Laurdag startar den første Open form-festivalen i Oslo. Ei rekkje unge utøvarar og akademikarar står bak prosjektet, der mellom andre Christian Wolff – den siste attlevande av komponistane som var med på å skapa tradisjonen – er invitert. Gjennom festivalen skal publikum få oppleva førebuing så vel som konsertar. – Normalt kjem jo gjestar til ein festival og jobbar nærast i løyndom før dei presenterer resultatet. Me ynskjer at publikum skal ha høve til å følgja med heile vegen, seier Else Olsen S. til Ballade.

Else Olsen S. (Foto: Elisabeth Tønnesen)

Av Ida Habbestad

I fjor erklærte ei gruppe unge utøvarar og akademikarar revolusjon i John Cages ånd.

”Mozart, Rachmaninoff og Grieg har lenge stått som selvsagt repertoar hos instrumentalister, Nå er det en revolusjon i emning – i John Cages ånd”, var bodskapet; ”Vi vil slippe interpreten løs og frigi ny musikk. Brenn alle svarte notehoder og lange notelinjer – leve den åpne form!”.

I fjor vart det altså festival i Trondheim, der John Cages verk sto i fokus.

Når Mia Göran (stipendiat Universitetet i Oslo) Guro Rønningsgrind (stipend NTNU), Magnus Andersson (stipendiat Norges musikkhøgskole), Andreas Engström (stipendiat Universitetet i Stockholm), Ella Ursin Steen (Norges Idrettshøgskole) og Else Olsen S. (stipendiat Norges musikkhøgskole) atter inviterer til festival, kan det teikna på at festivalen er kommen for å bli.

Festivalsjef Else Olsen S er likevel forbehalden i sin første kommentar:

— Framleis veit ein jo ikkje om dette vil bli eit eingongs foretak eller noko som får halda fram. Me er avhengige av idealisme og at mange jobbar gratis med dette, seier ho, men legg til:

— Når det er sagt, er ikkje dette berre ein vidareføring frå i fjor; det er eit høgdepunkt!

Fokus på prosessen

Under fjorårets arrangement i Trondheim, presenterte de foredrag og to konsertar. Kva røynsler har de med dykk frå sist?

— I fjor var det meir fokus på det akademiske, og me hadde berre to konsertar. I år har me lagt vekt på prosessen – å få synt fram korleis me arbeider. Normalt kjem jo gjestar til ein festival og jobbar nærast i løyndom før dei presenterer resultatet. Me ynskjer at publikum skal ha høve til å følgja med heile vegen, seier Olsen S.

— Men det store høgdepunktet består i at me får besøk av Christian Wolff. Wolff er den siste attlevande av dei store New York-komponistane, og det er ganske spesielt å få vera i kontakt med ein som faktisk var der, ein som har førstehandsinformasjon om desse tinga. Snart kan ein ikkje det lenger.

Wolff skal ha meisterklasser i helga og me får høyra ein del av komposisjonane hans?

— Ja, mellom anna eit heilt nytt verk. Wolff sine verk er av dei som verkeleg er opne; Cage var mykje strengare på mange punkt. Cage kan til dømes leggja føringar som går på at du skal spela ting på millisekundet, medan Wolff som regel berre gjev indikasjonar om korleis du skal spela, ikkje kva. Han teiknar symbol som skal seia noko om klangfarge og tekstur, men så er det andre ting du må ta stilling til, heilt fritt.

Ei redsle for å kopiera

På tirsdag er det seminar, der ein mellom anna vil skoda attende i tid og spørja kva relevans dette komposisjonsprinsippet har i dag. Kva meiner du sjølv?

— Dei teknikkane som dei er nytta i verka av komponistane me får høyra på tirsdag er like relevante som dei andre teknikkane me tek i bruk i dag. Eg har eit inntrykk av at det er ei slik redsle for å kopiera i dag; ein vil ikkje kopiera Prokofiev, og ein vil heller ikkje kopiera Cage. Men dei fleste teknikkar kan jo sporast attende til noko som er skjedd tidlegare. Det skjedde ein eksplosjon på 50-talet, som har ført oss fram til der me er no. Då er det for dumt å binda seg fast ved å seia at dette gjorde Cage, så det kan ikkje eg. Det er jo måten ein byggjer det opp som er viktig, seier Olsen S.

— Eg plar samanlikna det med instrumenta. Saxofonen var jo ny ein gong, men instrumenta må jo utvikla seg; me nyttar dei, men me nytter dei på vår måte. Eg opplever til dømes at stadig fleire let seg inspirera av preparert piano, det virkar som komponistane byrjar forstå at det faktisk er eit instrument, og ikkje noko ein berre assisoierer med John Cage. Og ein nyttar jo datamaskina som eit nytt instrument heile tida, sjølv om andre har gjort det før.

Forskinga utgangspunkt

— Elles vil eg nemna at samarbeidet mellom akademikarar og utøvarar er spesielt; det skjer jo nesten aldri! seier Olsen S.

— Vanlegvis held utøvarane på for seg, me dokumenterer lite og veit ikkje alltid kva me gjorde, medan akademikarane sit og skriv for seg sjølv. I dette prosjektet er forskinga utgangspunktet, me har hatt fleire samlingar der me tek for oss verk, me diskuterer dei, ganske heftig av og til.

Kvifor vert det så heftig?

— Det handlar om tolking, seier Olsen S. – Og det handlar om at Cage var så paradoksal. Og kanskje også om måten me snakkar på; akademikarane har ein akademisk måte å leggja fram ting på, medan musikarane heller sier det rett ut. Det er ganske spanande, eigentleg; utøvarane må tenkja seg om når dei snakkar med akademikarane, medan akademikarane må freista forstå musikarane.

Større interesse for open form

Else Olsen S er nyleg heimkomen frå eit lengre studieopphold i New York. Korleis er miljøet for open form der?

— Det er jo eit miljø for nesten alt i New York. Men eg underviste nettopp på Manhattan School of Music, i USA, og der visste dei ikkje så mykje om desse tinga, sjølv om det deira tradisjon. Du veit – det er jo ekstremt mykje arbeid for ein utøvar å gå inn i dette. Du kan ikkje berre ta notene og setja på fingersetjingar, og byrja øva. I staden må du må tolka notene: kva seier denne streken om pitch, kva seier dette partituret om rom og luft? Prøvetida vert fordobla, minst.

Etter forhåndsomtalen å dømma, har dimensjonane for arrangementet vakse, både i utstrekning, antal arrangement og medverkande. Fleire etablerte institusjonar har dessutan bidratt med stønad til arrangementa.

Det virkar som ein i løpet av kort tid har klart å skapa eit større fokus kring denne tradisjonen her i landet?

— Ja, det er eit større apparat som har stilt seg bak oss. Det er gjort nokre grep på musikkhøgskulen i det siste, som er veldig positive. Eg merkar òg at mange utøvarar som er med på dette, verkeleg vert inspirerte; at det er eit behov for å ta tak i denne tradisjonen som nærast er gløymt. Og så vonar me jo at dette kan bidra til å skapa ytterlegare inspirasjon! avsluttar Olsen S.

Fullstendig programinformasjon på denne sida.

Publisert:

Del: