Ivar Chelsom Vogt er tilsatt som administrativ koordinator i Borealis. Han tiltrer i en 50%-stilling fra 1. desember 2006. Vogt vil særlig ha ansvar for den daglige kontordriften og informasjonsarbeidet i Borealis.

Ivar Chelsom Vogt (Foto: Marte Vik Arnesen/Studvest.no)

Vogt er ein kjend aktør i det bergenske musikklivet – både som administrator og utøvar. 

Særleg har han gjort seg bemerka som låtskrivar, musikar og manager i bandet Real Ones.

Utanom bandverksemda har Vogt hatt fleire administrative verv innanføre lokale musikkinstitusjonar. Han var m.a. bookingansvarleg for klubbsuksessen Kamelon og no nyleg har han vore prosjektleiar i BRAK. Der har han hatt ansvar for utvikling av nye øvingslokale i Hansahallene på Kalfaret.

Vogt har elles lang erfaring med informasjonsarbeid – m.a frå tida som presseansvarleg i Nattjazzen og Nordisk Panorama.

Publisert:

Del: