KOMMENTAR: I sitt andre år som festspeldirektør kan Per Boye Hansen sjå attende på nok ein vellukka festival. ”Nordiske Impulsar” byrjar ta form, tendensar frå fjoråret er ført vidare og kombinert med nye innspel og impulsar. Ved tiltredinga som festspeldirektør fortalte Boye Hansen at han ynskte å arbeida med å snu festspela frå å vera ei feiring av tradisjonen til å verta ein stad der publikum vert utsette for påverknad. Det slår meg, som musikkskribent, at storparten av arrangementa som lever opp til denne ambisjonen er å finna under kategorien scenekunst, skriver Ballades Ida Habbestad i denne kommentaren

Festspillene i Bergen 07 - Bergen/Foto: Helge Skodvin

Av Ida Habbestad

”Festspillene skal være den viktigste møteplassen for kunstnere i Norden” står det i festspela sitt strategiskriv, og festspela er på god veg mot å nå ein slik visjon. For det er ein unik festival.

Med sin unike lokalisering, der mange av arrangementa finn stad innafor eit nokså avgrensa geografisk område, vert dessutan møtestaden meir enn sjølve konsertscena, og møtene finn like gjerne stad i meir tilfeldige samanhengar; på Torgalmenningen, eller i festivalhuset Logen som rommar debattar, kammerkonsertar og er sosial tilhaldsstad etter endt festivaldag.

Premissleverandøren

Med omlag 160 gjennomførte arrangement i løpet av knappe to veker er det nærast umogleg å danna seg eit oversiktleg bilete av festspela. Ei heller den musikalske delen. Ei oppsummering av inntrykka i etterkant må derfor bera preg av kva val ein gjorde i forkant, og sjølvsagt òg av kva ein valde vekk. Ikkje desto mindre, etter gjennomført konsertrute sat eg att med ei fornemming av at dei verkeleg spanande arrangementa under festspela fann stad ein annan plass enn der eg var. Ville val av andre konsertar ha gjeve eit anna inntrykk?

Ved tiltredinga som festspeldirektør målbar Per Boye Hansen at hans ambisjon for festspela var å gjera dei til ein premissleverandør for den offentlege debatten kring kunsten og samfunnet. Han fortalte at han ynskte å arbeida med å snu festspela frå einast å vera ei feiring av tradisjonen til å verta ein stad der publikum vert utsette for påverknad.

Det er eit fantastisk mål – og på mange måtar trur eg at festspela er på god veg. Men det slår meg, som musikkskribent, at storparten av dei arrangementa som lever opp til ambisjonen er å finna under kategorien scenekunst. Av storsatsingar i år kan trekkjast fram Kretakör sine tre produksjonar samt workshopen deira, bestillingsverket ”Eg er vinden” av Jon Fosse, Cullbergballetten sine oppsetjingar og så bortetter. Eg tek meg i å ynskja at det var her eg hadde min kompetanse.

Ikkje for det: Tre av festivalen sine eigne produksjonar låg innanfor rekkjevidde frå eit musikalsk synspunkt. Den kanskje mest utfordrande av alle produksjonane var nettopp Bieito-versjonen av Mozarts opera ”Bortførelsen fra Seraillet”. Likeeins var BIT20 Ensemble på ein spanande måte involvert i Carte Blanches festspelforestilling, med musikk av festspelkomponist Bent Sørensen, og frå eit musikalsk utgangspunkt var det òg spanande å få med seg Tore Vagn Lid sin versjon av ”Die Massnahme” (sjølv om denne nok først og fremst var spanande ut frå eit dramatisk synspunkt).

Feiringa av tradisjonen

Kanskje er eg dermed urettferdig når eg legg vekt på ei slik fornemming. Etter eit raskt blikk på programmet til festspillene sine om lag 45 konsertar er det tydeleg at det også mellom dei reine konsertane finst sterke spor av ein nyskapande tankegang. Opningskonserten inneheldt til dømes musikk av Bent Sørensen, Lutoslawski og Prokofiev, og i den andre konserten i serien ”Nordiske impulsar” sto musikk av Nordheim, Dvorak og Lindberg på programmet. Vidare fekk me mykje ny musikk gjennom dei to konsertane ”Danske Impulsar” og i Sørensen-portrettet.

Likevel, eg sakna at denne tankegangen vart teke endå eit hakk vidare. Anten i form av fleire produksjonar à la Bieito-operaen, ei meir gjennomført programmessig tankegang som ovannenmde; eller med andreverkemiddel – berre ein kunne gje publikummet meir å bryna seg på.

For mitt hovudinntrykk av festspela si konsertside er nok at storparten av konsertane framleis meir er ei feiring av tradisjonen enn eit utspring for diskusjon og påverknad.

I sær gjaldt dette dei 21 konsertane som fann stad i komponistheimane til Grieg, Sæverud og Bull. I komponistheimane er tradisjonen sterk, og eg har forståing for at ei viktig del av verksemda nettopp må vera å ta vare på og formidla kulturarva. Samstundes tviler eg på at dei tre ovannemnde komponistar ville hatt noko i mot at ein tidvis forlet den sterke konsentrasjonen kring musikk av dei og deira samtidige. Ikkje minst gjeld det konsertane til dei unge talentene – som alle er lagde til komponistheimane. Her ligg jo på sett og vis framtida – og det kunne vera nærliggjande å tenkja seg at ein i større grad kunne utfordra dei unge til å laga program som var meir i tråd med Festspela sine visjonar – eller at det hjå dei fanst ynskje om å utfordra Festspela og institusjonen sin konserverande tankegang?

Mellom feiringar og utfordringar

Valet av festspelmusikarar tykkjest gjennom dei to siste år å ha vore meint utfordrande, som noko utanom det vanlege. Trio Mediæval gav i dette intervjuet uttrykk for at dei representerer noko annleis enn den sedvanlege klassiske utøvaren, og i tillegg hadde dei til årets festspel gjort eit imponerande utval av samarbeidspartnarar. Som fleire i ettertid har påpeikt, medførte kanskje ikkje desse kombinasjonane det ekstra løftet for Trioen, men virka tidvis motsatt. Likevel var det eit forsøk, og hadde dei lukkast i prosjektet, hadde kanskje noko av løysinga vore å finna her. Når Per Boye Hansen skriv i sin festspelblogg at kunstnarar ser Festspela som ein arena der dei kan gjera nye ting, og kjem til han med prosjekt dei ikkje får gjort andre stader, er det all grunn til å sjå optimistisk på framtida.

Det må òg leggjast til at det ikkje er nokon ny samtidsmusikkfestival eg ynskjer av festspela. Ved konsertane som for min del står att som dei største høgdepunkta – Julian Rachlin og hans vener sin kammerkonsert i Logen, og Bergen Filharmoniske Orkester si framføring av Mahlers 9. symfoni under avslutningskonserten – var det ikkje årstalet for komposisjonen gjorde skilnaden, men framføringa, som virka høgst aktuell og frisk.

Ein stad, i skjæringspunktet mellom tradisjon og nyskaping, mellom feiringar og utfordringar, meiner eg det likevel finst rom for større grad av eksperimentering. Og eg ser fram til å sjå kva føringar Boye Hansen vil leggja også for konsertprogrammet gjennom dei neste åra. For, som Erik Steinskog uttalte i høve Bieito-operaen: – Jeg vil heller bli provosert og være uenig enn å bli strøket med håret.

Eller, som den tyske anmeldaren i Theater der Zeit skreiv etter Brechts ”Die Massnahme”: “Verden må forandres, den trenger det”, heter det i teksten. Man kunne også si: Teatret må forandres, det trenger det. I Bergen har man allerede begynt”.

Eg skulle ynskt eg kunne skriva det same om konsertprogrammet.

Publisert:

Del: