INTERVJU: Ensemblet Apartment House vitjar Høvikodden denne helga, der dei framfører sin hyllestkonsert til John Cage. Namnet har dei henta frå eitt av Cage sine verk, og hjernen bak ensemblet, Anton Lukoszevieze forklarer årsaka bak namnevalet. – Eg likar å tenkja at når eg lagar eit konsertprogram, er det som å gå frå rom til rom i eit hus. Bakom kvar dør finst eit nytt rom, og ein konsert kan sjåast som ei reise gjennom ulike slike konseptuelle rom, seier Lukoszevieze til Ballade.

Apartment House

Av Ida Habbestad

Med konsertserien Høvikodden Live ynskjer Henie Onstad Kunstsenter å ta opp tråden fra 60-tallet, då senteret presenterte ei rekkje sentrale artistar i si samtid. Frå i dag av og i ein månad framover har dei invitert ei rekkje artistar og utøvarar til å bidra med sine prosjekt – i dette første året med eit blikk på nettopp historia frå 60- og 70-talet.

Førstkomande laurdag kan dermed samtidsensemblet Apartment House opplevast på Henie Onstad-senteret. Ensemblet som vart etablert i 1995 av cellisten Anton Lukoszevieze er kjend for sin opne tankegang og for program som strekkjer seg frå performance, teater og happenings til hardcore avantgarde instrumentalmusikk.

Til Henie Onstad er dei inviterte for å laga ein slags hyllestkonsert til John Cage – noko som er naturleg sidan ensemblet har henta namnet sitt frå eitt av Cage sine verk. På spørsmål om kvifor ensemblet har valt å kalla seg ”Apartment House”, svarer Lukoszevieze følgjande:

— Det er ikkje tilfeldig at det er John Cage sitt verk som har gjeve namn til gruppa. Eg elskar verka hans; ikkje berre musikken, men òg det skriftlege arbeidet og alt det andre han har gjort. På mange måtar er han jo gudfar til den moderne amerikanske musikken, og eg trur at mykje av årsaka til det handlar om korleis han opna ting opp. Han opna vindaga og let alt komma inn!

”Apartment House” gjenspeglar noko av Lukoszevieze programmessige tankegang, fortel cellisten.

— Eg leitte etter eit namn som ikkje var standard. Å oppkalla ensemblet etter ein av oss ville vore keisamt – og difor var eg heller på leiting etter eit namn som var funksjonelt, som kunne seia noko om ensemblet. Det huslege bildet me enda opp med, likar eg godt. Eg likar å tenkja at når eg lagar eit konsertprogram, er det som å gå frå rom til rom i eit hus. Bakom kvar dør finst eit nytt rom, og ein konsert kan sjåast som ei reise gjennom ulike slike konseptuelle rom, seier han.

I Cage sitt hus

Dei konseptuelle romma under den føreståande konserten befinn seg alle i Cage sitt hus, og Lukoszevieze utdjupar sitt utgangspunkt for programvalet.

— På ein måte er eg nesten litt lei av Cage – eg har gjort så mykje av musikken hans! Då eg fekk spørsmål frå Henie Onstad om me kunne gjera noko basert på Cage var det dermed litt ambivalent – men det enda opp med at me tok utgangspunkt i ”Song Books”, som då det vart skrive representerte ei ny retning for Cage. Etter at han gjennom 60-åra hadde arbeidd mykje med Merce Cunningham, og verka hans i denne perioden hadde utvikla seg mot det tette og komplekse, virka det som han mot slutten av tiåret møtte ein vegg. For meg tykkjest det som han bestemte seg for å sjå attende til arbeidet i 50-åra for å komma ut av det, seier Lukoszevieze.

Ei årsak til å velja ”Song Books” er òg at det har vore til inspirasjon for ein annan komponist; Amnon Wolman, og eit verk som Lukoszevieze gjerne ville ha med. I verket ”Marilyns93/in Cage” hentar tilfører nemleg Wolman ei etterlengta fysisk side ved Cage, meiner Lukoszevieze.

— Amnon Wolman var homofil og open om det, medan Cage når han fekk spørsmål om sin seksualitet ganske sterkt gav uttrykk for at denne var ei privat sak. Wolman tykte det var trist at Cage ikkje kunne vera open kring desse tilhøva, og i verket ”Marilyns93/in Cage” har han ynskt å utfordra eller tilføra noko fysisk til Cages musikk. Han tok utgangspunkt i ”Song Books” og nytta metoder frå ”I ching” til å kutta det opp, og han laga ein collage av dette materialet samt opptak av Marilyn Monroe der ho syng om kjærleik og tildraging, fortel han.

Å førebua seg på å vera fri

Den vidare lista over verk gjenspeglar alle ein eller annan form for tilknytning til Cage. Her er verk av Hans Koch som har henvisningar til komponisten alt i tittelen (”a portrait of the audience from inside the cage /Bandoneonbook”), eit stykke av Alvin Lucier, som Lukoszevieze framheld som ekstremt vakkert av di det, som han seier,representerer ein annan openhet. Og det er verk av den engelske komponisten, Christopher Fox som i mellom sine korte stykke har plassert små Cage-historier, henta frå ”In Silence”.

Kva utfordringar meiner så Lukoszevieze utøvarane møter i denne musikken?

— Ulike komponistar krev ulike formar for førebuing, og det er ulike utfordringar knytt til kvar av dei. Berre det å gå over scena på ein bestemt måte kan jo vera ei stor utfordring svarer Lukoszevieze.

— Ser ein på reint tekniske spørsmål er det gjerne enklare å framføra Cage enn Xenakis, men det som verkeleg kan vera vanskeleg i framføringar av Cage er å få førebudd seg på å vera merksam, å førebua seg på å skulle gjera seg heilt fri og konsentrert i konsertsituasjonen.

Lite repetisjon

Apartment House har om lag 25 medlemmer, men antalet medverkande musikarar varierer frå konsert til konsert. Til Henie Onstad kjem Christopher Fox, Loré Lixenberg, Philip Thomas, Anton Lukoszevieze og Hans W. Koch.

— Einkvar som har spelt i bandet er per definisjon medlem, seier Lukoszevieze, og forklarer at han fekk ideen til ensemblet då han bryja bli lei av einast å gjennomføra andre folks idear. Det byrja i det stille, men har stadig utvida seg, og gjennom dei siste 10 åra har ensemblet gjort ei rekkje konsertar over heile Europa. Likevel er det ikkje gull og glitter og omfattande turnear som freistar, fortel cellisten.

— Eg ynskjer ikkje eigentleg å gjera nokon stor karriere og reisa over heile verda; eg likar veldig godt å vera heime i hagen min, seier Lukoszevieze. – Formålet er meir å vera med på vegen, å få nye opplevingar, og dessutan å skapa nye ting til folk, å få ting til å skje.

Å henga seg opp i ein ting for så å framføra det igjen og igjen er heller ikkje noko for Lukoszevieze.

— Eg repeterar sjeldan program, og reiser sjeldan ut på fleire turnear med det same programmet, seier han. – Det medfører sjølvsagt mykje jobb – og eg skulle ynskja det fanst større høve for å gjera den same konserten fleire gonger – til dømes ei veke – på same stad, før ein legg materialet frå seg. Det ville nok ikkje komma nok publikum, men det same publikummet ville kanskje komma att – for konsertane ville nok bli heilt ulike.

Den verkelege skandalen

Høvikodden Live feirar ein tradisjon som dei etablerte der i 70-åra, og som me i dag ser attende på med nostalgi og respekt. Det som skjedde der tyktest vera så stort, så aktuelt, og ikkje minst vakte det store debattar i samtida. Korleis ser du på den samtidsmusikalske stoda i dag?

— Verda er jo så mykje mindre i dag, og kanskje hadde dei fleste nyheter større kraft og evne til å sjokkera før, seier Lukoszevieze.

— Men eg trur det er framleis er mogleg å frambringa ei viss kraft i desse uttrykka, både i ei restrospektiv tilnærming der ein tek opp att til dømes Paik sine performances – slik ein jo klarer å halda den langt eldre Shakespeare aktuell. Eg trur òg det er mogleg å provosera med nyare uttrykk – og at mykje av dette er opp til utøvaren. Når det er sagt, er eg ikkje så viss på om utøvaren nødvendigvis vil skapa skandaler – eg er i alle fall ikkje så oppteken av det, seier Lukoszevieze.

— Den verkelege skandalen i dag er nok heller korleis så mykje av musikkindustrien – og det at me i det heile har noko som me kallar ein musikkindustri – er keisam. Å kjeda folk – det er det som er skandaløst i dag.

Apartment House har konsert på Henie Onstad Kunstsenter laurdag 25. august kl 20.00
Ensemblet består for høvet av Christopher Fox (voice) Loré Lixenberg (mezzo-soprano), Philip Thomas (piano) Anton Lukoszevieze (cello) og Hans W. Koch (laptop)

Publisert:

Del: