Heierland tek over stillinga etter Tormod Kleiveland 1. november

Ida Dyrkorn Heierland, © Ole Bull Akademiet

Ole Bull Akademiet har tilsett Ida Dyrkorn Heierland som festivalleiar for Osafestivalen.

Ho kjem frå stillinga som avdelingsleiar/ fagleg leiar for Vestnorsk Utvandringssenter, og har lang og brei erfaring innan prosjektleiing og formidling.

Når noverande festivalleiar Tormod Kleiveland no har valt å gå vidare til nye arbeidsoppgåver i Festspillene i Bergen, er Ole Bull Akademiet glad for at vi fekk mange gode søkjarar til festivalleiarstillinga, Heierland har lang røynsle i formidling og nettverksbygging, og utvikling av både formidlingsmåtar og nye konsertarenaer vil bli sentrale oppgåver for den nye festivalleiaren, seier rektor ved Ole Bull Akademiet, Jo Asgeir Lie i ei pressemelding.

Osafestivalen har i over 25 år gjeve publikum unike møte i skjeringspunktet mellom klassisk musikk og folkemusikk. Denne profilen vil festivalen utvikle vidare i åra som kjem.

Ida Dyrkorn Heierland tek til i stillinga 1. november 2018.

Publisert:

Del: