FESTIVALOPPSUMMERING: Ilios 2008 er over, og Ballade oppsummerer her sine inntrykk. – Festivalen utset ikkje publikum for dei store utfordringane, og dette vart tidvis eit sakn for underteikna. På den andre sida står det respekt av korleis festivalen medvite byggjer sitt publikum og skapar ny interesse for samtidsmusikk, skriv Ballades utsende etter endt tur til Harstad.

Ilios08

Av Ida Habbestad

Det mest gledelege med Ilios 2008 var publikumsmengda. Jamnt over, frå opningskonserten med ”Passing Images”, via konsertane med meir ukjende artistar som Mattias Rodrick og Thomas Myrmel og til byvandringa søndag formiddag, kunne festivalleiar Marianne Beate Kielland ynskja sitt hjartelege velkomen, til mange.

Dette oppmøtet tykkjest vera resultat av eit medvite arbeid frå festivalleiinga si side. For det første var alle konsertane sympatisk korte. Med unntak av pubkonserten varte ingen konsertar lenger enn ein time, og det var lagt inn såpass gode pauser mellom kvar konsert at ein kunne stilla med friske øyre for kvart nye arrangement.

Konsertane var dessutan pedgogisk lagt opp. Ved fleirtalet av arrangementa fortalde utøvarande om kva dei skulle framføra, og festivalleiinga – som var synleg til stade gjennom heile helga, med stort engasjement og med 30 kilo Ilios-drops – ynskte alltid velkomen. Med andre ord var det tydeleg at dei ynskte bryta ned myten om den innadvende, menneskefiendtlege samtidsmusikken, og opna opp for alle slags folk.

Lite hardcore

I tillegg var konsertane – som nemnt tidlegare – gode for øyra. Sterke samtidsmusikkaktørar deltok, men ikkje med sine mest hardcore prosjekt. Maja Ratkje tolka Kurt Weill og Hans Eisler, Arditti-bratsjist Garth Knox framførte tonale eigenkomposisjonar og skotsk-irske folketonar, medan Frode Haltli strakk seg så langt som til å framføra Nordheim-verk frå tidleg 70-tal. El-cellist Mattias Rodrick deltok med seks urframføringar – i hovudsak klangfulle, tonalt anlagte verk.

Slik sett utset ikkje Ilios-festivalen publikummet sitt for dei store utfordringane, og dette vart tidvis eit sakn for underteikna. På den andre sida står det respekt av korleis festivalen medvite byggjer sitt publikum, skapar ny interesse, og gjev forsiktige, små drypp av utfordringar undervegs. Mykje kunne tyda på at dei har knekt ein kode med tanke på korleis ein bør driva samtidsmusikkfestival i ein mindre by som Harstad – og fleire store festivalar kunne ha noko å læra av måten dei gjennom helga tok publikum på alvor.

Liten arena

Med det auka publikumstalet, kjem imidlertid enkelte utfordringar. Ein sentral arena, Café De 4 Roser, som husar ”møt artisten” og pubkonsertar, vart rett og slett for liten for formålet. Det er synd – for med gode mat, service og stemning når ein publikummarar som ikkje elles ville funne vegen.

Imidlertid vart begge dei nemnte arrangement (og aller mest pubkonserten) interessant for dei 20 som fann seg nærast scena, medan nokså mange andre menneske i lokalet hadde eit vagare inntrykk av kva som hende der framme. Slik vart det potensielt største publikumsfrieriet omgjort til eit arrangement for dei få.

Rom, lyd og lys

Men her var mange andre konsertar å velja mellom, og blant opplevingane som imponerte mest, var konserten med Thomas Myrmel. Saman med Bart de Vrees og Zhana Ivanova, sto han bak ein estetisk velkomponert performance, med tilhøvet mellom rom, lyd og lys som utgangspunkt.

Dei tre skapte eit fascinerande vekselspel mellom mørke og lys – mellom abstrakt og konkret. Ved starten i eit kolmørkt rom kom lydar som etterkvart vart avdekt og utvikla. Raske lysglimt gav varierande bilete av rommet og lydkjeldene – og ikkje minst vakre bilete av utøvarar i konsentrasjon og rørsle.

Dette spelet med lys var dessutan integrert i den musikalske opplevinga som ei eiga rytme. Det vart særleg effektfullt saman med utdrag frå ein tonal konsert, samt mot slutten av framsyninga, der flimmer og rørsle skapte bilete av menneske og gjenstandar – ja, nærast av rytma sjølv.

Triveleg var òg byvandringa søndag, der eit større opptog møtte opp for å vitja ulike stader i Harstad sentrum, og fekk ta del i tre heilt ulike opptrednar.

Og framfor alt var satsinga på barn og unge imponerande. Komponist Helle Solberg og el-cellist Mattias Rodrick presenterte saman med elevar ved Hagebyen Ungdomsskule resultat frå sitt to veker lange samarbeid torsdag, medan Affinis-ensemblet gjennomførte ein noko kortare workshop for vidaregåande-trinnet. Resultata frå sistnemnde vart presentert under ein konsert laurdag, der dei unge komponistane presenterte og bivåna sine nye verk, fleire med fascinerande slektskap til konsertens hovudkjerne, verka av Lene Grenager. Frå Mosjøen hadde ein dessutan fått eit knippe elektroniske verk, komme til under vegleiing frå Maja Ratkje.

Balansegang

Festivalen kan oppsummerast enkelt:

Den var god for øyra, poengtert, med fokus på samtidsrepertoar for akkordeon samt kontemplativ ensemblemusikk – og den hadde ei sterk pedagogisk satsing, på unge så vel som på dei vaksne.

Innbakt i dette ligg faren for at festivalen vert så tilgjengeleg at det ikkje er samtidsmusikk att, eller at den vert så pedagogisk at lyttarane kjenner seg undervurdert.

Ilios 2008 balanserte på ein slik egg, mellom positiv publikumsbyggjing, og ein i overkant ”snill” profil.

Slik eg opplevde det, kom festivalen sjeldan utfor kanten, men truleg vil den ha med seg utfordringa vidare. Me vonar derfor at Ilios i i komande år tør vera like utfordrande som no, at den held oppe satsinga på unge, men mellom pedagogisk gode prosjekt for dei vaksne òg tør servera ein oppstivar.

Publisert:

Del: