På eit år har det nye plateselskapet Nakama gitt ut (snart) åtte plater og gjort seg synlege i det norske improlandskapet. Kva skal vi med nok eit lite, indie-impro-selskap?

Nakama labelkveld, © Olav Opsvik

For snart eit år sidan dukka ein ny improvisasjonskvartett, Nakama, opp med plata Before the storm. Nye konstellasjonar og utgjevingar i mylderet av norsk improvisasjonsmusikk er neppe ein sensasjon. Norske improvisasjonsmusikarar ekstremt produktive og set saman nye grupper stadig vekk. Det er også ei lang rekkje små plateselskap å velge i. Nokre har breiare nedslagsfelt og er meir kjende, som Hubro eller Rune Grammofon, medan andre er litt kvassare eller meir utfordrande, som SOFA eller Paal Nilssen Loves PNLrecords.

Det var sistnemnte som inspirerte bassist Christian Meaas Svendsen til å ta steget åleine, til Nakamas debutplate på selskapet med same namn. Sidan 1. desember i fjor har det blitt sju utgjevingar, og ei til kjem i desember.

Laurdag 19. inviterte musikarane i Nakama-kvartetten og -selskapet til labelkveld. Det er ei forrykande utvikling på ganske kort tid. Kva har gitt dei denne posisjonen så raskt, og kva har Nakama å tilføre det norske improlandskapet?

Filosofer Foto: Olav Opsvik
Filosofer Foto: Olav Opsvik

Stillfaren feleduo
Nasjonal Jazzscene er klemt mellom uteserveringa til T.G.I. Friday’s på Karl Johan, og nettopp denne laurdagskvelden var stemninga inne på gamle Victoria teater i sterk kontrast til den cupfinalekåte Rosenborgfansen utanfor. Då eg gjekk mot plassen min i det duoen Jinchūriki sette i gang kvelden, var plutseleg knirkinga frå golvet under meg ekstremt høglytt og forstyrrande. Fiolinistane Adrian Waade og Håkon Aase har begge gjort seg synlege som unge og lovande jazzfiolinistar , og har valt Nakama som sin kanal når dei har slått seg saman.

Som de har forstått var det ei stillfaren seanse, men likevel innhaldsrikt, med alle moglege lydar ein fiolin kan lage. Samspelet var kontrollert og lyttande, og dei bytta saumlaust på å føre an og følge etter. Musikken forflytta seg gjennom ulike stemningar, frå mørk skraping og knirking til små hint av melodiøse motiv. Skilnaden på to musikarar kan vere stor, men i denne duoen var det summen av dei to som var det viktigaste.

Sjølv om det aller meste som blei framført var fritt improvisert, var alle samla om nokre spelereglar – eller kanskje eit slags estetisk ideal og ein viss gjennomgåande spelestil – som gav ei sterk kjensle av vilje og retning.

Kollektiv meditasjon
Å fokusere på eit felles uttrykk framfor individuell briljering er eit av dei definerande elementa for den vesle rørsla Nakama er. Duoen Jinchūriki blei utvida til kvintetten Filosofer, med bassistane Erlend Albertsen og nemnte Meaas Svendsen, samt DJ Bendik Baksaas. To gangar fele og kontrabass fulgt av ein DJ er ei original besetning, og dei fleste ville nok blitt overraska av det tett samansveisa lydbiletet.

Sjølv om det var eit mylder av lydar om kvarandre, hadde også Filosofer ein påfallande flat struktur, og konserten utvikla seg til ein slags kollektiv meditasjon, der ingen stemmer skilde seg sterkt frå resten. Dynamikken steig gradvis, frå svært stille til eit noko meir massivt lydbilete. Men sjølv då ensemblet blei utvida med nok ein kontrabass og ei fele, ved duoen Vilde & Inga, var det først og fremst fleire lydar og eit meir fyldig uttrykk, utan at volumet blei særskild sterkt. Bidraga frå DJ Baksaas kom i form av ulike samples, anten av konkrete (menneske-)stemmer eller meir syntetiske klangteppe. Heile vegen var han eit forsiktig supplement, og andre gangar meir ein utfyllande grunnmur for den kollektive improvisasjonen.

Agnes Hvizdalek Foto: Olav Opsvik
Agnes Hvizdalek Foto: Olav Opsvik

Filosofers konsert blei fulgt opp av to solosett. Først trommeslagar Andreas Wildhagen, så vokalist Agnes Hvizdalek. Det avslutta med enda ei uvanleg besetning, ein trio med tre pianistar, Nakamas Ayumi Tanaka (som her stilte med komponert materiale), Johan Lindvall og Christian Wallumrød. Også desse konsertane fremja kjenneteikn ein gjerne kan knyte til Nakama-selskapet, som disiplin, fokus og minimalisme.

Dette fokuset skapte ei eigen type intensitet og konsentrasjon som smitta over på publikum. Sjølv om det aller meste som blei framført var fritt improvisert, var alle samla om nokre spelereglar – eller kanskje eit slags estetisk ideal og ein viss gjennomgåande spelestil – som gav ei sterk kjensle av vilje og retning. Mykje av det ligg i balansen mellom å ikkje stikke seg for mykje ut, men samtidig aldri nøle med å følge ein idé.

Kva er Nakama?
Labelkvelden vart ein presentasjon av ei lita rørsle i emning. Nakama si verksemd kan oppsummerast som ei meditativ, stillfaren og kontrollert improvisasjonsmusikk med eit sterkt kollektivt fokus.

Det er ikkje revolusjonært med kollektiv improvisasjon, og heller ikkje at fritt improvisert musikk kan vere stille og forsiktig. Men når dei same tendensane blei gjentekne mange nok gangar klarar musikarane som sirklar rundt Nakama-namnet å gi ei kjensle av eit prosjekt med ein felles identitet og føremål. Akkurat kva det er, er det ikkje så enkelt å setje fingeren på, men vi har nokre knaggar å sjå etter:

Nakama-artister Foto: Olav Opsvik
Nakama-artister Foto: Olav Opsvik

Japansk Anime
Den kollektivistiske organiseringa i det musikalske reflekterer korleis det er ønskt administrert. Kvartetten Nakama dannar grunnlaget for alt som skal skje på selskapet. Alle prosjekt knytt til Nakama vil involvere ein av dei fire utøvarane og på e-post utrykkjer Meaas Svendsen at alle skal vere like involvert i drifta av selskapet etter kvart.

“Nakama” er japansk og betyr noko slikt som “kamerat” eller “kollega” (ulike kjelder vil gi ulike omsetjingar). Litt googling fører meg mot ein konkret japansk anime-serie, One Piece, og Meaas Svendsen stadfesta raskt at det er her inspirasjonen kjem frå. – Det er liksom en nyanse i det ordet som er vanskelig å oversette, men som man skjønner bedre når man har sett på litt japansk anime, skriv han i ein epost.

Også den første duoen, Jinchūriki, er inspirert av japansk anime, nemleg serien Naruto. Tilknytinga til austleg kultur går vidare på nyåret når Nakama-kvartetten blir utvida til kvintett med nemnte vokalist Agnes Hvizdalek, og skal samarbeide med ikkje mindre enn eit zen-kor.

Alle desse små dryppa av kulturelle referansar, dannar eit bilete av ein slags felles identitet til Nakama, og i forlenginga av dette ei solid plattform for profilering for dei involverte musikarane

Generasjonsskifte
Alle desse små dryppa av kulturelle referansar, dannar eit bilete av ein slags felles identitet til Nakama, og i forlenginga av dette ei solid plattform for profilering for dei involverte musikarane. For noko eldre musikarar som Ivar Grydeland og Ingar Zach, og deira kollegaer, har nok plateselskapet SOFA hatt mykje same effekten.

Om det er noko å hente direkte kommersielt på eit slikt selskap er ikkje godt å seie, men det gir oss knaggar å henge folk på, og det fortel også noko om eit generasjonsskifte i norsk improvisasjonsmusikk der nye inspirasjonskjelder melder seg.

Amerikansk, europeisk og norsk impro har allereie ei relativt lang og stolt historie. Vidare har Japan ei rekkje kjende improvisasjonsmusikarar i tillegg til at det har vore ein viktig turnémarknad for norske musikarar.

Å dra inn animasjonsseriar som Naruto og One Piece er likevel nytt, og dette er seriar som born av 90- og 2000-talet har vokse opp med. Det er vidare knytt til ein internettkultur som ikkje eksisterte i dei formative åra for eldre improvisasjonsmusikarar.

Meaas Svendsen har presisert at han ikkje ynskjer å alltid bli knyta til dei japanske referansane. Det er ei legitim bekymring. Samtidig trur eg at samanhengen mellom eit distinkt felles rammeverk, både musikalsk, organisatorisk og kulturelt, har vore ein stor fordel for Nakamas første leveår.

Noko nytt!
Christian Meaas Svendsen og Nakama har på eit lite år klart å gi nye impulsar til det norske impromiljøet. Det er spennande og fint i seg sjølv. Kvar nye generasjon treng ei eiga stemme for å føle eigarskap til musikken, og for meir enn ein handfull lovande unge musikarar kan Nakama vere utgangspunktet for å oppnå det.

Samleplata som blei delt ut, med eit spor frå kvar av dei åtte platene, har tittelen First Wave, og Nakama har potensial til å skape ringverknadar i mange år framover.

Publisert:

Del: