I 1969 foreslo han å få jazz på pensum i høgare utdanning. Bjørn Alterhaug trur improvisasjon som fenomen kjem til å bli via enda meir merksemd i framtida.

Bjørn Alterhaug, © NTNU

Jazznestor Bjørn Alterhaug har lagt den første hausten som pensjonist bak seg.

Men musikkprofessoren og kontrabassisten har ikkje lege på latsida. Det har vore turnear med ulike prosjekt frå Finnmark til Sardinia, og no er han aktuell i ulike konstellasjonar ved den tradisjonsrike julejazzen i Trondheim fjerde juledag.

Les også: Nye tider ved jazzlinja

Lang karriere
Alterhaug kan sjå tilbake på ei lang karriere ved musikkvitskap og jazzlinja på NTNU, samt ei veldig utvikling i norsk jazzutdanning.

Etter eit år i Garden, der Alterhaug kom i kontakt med musikarar frå Oslo-miljøet, som Jan Garbarek og Egil Kapstad, flytta han til Trondheim i 1966, der han har vore sidan.

— I Trondheim kom eg inn i eit miljø som var ganske fantastisk, fortel han, og trekk mellom anna fram Asmund Bjørken, som i dag er 79 år og stadig aktiv.

Les også: Don Cherry - Fusjon i lotusstilling

Ville ha jazz på pensum
I Trondheim tok Alterhaug til på studiet i musikkvitenskap, og allereie i 1969 lufta han idéen om å få jazz på pensum.

– Eg hadde vore heldig og fått spelt med store musikarar som Ben Webster og Lucky Thompson. Det var eit stort privilegium å få møte dei og lære av dei, og ynskja at denne kulturen også skulle formidlast i høgare utdanning.

Gjennom journalisten Randi Hultin fekk Bjørn adresser til institusjonar i Europa som hadde jazzprogram, mellom anna Graz i Austerrike og Budapest i Ungarn ved Joe Viera og Janos Gonda.

— På ein famlande engelsk sendte eg ein del brev for å få kontakter og opprette eit jazztilbod innan høgare utdanning. Så blei det veldig mykje speling her på 70-talet, slik at dei pedagogiske planane blei lagt til side. Men det var ein slags kil vil eg påstå.

Det skulle ta fleire år før draumen blei ein realitet.

— Terje Bjørklund kom hit i 1973 og blei ein viktig del av det blomstrande jazzmiljøet her. I 1979 greidde Terje det meisterstykke å få til eit jazztilbud ved konservatoriet, og resten er ei stolt historie.

Følg Ballade på Facebook

– Studenten i fokus
Der var naturleg nok skepsis til å drive formell utdanning av jazzmusikarar, også i jazzmiljøet.

— Det er jo heilt klart at slik som mange institusjoner dreiv jazzutdanning, til dømes i USA, så har det vore veldig skolastisk og lineært, som ein pølsefabrikk.

I dag føler Alterhaug at jazzlinja har lukkast med å unngå dette.

— Alle vi som holdt på i Trondheim har vore einige i at det var studenten som måtte vere i fokus, men at vi skulle vere med som medspillere og legge til rette for dei. Gjere dei kjende med tradisjonen, som kan bli eit springbrett for eit meir personleg uttrykk, forklarar han.

Følg Ballade på Twitter

Jazz, organisasjonskunnskap og hjerneforskning
For Alterhaug er det heilt klart improvisasjonselementet som er det viktigaste i jazzen, og det har vore eit gjennomgåande engasjement i hans karriere. No skal han delta i eit prosjekt om improvisasjon i læringssituasjonar.

– Det er ingen sjølvsagt ting, altså. Eg fekk nokre midlar til eit tverrfagleg prosjekt om improvisasjon ved NTNU i ’99, men det var så stor skepsis til improvisasjon at det fekk inga vidareføring.

— Vi var antakeleg for tidleg ute då, for vi ser no at improvisasjon som fenomen får merksemd gjennom mellom anna i organisasjonskunnskap og hjerneforsking.

Alterhaug meiner at jazzen har vore viktig for denne utviklinga.

— Jazzen har bidratt til å halde ved det elementet der du i samspel med andre kan finne ditt frirom. Du skapar din personlegdom gjennom det samspelet, og det er så utruleg viktig! Ikkje berre i musikk, men også ellers i samfunnet.

Julejazzen i Trondheim skjer på Rica Nildelven Hotel 4. juledag, altså fredag 28. desember.

Publisert:

Del: