Det kan verke som om mange arrangørar vender blikket og øyra mot nord, skriv Norsk Folkemusikk- og Danselag i ei pressemelding.

Unni Løvlid, 2005

Det svingar for norske folkemusikarar som vil ut i verda, melder laget, som gjer merksame på at norsk folkemusikk har teke god plass på utanlandske scener denne sommaren.

Mellom anna spelte Karl Seglem i Portugal, Tyskland og Bulgaria tidlegare i sommar medan Majorstuen har gjesta store festivalar i Tjsekkia, Estland og i august Frankrike. Benedicte Maurseth og Gamaltnymalt tek seg av Quebec og Unni Løvlid har vore med på eit større prosjekt i England og saman med Hallgrim Hansegård i Italia.

Dessutan har fleire arrangørar og journalistar enn vanleg vitja Noreg.

Mellom anna var Les Folk It – den nederlandske radio 6 sin nettblogg – på Førdefestivalen i juli, og likeeins den franske tv-kanalen France 24 som laga denne reportasjen.

Oppturen held fram i august – mellom anna reiser GamaltNymalt til La Grande Rencontre første helga i august.

På Norsk Folkemusikk- og Danselag sine nettsider finst meir informasjon om dei enkelte prosjekta.

Publisert:

Del: