Stavanger er Norges mest internasjonale småby, både kontinental og provinsiell. På åttitalet vart Café Sting sjølve arnestaden for nyskapande kultur- og kulturstemmer. Så sentral vart den vesle caféen at det enno synes logisk å begynna Ballades kulturvandring i oljebyen her.

Café Sting - Stavanger

Gjennom brusteinslagde småbygater sig publikum oppover mot Valbergtårnet. Dei møter haustmørkret på halvvegen, det er teppefall for det daglege fargespelet over heile den vide himmelen. Og det nærmar seg teppefall for den årlege litteraturuka på Café Sting. Det er dit dei skal, publikum, dei fleste av dei er rødfarga damer, i ein alder som tyder på at dei var gamle nok til å gå her også for sytten år sidan, på den aller første litteraturuka caféeigar Terje Vallestad arrangerte. Han er her i år også, like svartkledd som forfattarkorpset han er vert for, bare hestehalen har blitt koksgrå, bare Armanilogoen på baklomma kviskrar om ein diskret avstand til dei smånervøst Dressmannkledde og snart høgtlesande ordkunstnarane.

Snart skal det bli dryppande stille i det trange lokalet, sigarettglørne skal slokna, rødvinsglasa gløymast, sjølv skjelvande forfattarkne skal falla til ro. Og ordet skal overta, frå Lars Amund Vaage, Sigmund Jensen, Niels Fredrik Dahl, Karin Fossum og Jan Kjærstad. Ein snakkar ikkje om litteratur på Sting, ein lyttar til litteratur. Vallestad og medspelarane hans har halde på konseptet sidan midt på åtti-talet, ingen intervju, trass i stigande Grosvoldfaktor i alle kanalar, ingen forsøk på å finna eit større rom, trass i stadig stinnare brakke på den vesle, viktige kulturcaféen.

Forhaldet mellom identitetsskapande rom og svært bevisst programprofilering har skapt litteraturuka. I desse dagar finn vi igjen noko av det same i politikarane og symfoniorkesterets samstemte visjonar om nytt konserthus, og i tenkninga på Tou scene, om enn i ein heilt annan målestokk.

Kontinental kulturtenkning ligg enno i lufta på Sting, litt innestengd etterkvart, naturlegvis, også dette har blitt ein institusjon, det er kanskje ikkje her motstraumane i kulturlivet først tar tak lenger. Det er heller på Tou Scene, eller på nye livsstilskonsept som utestaden Resept, eller produksjonar i regi av frie kunstkuratorar som Molitrix og Lucky bar. Men arrangementssleiar Martyn Reed på Tou jobba tidlegare som DJ på Sting, det var Sting som først inviterte han til Norge, Lucky bar har også sin tidlegare Sting’ar, og heile Molitrixkvartetten sprang ut herfrå. Om Sting sjølv har blitt uunngåeleg etablert, fungerer cafeen stadig som katalysator for unge kunstnarar og kuratorar, den gir enno impulsar til den frie, uavhengige delen av Stavangers kulturliv.

Denne kvelden, som sannsynlegvis seksten kveldar før, dukkar Vallestad seg ned mot mikrofonen og ønskjer velkommen til årets siste litteraturkveld. Linn Ullmann var her på den første, ikveld er ho her for å høyra på gemalen. Og høyrer da også Vallestad fortelja om det unike publikummet på Sting, dei som kjem utelukkande for å lytta. Promilleinntaket her er nemleg underordna, det gir aldri lyd frå seg, utkonkurrerer ikkje konsentrasjonen. Det er konseptet, tenkjer vi, konseptet styrer kven som blir publikum og korleis ein er det. Dette er Vallestads forteneste, meir enn byens publikum. Også konferansieren for kvelden, journalist Magne Olsen frå Stavanger Aftenblad, roser publikum, og Kjærstad fortel at han har høyrt det same, på veg hit. Jo, tenkjer vi da, det er ei spesiell stemning her, det er høgtidsstemt stille. Men vi held framleis ein knapp på at det er konseptet, at ein kunne fått det til kor som helst. Reint geografisk.

Da Vallestad igjen i sin avslutningstale kjem tilbake til det unike Stavangerpublikummet, og kor mange tilbakemeldingar han får frå begeistra forfattarar om akkurat det, punkterer han også det kontinentale, og vi sit igjen med kjensla av så definitivt å vera i ein småby, der identiteten enno er provinsiell, der positive kjensgjerningar ikkje bare er til å gleda seg over, men blir gjentatte til dei blir sjølvforherligande mantra.

Slik kan Café Sting stå som ein kort introduksjon til paradoksa i Stavangers kulturliv. Stavanger er både storby og småby, ein kan gå gjennom sentrum på ti minutt, men ein kan ikkje gjera det utan å høyra engelsk. Folketalet ligg med sine 110 000 på beskjeden norsk storbymålestokk, mens fordelinga på 140 nasjonar nok minner meir om ein europeisk standard.

Og mens politikarar og kommuneadministrasjon nærmast tar rennefart for å få gjort Stavanger til kulturby, mens ein der snakkar seg postmoderne varme om europeiske regionar, om kultursatsning som synonymt med byutvikling, og om eit nytt konserthus som i to ulike, men likestilte salar skal ivareta både den akustiske, symfoniske musikken, og den elektronisk forsterka, er ein i avisspaltene forarga over elitekultur, snobbisme og dyr betong utan innhald. Mens ein frå Tous scene si side synes det er innlysande at ein by som vil satsa på kultur må ha eit slikt bygg, mens ordføraren forsikrar at meir kultur tyder meir av all kultur, frykter andre at det tyder sterkare klasseskilje i kulturlivet.

Direktør Thorstein Granly i Stavanger Symfoniorkester hevdar at situasjonen i Stavanger er unik, med ein ordførar og ein rådmann som samstemt går inn for offensiv kultursatsing. Samtidig hender det nok at same Granly riv seg i håret over manglande nyansering i den offentlege debatten.

Kanskje er Stavangerregionen på veg over i ein postmoderne kultur, for å seia det litt forslitt. Og mens det skjer, oppstår nye skiljelinjer, ikkje nødvendigvis mellom det institusjonaliserte kulturlivet og undergrunnen, eller mellom dei som treng pengar og dei som fordeler slikt, men mellom dei som synes fortrulege med ein slik måte å tenkja kultur på, og dei som ikkje er det.Eller som ikkje stolar på at ting og tenkning verkeleg forandrar seg.

Den tydelegaste alliansen er knytta mellom makthavande politikarar og det etablerte kulturlivet – symfoniorkesteret. Det er ein eldgammal allianse mellom makt og kunst, kvifor skulle det plutseleg også innebera ei radikal endring i makta sitt syn på kultur? Er det naivt å tru det, eller er dei kritiske røystene så opphengde i slike gamle mønster, at dei ikkje ser skogen for bare tre?

Det einaste som er heilt sikkert, er at Framstegspartiet uansett er imot. Ein viss orden må oppretthaldast, trass alt.

Ønsker du å lære mer om de ulike scenene i kulturbyen Stavanger? Her er et par lenker til noen av de viktigste: Checkpoint Charlie, Café Sting, Molitrix, og Tou Scene.

Publisert:

Del: