KONSERTMELDING: Under Trondheim Kammermusikk Festival har ein kunna stifta nærare kjennskap til George Crumb sitt store klangunivers. – Det krevjer mot å satsa såpass sterkt på ein nolevande komponist gjennom ein liten kammermusikkfestival, skriv Ballade sin utsende om festivalen, som i denne meldinga formidlar nokre av inntrykka etter konsertane med komposisjonar av Crumb.

Øyvind Gimse

Av Ida Habbestad

Den som lyttar til George Crumb sin musikk finn seg ofte plassert i spennet mellom det jordlege og det eteriske. Der er basale emne, som liv og død; lukta av jord, lydane frå vinden og havet – og der er det unåelege; stjerner, englar og lyden frå fjerne galaksar.

Gjennom verktitlane sine teiknar komponisten tydelege men opne bilete. Oftare enn vanleg tek dermed den musikalske opplevinga form i konkrete bilete og stemningar. Som det frosne, aude landskapet i ”The Haunted Landscape”, eller som stille og flimrande undervatnsbilete i ”Kvalens song” og galaksar og stjerner i ”Makrokosmos IV”.

”Bent Sørensen har bevist, at man godt kan komponere ’skjønt’ og kompromisløst uden klichéer, og han har været i stand til at forene det ’skjønne’ med det komplekse og det mangetydige” uttaler komponist Simon Steen-Andersen i Ultima si programbok dette året. Kan henda er det same utsegnet relevant for Crumb, som i likskap med Sørensen har tort å ta med seg det ”vakre” og ”romantiske” i verka sine – og som òg har forkjærleik for den retningsgjevande men diffuse namngjevinga av komposisjonane.

Eit viktig poeng er likevel vissa om at musikken ikkje kan verbaliserast, slik Crumb framheld i intervju med underteikna. Trass komponisten sin hug til å gje meiningsfulle namn ned til kvar einskilde sats – samt til å skriva fyldige programkommentarar – vert desse ståande meir som inngangsportar som vel kan styra lyttinga, enn som nokon endeleg ”fasit” for korleis verket skal opplevast.

Frå eitt språk til eit anna

Men Crumb, som omtalar komposisjonane sine som ei reise mot det ukjende, ynskjer openbart å rettleia sitt publikum – og då me kom på konserten ”Crumb II” torsdag understreka Crumb-tolkarane Lambert Orkis og James Primosch dette kommunikative elementet, gjennom ei temmeleg konkret skildring av aftanens ferd mot det eteriske.

Med det gav dei òg eit bilete på korleis titlane og kommentarane spelar med i musikken, kor avhengig eit tekst-musikk tilhøve kan vera for å oppnå ei bestemt oppfatting. For kanskje synte dette verket stjernene sine ulike lysstyrker slik titlane bar lovnad om, og kanskje låg dei fjerne galaksane latent i musikken – men det er lite sannsynleg at det eg ville sett for meg nøyaktig desse bileta om ikkje retninga var give gjennom eit anna språk enn det musikalske.

Uansett var reisa til det ’crumbske’ klangunivers heilt reell. Her vart eit vell av klanglege høve i flygelet utprøvd og utforska, framført så kvar einaste klang kom til sin rett – stadig innanfor ei eterisk og drøymande ramme. Med like store delar av verket framført inni flygelet som på tangentane, vart måten dei to utøvarane handsama og var i kontakt med instrumentet i stor grad ei visuell oppleving der utøvarakiviteten for meg utgjorde ei synleggjering eller forsterking av det klanglege.

Uorganisk

Etter eit slikt opptrinn framsto ”Sonata for cello”, med koreografi av Ella Christine Fiskum, som eit mindre vellukka prosjekt. Cellist Øyvind Gimse og dansaren Silas K. Henriksen kommuniserte truleg så godt dei kunne, men Ella Christina Fiskum sin koreografi til verket virka uorganisk – som om den ikkje fekk tak i djupna i Crumb sitt verk.

I så tilfelle var ho ikkje åleine om det. Etter mi meining er ikkje Cello-sonaten mellom høgdepunkta me har høyrt av Crumb sin produksjon, og likeeins virka det som Gimse òg hadde problem med å forma verket på ein interessant måte. Han hadde dessutan fått klangleg munnkurv gjennom ei dump oppmikking av instrumentet sitt, som forsterka det uforløyste uttrykket som i all hovudsak likevel rettar seg mest mot tilhøvet mellom dans og musikk her.

Gimse og Henriksen fekk dermed ikkje den same guidande funksjon som Orkis og Primosch sto for tidlegare, og som dei avslutta konserten med. Så har då òg sistnemnde levd lenge med verka til Crumb – dei er til fingerspissane kjende med intensjonar og tolkingshøve og har gjort referanseinnspelingar av verka hans.

Modig festival

Det krevjer mot å satsa såpass sterkt på ein nolevande komponist gjennom ein liten kammermusikkfestival. Ein ting er det å lukkast få ein storleik som Georg Crumb til å vitja byen ei heil veke, ein annan er det å våga å gje han ein såpass dominerande plass på programmet.

Likeeins er det ein stor styrke at utøvarar som verkeleg kjenner musikken til Crumb er inviterte, og ikkje minst at dei har satt av tid til å undervisa. Det forundrar meg derfor at ikkje fleire av hovedstadens studentar er her – eller for den del ikkje representantar frå store medier. Med sin spenstige programmering fortener Trondheim Kammmermusikk Festival ei større merksemd – og det et er å vona at dei vil få denne i framtida.

Publisert:

Del: