– Ein har større sjanse for å vera original dersom ein søkjer etter det originale i betydninga ”det opphavlege”. Sjølv om ein ikkje finn opp det nye, er det alltid nye vinklar å sjå noko frå, hevdar Ivan Moody, som har tonesett middelalderdiktet ”Stabat Mater” for Oslo kirkemusikkfestival.

Ivan Moody08-1/Foto: Paige Baker

Av Ida Habbestad

Britiske Ivan Moody har fått ein sentral plass på årets kyrkjemusikkfestival. Med stønad frå Norsk kulturråd har han komponert bestillingsverket ”Stabat Mater” – den sørgjande mor ved krossen. Slik føyer han seg inn på den lange lista av komponistar som har lete seg inspirera av middelalderhymna.

Dette verket – og produksjonen din for øvrig – gjev inntrykk av at historia er viktig for deg. Du er meir oppteken av å peika bakover enn fram?

— I alle fall har eg, som mange andre i vår tid, aldri akseptert avantgarden sin idé om historia som progressiv. Eg trur meir på sirklelrørsla enn den lineære; at me er – og bør vera – i konstant dialog med fortida vår. Og eg trur den konstante leitinga etter originalitet er umogleg. Me kan ikkje alltid laga alt frå byrjinga, eller finna opp alt på nytt, svarer Moody og utdjupar:

— Du kan sjå det tydeleg hjå ein komponist som Ligeti. I hans seine verk, der han så hardt forsøker vera original, er det som om han har ein øydeleggjande frykt for å repetera. Det er fine verk, men han får ikkje til dette friske lenger; der finst ein desperat søken etter det originale. Sjølv meiner eg at ein har større sjanse for å vera original dersom ein søkjer etter det originale i betydninga ”det opphavlege”.

Alt heng saman
Dialog er tydeleg viktig for briten, fødd i London i 1964. Kanskje er dette årsaka til at han noko ukonvensjonelt har valt å bli ortodoks prest?

Med fullførte studier i musikk og teologi i England, og etter rik kontakt med det russisk-ortodokse miljøet i fødebyen, har han i alle fall fordjupa seg i ortodoks teologi i Finland, og har sidan knytta band òg til dei greske tradisjonane.

I dag bur han i Portugal, der han fungerer som dirigent, komponist og prest. I vår samanheng er han kanskje mest kjend for sitt ”gjennombrot” med ”Canticum Canticorum I” som han skreiv for The Hilliard Ensemble, framført over store deler av verda, og sidan som opphavsmann bak ei rekkje større verk, mellom dei oratoriet ”Passion and Resurrection” frå 1992.

Og som han seier: Alt heng saman. For han er det lite eksentrisk eller eksotisk ved å velja det ortodokse; like lite som det er kunstig å vera tilknytt både austleg, vestleg og latinsk tradisjon.

Og der ein i fleire intervju kan lesa om den sterke inspirasjonen frå ortodoks musikk, ser ein dei siste åra òg ei understreking av møtet mellom tradisjonane. Noko som mellom anna har resultert i at ”Stabat Mater” har tekst på gresk, russisk og latin.

Korleis arbeider ein i ein slik variasjon?

— ”Stabat Mater” er jo eit godt døme på dette, meiner Moody. – Stabat Mater-teksten som kjem frå vestleg tradisjon, og som det var kirkemusikkfestivalen som initierte at eg skulle nytta, har ingen plass i den ortodokse tradisjonen. Men der finst mykje i den som finn gjenklang i ortodoks tradisjon, mellom anna i matin-bøner frå langfredag og den finn gjenklang i den bysantinske tradisjonen. Då eg las teksten, tenkte eg dessutan umiddelbart på nokre russiske dikt av Anna Akhmatova, som òg er nært tilknytt ”Stabat Mater”. Så eg delte Stabat Mater i fire seksjonar, eller pilarar. I buene mellom dei, nytta eg den korresponderande teksten.

— Musikalsk har eg arbeidd tilsvarande. Til dei russiske dikta har eg lagt inn ei referanse til russiske korsalmar. Det er ikkje verkelege sitat, men eit materiale som antyder stemninga. Til den bysantinske teksten har eg nytta chant-melodien som høyrer til. Og så er det ein annan referanse frå Sardinia, der eg fleire gonger har opplevd prosesjonane på langfredag. Ein av tekstane dei nyttar, er ein kort versjon av ”Stabat Mater”, så eg siterer også denne musikken i stykket. Dette er altså eitt av mange døme på korleis ein bestemt tekst peikar vidare til andre, også musikalsk.

Så klårt som mogleg
Årsaka til samanstillinga er ei overtyding om at dei ulike tradisjonane har mykje felles grunnlag, fortel komponisten. Der mange i vesten har ein idé om det ortodokse som eksotisk og framandt og der ein finn ortodokse som meiner det intellektuelle vesten har mista mysteriene sine, er Moody av ein annan oppfatting.

— Eg veit at begge deler ikkje stemmer, seier han mildt.

— Når du ser på dei liturgiske tradisjonane, er dei sjølvsagt ulike. Men di lenger tid me går attende i tid, di meir ser me at er felles. Når eg så tenkjer på kor sterkt svekka kristendomen er i den moderne verda, føler eg at eg må gjera dette så klart som mogleg for min eigen del. Eg ynskjer å syna at der er ein link, og at det er nødvendig med ein dialog, ei evne til å stå saman. For meg er dette både eit kulturelt og eit spirituelt standpunkt.

Ut frå dette du seier no, høyrest det ut som sitata, historia og inspirasjonskjeldene er det viktigste i musikken din. Kvar vert det av deg sjølv og din musikk i dette?

— Å, eg trur nok at eg sjølv er heilt klart tilstades, svarer Moody. – For det første er det jo slik at all innhenta musikk vert filtrert gjennom min eigen musikalske personlegdom. Dessutan skiljer musikken min seg frå den liturgiske.

— Du veit, dersom ein ynskjer å laga liturgisk kunst i den ortodokse tradisjonen, er der visse reglar ein må følgja. Det er viktig at du freistar å fjerna egoet ditt, at du gjev deg hen til tradisjonen. Dømevis finst der reglar for korleis ein ikonmålar skal førebua seg mentalt, gjennom faste og spirituelle øvingar. Om eg var ein munk og ville skriva ein chant til ei gudsteneste, ville nokre av desse reglane gjelda også for meg.

— Men eg er altså ein sekulær prest. Eg lever i verda; eg finn det naudsynt å ta del i den. Musikken eg skriv er ikkje liturgisk. Den er konsertmusikk som er inspirert av den kristne spirituelle tradisjonen. Dermed kan den musikalske personlegdomen komma til syne – og det er viktig for meg at den gjer det. Musikken min er absolutt ein kombinasjon av mange inspirasjonskjelder, men den viktigste innfallsvinklen er meg sjølv og korleis eg nyttar materialet. Du kan høyra at det er min musikk. Den gjev seg ikkje ut for å vera noko anna, seier Moody.

Allment symbol?
Jomfru Maria er temaet, både for ”Stabat Mater” og for kyrkjemusikkfestivalen overordna. Du vil i forkant av konserten halda foredrag om den sørgjande Maria framfor krossen – om korleis ho er representert i kunst både i austlege og vestlege tradisjonar. Opplever du at dei ulike tradisjonane har ulike tilnærmingar til henne – at ditt syn på Jomfru Maria skiljer seg frå det protestantiske?

— Ja, i ortodoks tradisjon har nok Maria meir ei rolle som liknar den katolske, utan at eg kan gå inn på alle døme her. Det mest interessante i våre dagar er for så vidt korleis ein i den protestantiske kulturen etterkvart har fått eit mykje opnare tilhøve til henne, det er i alle fall mi røynsle.

— Tidlegare har det nok vore ein tendens til å oversjå Maria i den protestantiske kulturen. Ein har vore redde for å plassera henne for nært Gud, som ei gudinne. For oss er det ikkje slik. Maria inngår som ein mellom mange helgnar – med ei særleg viktig funksjon som Guds mor. Definisjonen av Kristus som heilt gudommeleg og heilt menneske ville vera umogleg utan henne. Og når du ser henne avbilda på ikonar er ho alltid saman med Kristus – som den som peikar til han.

Kva betydning meiner du ho har for menneske av i dag?

Kanskje ser me i dag eit meir utvida bilete av henne. I kunsten er der jo etterkvart fleire bilete av den lidande Maria, som desse Rilke-dikta til dømes, som Andrew Smith har arbeidd med og som vert framført under festivalen. Eller Anna Ahmateva som jo ikkje skriv liturgiske dikt, men som refererer til det religiøse biletet av ei Maria som Guds mor, men òg som eit symbol på alle menneske si mor. I ”Stabat Mater” vert ho i tillegg eit bilete på ei mor som har mista barnet sitt – eit ganske kraftfullt symbol for alle som har opplevd dette. Slik sett meiner eg ho er relevant på eit universelt plan i dag.

Ein enorm diamant
Me har vore inne på dialogen, mellom det austleg og det vestlege – samt dialogen mellom det nye og det gamle. Og ikkje minst mellom det verdslege og det sekulære. Kva skjer i spaningsfeltet mellom desse?

— Først og fremst er det snakk om dialogen med ein ide, svarer Moody.

— Men resultatet kan ta mange former. Sjølv om ein ikkje finn opp det nye, er det alltid nye vinklar å sjå noko frå; som ein enorm diamant, med utallige sider, som alltid reflekterer nok nytt.

Kanskje er det dette som gjer at menneska har eit behov for å uttrykka seg kreativt; behovet me har for å sjå nye ting, å engasjera oss i verda kring oss. Eg meiner at musikken som har kommen til i ein bestem periode, seier noko om perioden, og vice versa. Slik konteksten har alt å seia for William Bird skreiv sine heilt små skalerte verk i tida då katolikkane byrja bli undertrykte etter reformasjonen i England (på 1500-talet, red anm.). Eller for den del, dei hendingar som gjorde at ein på eit tidspunkt følte behov for å frigera seg frå tonaliteten, medan det i dag kan virka som me lever på eit platå der det meste er mogleg estetisk sett. For meg syner det heilt enkel at musikken reflekterer kva som går føre seg i verda, seier Moody;

— Gjennom musikk og kunst er me med på å definera oss sjølve historisk.

Stabat Mater vert urframført under Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival, søndag 22. mars i Margaretakyrkan. Også eit anna Stabat Mater får plass under festivalen, Pergolesi sin versjon, framført av Accademia Bizantina. Fullstendig programoversikt finn du her.

Publisert:

Del: