Det var mange blide andlet å sjå på Fabrikken onsdag 10. november då det nye lanseringsprogrammet for unge folkemusikarar – Intro Folk – vart lansert. Programmet er eit samarbeid mellom Rikskonsertane, Norsk folkemusikkformidling og Den norsk Folkemusikkscena, og Intro Folk kan få ei viktig rolle i å setje folkemusikk på dagsorden i media og musikkbransje, skriv folkemusikkbladet Kvinten.

Majorstuen ved Gjermund Larsen og Andreas Ljones, 2004 (Foto: Kvinten)

Av Kvinten – meldingsbladet til Norsk folkemusikk- og danselag

— Vi er i ei tid der norsk musikk er på offensiven. Dette er resultatet av ei langsiktig utdanningsatsing som har ført til revitalisering av norsk musikk, sa konsertsjef i Rikskonsertane, Helge Skansen då Intro Folk vart lansert på Fabrikken i Oslo onsdag.

Intro Folk er eit lanseringsprogram for unge folkemusikarar som spelar samisk eller norsk folkemusikk, som er lagt opp som ein konkurranse. Desse tevlingane vil finne stad på Telemarkfestivalen, Førdefestivalen, Riddu Ridddu og Ål-dagane før finalen på Jørn Hilme-stemnet. Vinnaren spelar både på Osa-festivalen, Kalottspel og Nordsjøfestivalen same år.

— Initiativet til Intro Folk har kome frå Norsk folkemusikkformidling og Den norske Folkemusikkscena ved Ola Berge og Asgaut Bakken, og Rikskonsertane var villige til å henge seg på. Ein kan stille seg skeptisk til konkurranseaspektet, men vi opplever at dette er svært effektivt for merksemd og oppslag i media. Samstundes er presentasjonen av dei ulike gruppene og solistane på festivalane i seg sjølv ei lansering, uttalte Skansen.

Kulturminister Valgerd Svarstad Haugland kasta glans over opninga og uttrykte stor glede over at Intro Folk no er ein realitet.

— Eg skjøner godt at folkemusikkmiljøet har ønskt dette lanseringsprogrammet som jazz og klassisk no har hatt ei tid, uttalte Svarstad Haugland etter opninga, og i talen sin repeterte ho kor viktig det er å gjere folkemusikken konkurransedyktig i forhold til andre kunstuttrykk.

Andreas Ljones, profilert ung folkemusikar, la også vekt på dette, og trakk fram kor viktig det er å ha økonomiske ressursar til å satse på ei artistkarriere.

— Kvalitet, pengar og eit PR-apparat er dei tre viktige ingrediensane for å slå gjennom som artist, og dette har Intro Folk, sa ein entusiastisk Ljones.

Deretter spela Majorstuen to rykande ferske låtar frå det nye albumet deira. Dei i salen som måtte vere forbehaldne til folkemusikkens potensial som høgste kvalitetsmusikk og underhaldning i ei og same tapning, gjekk truleg frå Fabrikken med nye tankar.

Publisert:

Del: