Då Anja Lauvdal fekk stipend i 2011 var det ingen tvil om kva ho ville bruke det til.

© Privat

— Vi hadde nok satsa på Skadedyr på sikt uansett, men det å kunne fortelje folk at vi skal ha ein konsert ved neste Oslojazz har gitt oss eit mål å jobbe mot, ein liten peikepinn. Det var absolutt eit lite spark i ryggen, forklarar Anja Lauvdal.

Då Lauvdal ved fjorårets jazzfestival i Oslo tok i mot festivalens Young Star stipend såg ho umiddelbart moglegheita til å satse på Skadedyr, som i dag har blitt eit 12-mannsorkester med mellom anna to trommeslagarar.

Les også: Saboterer for seg sjølv

Pådrivar
Lauvdal, som er pianist, representerer ein ny generasjon av nyutdanna musikarar. Saman med sin gjeng i miljøet rundt jazzlinja ved NTNU i Trondheim har ho vore med på å sette preg på musikken som har komt ut frå Trondheim dei siste åra.

I tett samarbeid med først og fremst Heida Mobeck, men også andre utøvarar som Hans Hulbækmo og Lars Ove Fossheim, har ho vore låtskrivar, musikar og pådrivar for prosjekt som Your Headlights Are On, Moskus, og Skadedyr.

Med Your Headlights Are On gav ut ei kritikarrrost debutplate i fjor, medan Moskus vann Grappas debutantpris 2011 og skal sleppe plate siste veka i august.

Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook

Snedig med stort band
Lauvdal har vore avhengig av godvilje frå andre musikarar for å få Skadedyr-prosjektet opp å stå.

— Det er jo alltid ei utfordring når eit band er i startfasen, men folk har stilt opp. Eg trur den største grunnen er at folk synest det er litt snedig at Skadedyr er så stort. Det er litt gøy, for det er jo ingen av oss som eigentleg er vant til å spele slik, fortel Lauvdal.

Les også: Nye utblåsninger

Lar det stå til
Med i bandet finst musikarar frå både Musikkhøgskolen i Oslo og jazzlinja i Gøteborg, medan brorparten kjem frå miljøet Lauvdal har operert i ved NTNU. I følge Lauvdal er det som har forma ho mest frå den tida at dei har fått laga sitt eige miljø.

— Det har alltid vore meg og Heida, så har det vore meg og Heida, Hans og Lars Ove, og etter kvart fleire andre. Det viktigaste har vore å jobbe og lage ting. Starte band og la det stå til. Slik har det vore med Skadedyr også, seier ho.

Bandet har vore i Øra studio tidlegare i juli og Lauvdal håper på at det kan resultere i ei plate.

– Kanskje rett over jul, for då skal vi på turne i regi av Midtnorsk jazzsenter. Etter denne konserten får vi høyre på opptaka vi har gjort, og vurdere om det er bra nok, fortel ho.

Ballade på Twitter

Låtane styrer seg sjølv
Kim Myhrs prosjekt med Trondheim Jazzorkesteret er ein inspirasjonskjelde for Skadedyr. Jazzorkesteret hadde sjølv konsert under årets jazzfestival, denne gangen med Stian Westerhus.

– Der er forskjellige måtar å ta inspirasjon frå andre band på. Med Kim Myhr og Trondheim Jazzorkester var det måten han jobba på: Samle alle saman, spele i lag, og så jobbe ut i frå det, forklarar Lauvdal.

Les også: Komponert, på et vis

Saman med kjerna i Skadedyr, og det som var Your Headlights Are On, opererer Lauvdal innanfor mange, ganske ulike, stilartar, men ofte med mange av dei samme musikarane. Sjølv prøver ho å ikkje vere for opphengt i sjanger.

– Vi prøver så godt vi kan å la ideane få styre seg sjølv, og sette dei saman til eit lydbilete som vi ikkje har hørt før. Og med Skadedyr som er så stort har vi sjansen til skape ekstremt mykje lyd!

Skadedyr spiller på Nasjonal Jazzscene lørdag 18. august.

Publisert:

Del: