KONSERTMELDING: Karlheinz Stockhausen gjekk bort i desember i fjor, og får stå i fokus gjennom fire konsertar under årets festival. Så langt har presentasjonane give meirsmak, og utgjer eit førebels høgdepunkt ved årets festival, meiner Ballades meldar på Ultima. – Utøvarane gjennomførte med overtyding; deira dedikerte utforsking skal sitja i minnet lenge, skriv ho om den første norske framføringa av ”Mikrophonie 1”.

Mikrophonie I/Foto: Ann Iren Ødeby

Av Ida Habbestad

Foto: Ann Iren Ødeby

For mange er Karlheinz Stockhausen sitt namn forbunde med strenge system samt den gode porsjon eksentrisitet og stormannsgalskap som må til for å komponera eit verk for strykekvartett i fire helikoptre. Eller for å komponera verk av umenneskelege durata – regisserte så strengt at det i partituret nesten går med meir plass til instruksjonar enn til verket sjølv.

Introduksjonen i tekstheftet understreka inntrykket av den eksentriske komponist. Asbjørn Schaathun sine ord om komponisten som etter bortgangen i fjor etter eige utsegn ”er på vei til Sirius, jordens nærmeste stjerne, hvis høyeste form for liv er musikerens”, er beteiknande.

Men bakanfor biletet av den verdsfjerne samt standhaftig detaljstyrande komponist, peikar Schaathun og andre på kvifor Stockhausen arbeidde som han gjorde. Her finst tanken om at musikaren strekkjer seg gjennom disiplinen mot ei åndeleg innsikt, og om komponisten som freistar skildra universet, ved å gå ned til lyden på eit atomplan. Eit slikt grunnleggjande ynskje om å gjennomføra ein utopisk idé – om å strekkja ideen til det ytste – fascinerer.

Balanse

Fascinerande var det òg korleis onsdagens utval av verk og gjennomføringa av dei understreka refleksjonane. Slik vart spriket mellom biletet av den pedantiske kunstnar og dei nesten sanselege inntrykka av produksjonen hans stort, den nærast rituelle framtrednen hjå utøvarane vart gjennomgåande.

Som for å understreka dette, innleiia ensemble recherche sin konsert i kulturkirken Jakob på lite kommuniserande vis. Med fløytisten som spelande dirigent i ”Cirrocumulus” av Cecilie Ore, oppsto kollisjonar mellom kva ein høyrde og kva ein såg; der vart ei visuell uro som skapte rykningar i verkets lange linjer.

Når dei sidan heilt enkelt og organisk frambar Stockhausens meditative, sirklande musikk, var inntrykket eit anna. Verk og framføring var i overeinsstemming; undertittelen “Balanse” – som skildring av døgerets 7. time – vart adekvat på fleire vis, og verket framsto som overraskande vakkert og ’reint’.

Dedikert utforsking

Den japanske fløytisten Kazuko Ihara imponerte dinest under kveldens påfølgjande konsert. Ho framførte tre komposisjonar; ”Susanis Echo” (altfløyte), ”In Freundschaft” (fløyte) og ”Zungenspitzentanz” (piccolo) frå operaen ”Licht”. Alt utantil og i ein velregissert gjennomføring frå mørkne til lys, der gestikk, rørsler og klede i alt virka tydeleggjerande på verkets intensjon; så mykje meir berettande enn det kunne vore om ho sto bak eit stativ.

Som avrunding på kvelden, ”Mikrophonie I” for fire utøvarar på tamtam; her Rob Waring, Kjell Samkopf, Jøran Rudi og Kjell Tore Innervik samt med Asbjørn Blokkum Flø og Mads Claesson på elektronikk. Også dette skulle bli ein innhaldsmetta presentasjon; ein idé som skulle takast til ytterpunktet – denne gongen av den uendelege klangrikdom som finst i instrumentet. Utøvarane gjennomførte med stort verd; deira dedikerte utforsking skal sitja i minnet lenge.

Utført stort

Om kommentaren har vore fråverande ved tidlegare konsertar, kom den her for fulle. Enkeltståande konsertprogram, dei tre artiklane om Stockhausen i festivalprogrammet, samt NOTAM si eiga programbok: I alt ei overveldande mengd skriftleg materiale; som om der ikkje fanst nokon anna måte å presentera ein komponist som Stockhausen på enn ved å gjera det stort. Dertil ein samtale mellom Asbjørn Schaathun og Christel Stockhausen som ei personleg innleiing til ”Balanse” – som for å heilt frå starten finna fram til det formidlande ved Stockhausen og hans musikk.

Skulle ein ynskt noko annleis, var det at første halvpart av recherche-programmet – med framføringar av verk av Ore, Klaus Huber og Younghi Pagh-Paan – fekk venta til ein annan gong. Stockhausens musikk krev tid. Idéen skal fullendast – og gjer krav på spelerom for seg.

Same kva var den meditative, årvakne tilstand som utøvarane lukkast skapa ved framføringar av samtlege verk, for meg ei stor oppleving. Konsertane står att som førebels høgdepunkt ved årets festival.

Konsertar

Onsdag 8. oktober
ensemble recherche
Verk av Cecilie Ore, Klaus Huber, Younghi Pagh-Paan og Karlheinz Stockhausen

”Storverk av Stockhausen”, produsert av Norges musikkhøgskole
Med: Kazuko Ihara, Asbjørn Flø, Mats Claesson, Jøran Rudi, Kjell Samkopf, Rob Waring og Kjell Tore Innervik
Verk av Karlheinz Stockhausen

Fredag framførest ”Hymnen” samt fleire komposisjonar av Stockhausen, alt ved Norges musikkhøgskole. Sjå Ultima sine nettsider.

Publisert:

Del: