeveko, som går parallelt med sjølve festivalen. Festivalen rettar difor mange av konsertane sine mot born og unge. Konsertane går føre seg på kulturhuset i Fagernes og i husa på Valdres Folkemuseum. På museet er det også dans i mange av dei gamle stovene, noko som skapar ei unik ramme rundt kveldsaktivitetane. Dette unike miljøet dreg kvart år mange til festivalen.

Festivalprofilen er ei blanding av tradisjonell og arrangert folkemusikk, og har også ei gjennomgåande satsing på dei eldste danseformene i landet.

I år har Jørn Hilme-stemnet gleda av å presenterte eit tingingsverk støtta av Norsk kulturråd. “Mellom himmel og hav” er tittelen på stykket, og det er hardingfelespelemennene Vegar Vårdal og Henning Andersen, som i samarbeid med den klassisk utdanna harpisten Kjersti Vindal lagar det første tingingsverket nokon gong til Jørn Hilme-stemnet. Alle er unge, intense musikarar, med eit leikande, varleg og sprutande samspel. Kjersti Vindal er 1. solist ved symfoniorkestera i Trondheim og Helsinki. Eit kjenneteikn ved Vindal er m.a. eit “hardcore-prega” harpespel. Her er det få englefakter, men rytme, liner og trøkk. Vindal har tidlegare jobba med folkemusikk frå heimtraktene i Sør-Trøndelag.

Vegar Vårdal har nyleg avslutta utdanning i folkemusikk frå Noregs musikkhøgskule, og han er velkjend frå ei rekke ulike folkemusikkgrupper. Hardingfelespelemann og organist Henning Andersen er ein særs respektert, ung musikar frå Valdres. Med solide røter i Valdrestradisjonen vonar vi at han skal gje tingingsverket ei tilknyting til Valdres.

Noregs mest leste forfattar, Margit Sandemo og hardingfelespelemann Jan Arne Sebuødegård og langeleikspelarane Ole og Knut Aastad Bråten tek oss med inn i det mystiske tilværet på Grunke, fjellstølen mellom Valdres og Hallingdal. Slekta til Margit Sandemo har sterk tilknyting til dette fjellområdet, og Margit er kanskje den som best kjenner mytene, historiene og segnene derifrå.

Det blir vidare intimkonsertar med Hauk Buen, Berit Opheim, Frank Rolland, Tore Bolstad, Hege Nylund, Atle Lien Jensen og Majorstuen spelemannslag, og “øpe stogo” med Olav Jørgen Hegge, samt CD-slepp med opptak og konsert om Harald Fylken. Arrangørane lovar og kulturhistorisk busstur i folkemusikkmekkaet Øystre Slidre, gode historier og spel med m.a. Jan Beitohaugen Granli, Anders Røine, Tore Bolstad m.fl. – og “buskspel i alle buskar”. Det blir borne- og ungdomskonsertar under Strunkeveko, som omfattar i alt 18 lærarar, samt Meisterkonserten med Håkon Høgemo og Leif Inge Schjølberg og meisterklasseelevar. Trioen Hått – Per Anders Buen Garnås, Anders Røine og Nils Øyvind Bergset – spelar den aller eldste runddansmusikken. Vidare spelar hundre strunkevekeelevar mellom 10 og 18 år “Strunkis”-konsert, medan folkemusikarer spelar barneteaterstykket “Rotnheims-Knut”.

Det blir og kappleik, med klasse for springarspel på torader, open klasse for nyskaping og arrangert folkemusikk, utekappleik for lur, lokk, tromme og bukkehorn – og elles alle dei vanlege kappleiksklassene i ein av landets største kappleikar. Og i tillegg dans på museet frå torsdag til søndag kveld og dugurdsdans i Fagernes sentrum laurdag føremiddag.

Det blir og kurs i munnharpe, hardingfele, langeleik, springar, pols, kveding m.m. Alt saman på Fagernes i Vadres 22. til 28. juli 2002. Jørn Nilsson Hilme (1778 – 1858) var elles den fremste skaparen av det slåttespelet som enno lever i Valdres og bygdene ikring.

Jørn Hildre-stemnet får støtte både frå Norsk kulturråd si festivalstøtteordning og frå kulturrådet sine bestillingsverkmidlar. Arrangementet er og støtta av Valdreskommunane og Rådet for folkemusikk og folkedans.

Publisert:

Del: