29. desember går den årlige Jolajazz av stabelen på Park Hotell Vossevangen.

Casiokids_barn (Foto: Finn Arne Melhus)

Programmet for Jolajazz 2007 er som følger (med artistbeskrivelse fra arrangøren):

Kl. 14.00 i Vossasalen

Badnajolajazzkonsert m/ Casiokids
Casiokids er ei elektronisk musikkgruppe som blandar elektroniske rytmar og lydleik med akustisk sjarme. Dei er kjende for å vere flinke til å engasjere borna, og denne konserten vert ikkje noko unntak!

Jolajazz fra kl. 21.00

Arne Anderdal og Olav Undeland
Arne Anderdal (hardingfele), Olav Undeland (gitar, banjo, vokal).

Ei herleg blanding av norsk og amerikansk folkemusikk. Norske slåttar vert sett saman med amerikanske tradisjonslåtar i folk/blues-sjangeren, ein heil del tull og tøys, – og bittelitt alvor!

Exe Experience
Thomas Trettenes (vokal), Torstein Norevik (bass), Vigleik Kolltveit (tangentar), Kåre Opheim (perkusjon), Terje Solsvik (trommer). Oddvar Ekse (gitar), Børge Styve (trompet), Bjørnar Ekse Brandseth (gitar, vokal).

Mykje av låtmaterialet deira er henta frå 70-talet, noko er instrumentalstoff i grenselandet blues/jazz/rock, vokalstoffet i blues/soul sjanger. Musikk ein gjerne dansar til!

Casiokids
Ketil Kinden Endresen, Omar Johnsen, Matias Monsen, Kjetil Aabø, Einar Olssson og Fredrik Vogsborg.

Pop-psykedelisk elektronisk musikk: Casiokids blandar elektroniske rytmar og lydleik med akustisk sjarm. Eitt av bandet sine mål er å gjere elektronisk musikk meir visuell og spenstig i konsertsamanheng.

Cichendales
Kai Taule (vokal, bass), Magne Trengereid (trommer), Bjarte Aasmul (gitar).

Moderne, svett soul-funk med høg James Brown-faktor.

Udo’s Choise
Eirik Aksnes (gitar), Bjørnar Kaldefoss Tveite (kontrabass), Øyvind Gjeldsten Dale (piano) og Andreas Mannila Wildhagen (trommer).

Unge musikarar frå Hordaland og Oslo som spelar eigenkomponert materiale, i tillegg til standardjazz.

Mads Berven, Helen Eriksen, Kyrre Laastad, Olav Høyer
Mads Berven (gitar), Helen Eriksen (saksofon), Kyrre Laastad (trommer), Olav Høyer (kontrabass).

Fire progressive musikarar på Vestlandet som spelar eigenkomponert musikk.

Publisert:

Del: