All Ears har kanskje ein relativt smal publikumsappell, men musikalsk sett større breidde. Så kva er smal musikk, spør Olav Opsvik.

Incapacitants, © All Ears

I køa utanfor Oslo domkirke snakka menneska rundt meg om «den smale» festivalen. Heile to-tre slike samtalar om å ha komme som publikum trass i at dette er for “spesielt interesserte” overhøyrde eg, og eit stykke på veg er eg einig.

Men kva er det eigentleg å vere smal?

Ein brei festival!
Det dreier seg ikkje nødvendigvis om musikken i seg sjølv. Paradoksalt nok presenterte All Ears i år ei vanvitig breidd av frie musikkformer, frå solokonsert med sekkepipe i domkyrkja via japanske støylegender på klubbscene og til gamle, britiske frijazzheltar i eit typisk, akustisk jazzklubbformat. I samanhengen kan ein spørje kva dei ulike aktørane har til felles.

Trompetist Eivind Lønning hadde æra av å opne den 14 utgåva av festivalen, saman med den italienske perkusjonisten Enrico Malatesta frå midtgangen i domkyrkja.

Konserten blei lågmælt. Malatesta hadde kun ein symbal og eit beskjedent utval av remedium for å få lyd ut av denne, mellom anna to fiolinbogar. Frå denne symbalen skapte Malatesta kontinuerlige bølgjer av lyd, og fokuserte vel så mykje på dei klanglege eigenskapane i metallskiva som dei perkussive. Saman med Lønnings avventande og lyttande trompetspel blei det ein bedageleg konsert, likevel prega av våkne og sterkt tilstadeværande aktørar, både i publikum og på “scena”.

Den skotske komponisten og sekkepipeutøvaren Erwan Keravec haldt fram frå koret i kyrkja, der han utnytta spennet i volumet frå det fascinerande instrumentet til det fulle. Musikken frå sekkepipa var ganske statisk, med ein konstant bass og asymmetriske rytmiske figurar i det lyse registeret. Den viktigaste effekten kom av Keravecs rørsler i rommet. Medan han spelte vandra han fram og tilbake i koret med ei ganske så konsekvent og fast rytme. Resultatet blei at lyden frå sekkepipa flytta seg i den klangrike kyrkja, og ulike frekvensområde gav gjenklang frå ulike punkt. Ingen kinosalar har surroundanlegg som kan skape ei så sterk oppleving.

Til slutt sette Nils Henrik Asheim seg ved kyrkjeorgelet. Asheims konsert var variert med mange perkussive element og stor harmonisk utforsking, men lite melodisk fokus. Asheim spelte kvitrande, lystige passasjer og skapte støy gjennom lufta i pipene (utan ein tone, altså) og understreka breidda i orglet frå den djupaste bass til den lysaste, skingrande pipelyd. Konserten blei ei nesten barnsleg utforsking av orgelet og Asheim viser at der framleis er mykje uhøyrt i dette enorme instrumentet.

Ytterpunkt
Konsertane i domkyrkja hadde liten samanheng, utover det søkande lynnet som pregar alle deltakande musikarar. Eit felles trekk er evna deira til å ta føre seg dei grunnleggande eigenskapane i sitt instrument og utforske desse med eit opent utgangspunkt, og til å ta dei i bruk utanfor tradisjonelle rammer.

Kunsten er å ta ytterpunkta i instrumenta og sitt indre musikalske repertoar og sjå kor langt ein kan strekke dette utan at det sklir over i noko som er for einsidig og banalt. Nils Henrik Asheim trakterer eit instrument med ei lang og mektig historie, men evnar gjennom søkinga å skape heilt unike musikalske opplevingar. Og der han ved konserten torsdag var perkussiv, var perkusjonisten Enrico Malatesta meir klangleg fokusert. Alle musikarane hadde til felles at dei fekk ekstremt mykje ut av instrumentet, sjølv om dei rører seg langt frå sedimenterte tradisjonar.

Ein heilt ny dag
Når programmet neste dag tok til var det nesten som om dagen før var glømt. No var det elektrisk og elektronisk støy som gjaldt. Først i form av ein samtale mellom norsk støygeneral Lasse Marhaug og kultheltane i den japanske duoen Incapacitants.

Historia om Incapacitants strekker seg tilbake til 1981, og assosiasjonane sviv langt frå den andektige og sakrale stemninga ein får frå Oslo domkyrkje. Toshiji Mikawa starta Incapacitants åleine då han ville bort frå dei ekstreme sceneshowa gruppa Hijokaidan var kjent for på 70-talet. Han ville heller fokusere på sjølve lyden.

– Å tisse på scena har ingen effekt på lyden i seg sjølv, forklarte han beskjedent, til trass for det oppriktige utsagnet, under samtalen med Marhaug.

Men prosjektet tok faktisk vegen til scena og blei til ein duo då Fumio Kosakai kom med.

Støykveld
Men beskjeden haldning og eit instendig ønske om å tenkja auditivt heller enn visuelt er ikkje det same som å vere stillfaren. Same kveld hadde Mikawa og Kosakai det villaste sceneshowet etter mange timar med intens støy frå andre aktørar i Fabrikken, dei gamle Astrup Fearnley-lokala i kvadraturen. Sett vekk frå den meir moderate konserten frå britiske frijazzveteranar, den kom som eit lite intermezzo, var det høgt volum som prega kvelden.

Duoen Skrap med Anja Lauvdal og Heida Karine Mobeck leverte ein spennande og heftig konsert saman med danske G.E.K. (Gud er Kvinde), med rytmisk fokus og ein driv og overlapping mellom ulike seksjonar som tidvis kunne minne om eit DJ-sett. Lasse Marhaug skapte støy saman med fiolinist C. Spencer Lee og cellist Okkyung Lee. Ein mindre høglytt konsert, men likevel innhaldsrik og hastig og utan teikn til pause frå nokon av dei tre.

Spirituell oppleving
Men ingen av konsertane var altså i nærleiken av intensiteten frå Incapacitants. Det er tydeleg at Makawi og Kosakai har ei spirituell oppleving på scena. Etter kvart som støyen blir meir og meir frenetisk og aukar i volum går særleg Kosakai inn i spastiske rørsler og på eit punkt står dei to og nærmast kastar bråk på kvarandre.

Humøret smittar og publikum jubla vilt då sistnevnte avslutta ved å velte sitt bord med effektboksar og pedalar. Deretter var det vel strengt tatt for mykje jobb å skulle rydde opp og halde fram.

Krav til publikum
Kvelden på fabrikken sto langt frå kvelden i domkyrkja, men igjen er det søkinga mot ytterpunkt ein fellesnemnar. Alle konsertane stiller også krav til publikum.

For å få noko ut av dette er ein nøydd til å lytte konsentrert og vere open. Spennet i musikalske uttrykk er kanskje krevjande i seg sjølv, og bidrar ironisk nok til at festivalen også i framtida vil bli omtalt som “smal”.

Men i dette smale og utforskande finst eit alternativ til å stenga ute og akseptera det me kjenner til frå før. All Ears vil vise noko anna enn det sedimenterte, og ber oss om å vere noko meir enn konsumentar. Eg trur det er dette spennet, og denne innstillinga, som gjer festivalen like aktuell og opplevingsrik festival etter fjorten år.

Publisert:

Del: